FOTO: Skjermdump fra YouTube

Den feilaktige trua på at vi får lønn som fortent

I praksis fungerer tenkinga om at einkvan er si eiga lukkes smed, meir som ei rettferdiggjering av ekstreme økonomiske forskjellar enn som ein presis samfunnsanalyse.

Jeg er som folk flest
Jeg vil være fri
Til å velge selv
Å få leve i fred
Jeg tror at vi skal få
Slik som vi gir
Og at hver og en
Er sin egen lykkesmed

På ei mørklagt scene, med raudt, skinande lys i bakgrunnen, blei denne songen framført offentleg for fyrste gong 22. mai 2009. Christian Ingebrigtsen, kjent frå boybandet A1, var leigd inn for å komponere og framføre ein song om det politiske prosjektet til Frp. Resultatet blei ein patosfylt buljongterning av partiets ideologi. Låta er i dag spelt av 68 000 gongar på YouTube.

15 år seinare finn vi mange av dei same ideane i partiets program, om enn i eit tørrare språk:

«Inntektsfordelingen i samfunnet skal først og fremst være et resultat av den enkeltes frie valg til å verdsette arbeidsinnsats, inntekt og fritid. Skattesystemet skal være omfordelende, men ikke utligne forskjeller i inntekt som følger av menneskers frie valg.»

Frps analyse av korleis samfunnet fordeler gode mellom folk, er galen.

Frps ideologi tar utgangspunkt i ein tanke om at vi alle kan velje våre liv. Tar vi dei rette vala, kan det gå oss godt. Og orkar vi å jobbe nok, vil det betale seg i form av høgare inntekt. Frp-medlemer er ikkje åleine om å tenkje på denne måten. Ei svensk meiningsmåling viste at tre av fire svenskar meinte at hardt arbeid avgjer kor mykje framgang folk har i livet. I Storbritannia meinte 76 prosent at hardt arbeid var avgjerande eller veldig viktig for å avgjere om nokon fekk suksess.

Frps analyse av korleis samfunnet fordeler gode mellom folk, er galen. (…) I praksis fungerer tenkinga om at einkvan er si eiga lukkes smed, meir som ei rettferdiggjering av ekstreme økonomiske forskjellar enn som ein presis samfunnsanalyse.

Flaks og uflaks

«Vi vet at finansiell rikdom har sin opprinnelse i kombinasjonen av hardt arbeid og risiko. Det er viljen til å ta risiko, og evnen til å leve med den, som er den kritiske suksessfaktoren i rikdom. Ofte går det feil, og da taper en mye eller alt av innsatsen. Men er en flink, arbeidende og kanskje litt heldig, kommer rikdommen.»

Dette skreiv rådgivar og investor Alexander Munch-Thore i DN 21. mars 2023. Han peikar, som Frp, på hardt arbeid som årsaka til at nokon blir rike. Det er ikkje vanskeleg å tru på at arbeidsinnsats har noko å seie for korleis det går med folk økonomisk. Likevel er det blindsoner i Munch-Thores perspektiv. For andre grupper jobbar også hardt. Og dei får svært lite igjen for det.

Dette er eit eksempel på at ei rekke grupper i samfunnet kan jobbe så hardt som berre det, utan at det garanterer dei noko som helst økonomisk.

Eit av dei hardaste yrka eg kan tenkje meg, er varebilsjåfør. Her er det køyring året rundt, også gjennom kalde netter og når det er isete og dårleg brøyta vegar. Det kan vere mangel på parkeringsplass når ein kjem fram og skal levere varene, kombinert med tunge, krøkkete løft. Samtidig er lønna låg, og det er mykje svart arbeid.

Ei undersøking gjennomført av A-krimsenteret, som er eit samarbeid mellom politiet, Arbeidstilsynet og ei rekke andre statlege aktørar, fann ut at det i 2022 var indikasjonar på svart arbeid i nesten ein tredel av varebilane dei sjekka. Dette er eit eksempel på at ei rekke grupper i samfunnet kan jobbe så hardt som berre det, utan at det garanterer dei noko som helst økonomisk.

