FOTO: Fra filmen

Vår tid er også klasseforskjellanes tid

Visste du at det er ein samanheng mellom inntekt og levealder?

I 1997 kom ein film som rysta mange av oss. Rose og Jack gjekk om bord på klasseskillets skip og fann kjærleiken. Så sank båten ned i det iskalde vatnet, og Rose overlevde, men ikkje Jack. Filmen fekk ti år gamle meg til å tapetsere rommet mitt med Leonardo di Caprio.

Titanic var på 1990-talet ei historie om ei tid som var forbi, ein samfunnsorden me hadde lagt bak oss.

Men filmen var ikkje berre romantikk. Den var også eit oppgjer med eit samfunn med for store forskjellar. Rose valte bort det konforme fyrsteklasseslivet for å kunne leve fullt og heilt som seg sjølv lenger ned i hierarkiet. Det var likevel ikkje tvil om at levekåra var langt tøffare på tredje klasse. Klasseskillets samfunn var ikkje eit godt samfunn.

Titanic var på 1990-talet ei historie om ei tid som var forbi, ein samfunnsorden me hadde lagt bak oss. Me hadde på fått gratis fellesskular, barnetrygd, eit godt offentleg helsevesen og lite synleg fattigdom. På danskebåten, som var det nærmaste mange av oss kom Titanic på den tida, møttes me liksom alle over parfyme- og lakrishyllene på taxfreen, uansett bakgrunn. Det var ingen strenge vaktar som nekta nokon å gå inn i restauranten fordi dei var for fattige.

Mykje av forskjellen i levealder mellom rik og fattig kan forklarast med at inntekt ofte er kopla til levevaner og levekår som er meir eller mindre sunne.

Difor er det overraskande for mange av oss når me får høyre om dei store ulikheitene me fortsatt har rundt oss i verda i dag. Oxfam fortalte for eksempel i førre veke at den rikaste prosenten har fått 2/3 av all vekst i formue i verda sidan 2020. Det er heilt vilt.

Det kanskje aller mest overraskande rundt sosiale ulikheitar her i Noreg, er ikkje kor store dei er eller at dei fortsett å auke, men korleis økonomiske forskjellar er kopla til helse.

Den rikaste prosenten blant norske innbyggarar lever omtrent 14 år lenger enn prosenten med lågast inntekt i Noreg. Dette gjeld for menn. For kvinner er skilnaden 8 år. Det er nesten like stor forskjell i levealder mellom fattig og rik her som det er i USA.

Tenk kor stor del av livet 14 år er. Dei fyrste 14 åra av livet rekk ein barnehage, barneskule og ein god slump av ungdomsskulen. Ein lærer å gå, snakke, få vener, sykle og skrive skulestil. Det burde vere ein felles ambisjon å sørge for at den fattigaste prosenten av befolkninga ikkje går 14 år i minus.

Mykje av forskjellen i levealder mellom rik og fattig kan forklarast med at inntekt ofte er kopla til levevaner og levekår som er meir eller mindre sunne. Låginntektsyrke har langt større utfordringar rundt helse, miljø og tryggleik på jobb, som påverkar levealder. Og røyking er for eksempel langt meir vanleg i låginntektsgruppene, og det påverkar levealder. Samtidig går mange ned i inntekt når dei får dårlegare helse. Men desse faktorane er ikkje heile forklaringa åleine.

Folkehelseinstituttet argumenterer difor for at det må setjast i verk tiltak på ei rekke område.

Folkehelseinstituttet peikar på det dei kallar ein sosioøkonomisk gradient kobla til folkehelse. Det er eit vanskeleg ord, men me kan eigentleg kalle det ei ulikheitstrapp. Folka på dei nedste trinna har dei tøffaste økonomiske vilkåra, men også dei største helseutfordringane, sett på gruppenivå. Mens folka på toppen har mest pengar, og også best helse.

Det rare er at helsa ikkje sluttar å bli betre når me kjem opp til middelklassens trappenivå, der dei fleste materielle behov for trivsel og velferd ser ut til å vere dekka. Nei, den gjennomsnittlege helsa blir også gradvis betre jo rikare folk blir, og sånn er det heilt til toppen av inntektsstigen.

Kanskje denne «ulikheitstrappa» også kan forklare nokre av motsetnadene i den sosialpolitiske debatten? Det er lettare å tenkje at krav om oppmøte og utfylling av ei rekke skjema for å få økonomisk stønad er naudsynt dersom ein er frisk sjølv og har høgare utdaning. Oppgåver som framstår overkommelege på toppen av trappa, kan vere langt meir krevjande for dei som står nedst og kanskje må sjonglere det å forstå vanskeleg språk frå NAV med vond rygg og halvtomt kjøleskap.

Forskaren Keith Payne har studert korleis relativ fattigdom, det å ha mindre enn dei rundt seg, påverkar vår mentale helse negativt. Denne effekten slår også inn for dei som er relativt høgt oppe på inntektsstigen. Stor ulikheit er skadeleg for oss alle, også for mange av dei rikaste.

Dette er verdt å diskutere meir. For vår tid er også klasseforskjellanes tid.

Samanhengane her er kompliserte og vanskelege å forske på. Det er ikkje sånn at auka inntekt til ein person vil gi betre helse med eit knips. Folkehelse og sosial ulikheit handlar om samfunnstrekk, buområde, foreldres utdaning, kvaliteten på skular, fritidstilbod i nærområdet og mykje meir.

Folkehelseinstituttet argumenterer difor for at det må setjast i verk tiltak på ei rekke område – ein må redusere ulikheit i inntekt, men også gjere det same innanfor bustad, utdaning og arbeid. I tillegg kjem tiltak som å forebygge røyking og usunt alkoholkonsum. Til slutt tilrår dei også at helsevesenet sjølv i større grad bidrar til å redusere ulikheit.

Dette betyr likevel at diskusjonen om skattenivå og kor mykje me skal omfordele her i landet, på eit eller anna indirekte vis også handlar om kor stor forskjell i helse og levealder me skal ha.

Dette er verdt å diskutere meir. For vår tid er også klasseforskjellanes tid. Dei er ikkje så synlege som på Titanic. Men kanskje det er fordi dei rikaste no drar på ferie på sin eigne cruisebåtar, utan at resten av oss får vere med.

(Teksten er også publisert i Dagsavisen.)