FOTO: Designa av Helle Cecilie Palmer

No kan du høyre Agenda Magasin som podcast!

Utvalte kommentarar frå Agenda Magasin blir no spelte inn og gitt ut som podcast! Du finn dei for eksempel på Spotify, Apple Podcasts eller i podcastspelaren om du søkjer opp Hør Agenda Magasin.

Denne veka kan du høyre Trygve Svensson sin kommentar om storstreiken sist veke. Du kan også høyre Helle Cecilie Palmer utfordre debatten om arbeidslina, Thor Olav Iversen skildre kvifor økonomane kranglar om renta, eller Trine Østereng sin tekst om Titanic og klasseforskjellar i helse. Om du følgjer podcasten, får du kvar veke nye kommentarar servert rett inn i feeden. 

Kvar lydsnutt er på rundt fem minutt, så du rekk fint å lytte gjennom medan du sit på t-bana eller brettar klær.

Om du ønskjer å lytte til eit lengre politisk show, gir Agenda Magasin også ut den lengre podcasten Noen har snakket sammen. Der snakkar Axel Fjeldavli og Tiril Rustad Halvorsen med spennande gjester om aktuelle politiske emner. Den ligg også ute i alle podcastflater.