Det kan også vere yrkesgrupper der det er lite arbeidslivskriminalitet, men der oppgåvene berre er harde, utan at det gir grunn til å juble når ein ser på bankkontoen likevel. Tilsette i barnehagar må for eksempel ofte slutte å jobbe før dei når pensjonsalder. Heile ein av tre sluttar i arbeidslivet før dei fyller 63 år. Grunnen er at yrket er krevjande fysisk og mentalt, noko som gjer det vanskeleg å stå i jobb til pensjonsalder. Det kan ein tape mykje pengar på. Då kan du vere så pliktoppfyllande og hardtarbeidande du berre vil, men du kjem ikkje på samfunnets økonomiske solside av den grunn.

Vi kan vere heldige og bli fødde inn i ein rik, velutdanna familie i eit rikt land, eller vekse opp som foreldrelause i eit fattig land.

(…) Kva familie vi er fødd inn i, gir oss ei rekke strukturelle fortrinn eller ulemper både i barnehage, skule og yrkesliv. Og ikkje minst betyr det mykje helsemessig. Vi startar ikkje livet ved den same startstreken. Men om vi vil, for tankeleikens skyld, sjå føre oss at politikarane klarte å jamne ut desse fortrinna og ulempene då vi blei fødde, sånn at vi hadde heilt like sjansar til å få dei høgast lønte jobbane, hadde det likevel vore vanskeleg å kompensere for sjølve livet. Plutseleg kan ting skje.

Vi kan få alvorleg sjuke barn. Vi kan bli utsette for vald og overgrep som påverkar helse og arbeidsførheit seinare. Vi kan oppleve at det blir krig i landet vårt, så vi plutseleg må flykte til eit anna land, slik som titusenvis av ukrainarar som no bur i Noreg, har opplevd. Dette er skjebneformande hendingar som ingen av oss har kontroll over. Men dei har store konsekvensar for sjansane vi har til å få ei trygg inntekt, uavhengig av arbeidsinnsats.

Dette lotteriet av eit liv blir kanskje tydelegare om vi ser på økonomiske forskjellar i eit globalt perspektiv. Vi kan vere heldige og bli fødde inn i ein rik, velutdanna familie i eit rikt land, eller vekse opp som foreldrelause i eit fattig land. Ifølgje den svenske økonomen Jesper Roine har ein gjennomsnittleg nordmann i snitt 850 000 kroner i formue. Ein innbyggar i Den sentralafrikanske republikk har 85 000 kroner.

Skal vi forklare denne forskjellen, blir det feil å starte med at den gjennomsnittlege nordmann har tatt betre val eller jobbar hardare enn den gjennomsnittlege sentralafrikanar. Vi er fødde inn i heilt ulike samfunn – eit fattig og eit rikt land, med ulik kolonihistorie og ulike skulevesen, velferdsstatar, jobbsjansar og utdanningstilbod.

Det er altså ikkje ein direkte samanheng mellom talet på nedlagde arbeidstimar og økonomisk situasjon.

Folk som bur i låginntektsland, jobbar fleire arbeidstimar enn folk som bur i rike land. Internt i land er det sånn at dei med dei høgaste inntektene, jobbar om lag like mykje som dei med dei lågaste, igjen ifølgje økonomen Roine. Det er altså ikkje ein direkte samanheng mellom talet på nedlagde arbeidstimar og økonomisk situasjon. Det er med andre ord vanskeleg å seie at arbeidsinnsats er den viktigaste faktoren som påverkar kva inntekt og formue vi får.

 Teksten er eit lett omarbeida utdrag fra Trine Østerengs bok Farlege forskjellar. Kvifor stor økonomisk ulikskap er eit samfunnsproblem, publisert av Res Publica. Forlaget Res Publica og Agenda Magasin er del av samme selskap. Utdraget er oppdatert (kl.10.oo, 14/5) med det endelige programmet, mai 2025. 

Nyhetsbrev Agenda Magasin