FOTO: Ulf Palm/TT / NTB

Økofascismen – eit historisk spøkelse i klimadebatten

Det finst også i våre samfunn i dag ei høgreside med røter tilbake til nazismen og fascismen. Denne rørsla ber med seg delar av den forma for økologisk tankegods som blei utvikla i første del av 1900-talet.

I dagens klimadebatt blir gjerne dei antidemokratiske straumdraga knytte til venstresida. Klimaskeptikarar og andre som vil mistenkeleggjere klimaaktivistar, omtalar dei gjerne som politiske vassmelonar: grøne på utsida og raude inni. Med andre ord – klimaaktivismen er ei fordekt form for venstrepolitikk og sosialisme. Det finst opplagt venstreradikale aktivistar som er minst like opptatt av å få avskaffa kapitalismen, som av å få bukt med den globale oppvarminga. Dei er i alle fall overtydde om at det første er eit absolutt vilkår for å oppnå det andre.[1]

Men i eit lengre historisk perspektiv er det ikkje venstresida, men element på den ekstreme høgresida, som har forankra sitt verdsbilde i økologisk tenking og som vil forme samfunnet etter økologiske prinsipp. Den menneskeforakta og mangelen på respekt for menneskerettar som vi kan lese ut av den ekstreme djupøkologien, har sine svarte og brune røter i tankegods med mykje lengre historie, enn til da Arne Næss sette merkelappen djupøkologi på ideen om ei grunnleggande økologisk basert organisering av samfunnet.

I eit lengre historisk perspektiv er det ikkje venstresida, men element på den ekstreme høgresida, som har forankra sitt verdsbilde i økologisk tenking og som vil forme samfunnet etter økologiske prinsipp.

Den tyske zoologen Ernst Haeckel er opphavsmann til omgrepet økologi. For Haeckel hang natur og samfunn saman i ein total heilskap. Han bygde tenkinga si på Darwin si evolusjonslære, men overførte denne til også å gjelde utviklinga av samfunnet, derav omgrepet sosialdarwinisme.[2] Her finn vi også det teoretiske grunnlaget for rasismen: Nokre deler av menneskeslekta har komme lenger i utvikling enn andre, og overgangen mellom menneske og dyr er berre ein gradsskilnad. Følgjeleg kunne Haeckel hevde at skilnaden på dei mest høgtståande og mest lågtståande menneska, er større enn skilnaden på dei mest lågtståande menneska og dei mest høgtståande dyra. Haeckels lære kom til å utgjere eit viktig teoretisk grunnlag for den seinare utviklinga av nazismen.[3]

Den tyske zoologen Ernst Heackel. Foto: Nicola Perscheid/Wikimedia Commons.

I tradisjonen etter Haeckel, fra slutten av 1800-talet og utetter på 1900-talet, vaks det fram ei sterkt høgreorientert økologisk rørsle i Tyskland. Den hevda at det fanst ein «naturens orden» som måtte styre også organiseringa av samfunnet, og at svært mykje av den utviklinga som skjedde, verka til å bryte ned denne naturlege ordenen.

Overgangen fra jordbrukssamfunn til industrisamfunn, urbanisering og mobilitet verka til å øydelegge den, mellom anna ved å føre til raseblanding, samtidig som naturen vart rasert av forureining og utrydding av artar. Eit halvt hundreår før Rachel Carson skriv si dystopiske framtidsfortelling om Den tause våren utan fuglesong, kunne den tyske filosofen Ludwig Klages skrive at:

«Overalt der bestanden av songfuglar forsvinn, vil vi finne ei umåteleg spreiing av insekt og  åmer som kan sette til livs ein heile vingardar og skogar i løpet av nokre dagar.» [4]

Ludwig Klages såg årsaka til forfallet i verda, og til raseringa av naturens orden, i opplysningstida og den moderne vitskapens forsøk på å legge under seg og kontrollere naturen. Målet med menneskeleg eksistens var å utnytte mennesket si åndelege innsikt («Geist») for å skaffe seg innsikt, ikkje moderne vitskap, som berre har bidrege til å øydelegge kloden, hevda han. Ei slik forkasting av rasjonell tenking kan berre ha øydeleggande politiske implikasjonar og fører i sin konsekvens til den mest brutale autoritære tenking, skriv Peter Staudenmaier i sin kritikk av korleis denne økologiske tradisjonen utgjer eit viktig grunnlag for den tyske nazismen.

Dette korte tilbakeblikket på samanhengen mellom økologisk tenking og det ekstreme høgre hadde ikkje vore relevant, dersom denne koplinga ikkje hadde vore aktuell i dag.

Like fullt, skriv han, blei Klages´ historiske essay «Man and Earth» re-publisert i 1980, i samband med etableringa av partiet Dei Grøne i Tyskland.[5] Som Anthony Giddens også har peika på, er det ingen grunn til å underslå det faktum at nazismen bygde på noko av dei same ideane om mystisk tilbakevending til naturen, som også har inspirert dagens grøne rørsle.[6]

Samtidig må det understrekast at sjølv om dagens grøne parti, i alle fall her i Norden, bygger på ein grunnleggande økologisk tankegang, definerer dei seg langt fra det nazistiske og fascistiske tankegodset. Til dømes står både dei norske og dei svenske grøne partia for ein liberal innvandringspolitikk.

Langt meir kjend i ettertida enn Ludwig Klages, er den tyske filosofen Martin Heidegger. Sjølv om Klages er rekna som ein av nazismens ideologiske inspirasjonskjelder, var han ikkje sjølv medlem av nazistpartiet. Det var derimot Heidegger, som ikkje berre var eit aktivt medlem og ein uttala antisemitt, men også ein open beundrar av Hitler. Heller ikkje etter krigen tok Heidegger på nokon måte avstand fra Hitler og nazismen. Like fullt har han vore med på å inspirere delar av dagens grøne rørsle.[7]

Ein av dei djupøkologane som har henta inspirasjon fra Heidegger, er den amerikanske filosofen Michael Zimmermann. Trass i det djupøkologiske fellesskapet med Heidegger, har han i ein sjølvkritisk artikkel åtvara djupøkologar nettopp mot den faren autoritære løysingar på miljøproblema som Heideggers filosofi representerer: «Eg forsøker ennå ein gong å påverke den djupe økologien, men denne gongen ved å åtvare mot dei farane, som ikkje berre Heideggers tankar representerer, men også rørsler som rettferdiggjer ein undertrykkande politikk ved å påstå at den er i samsvar med ´naturens lover´», skriv han. [8]

Den tyske filosofen Martin Heidegger. Foto: Willy Pragher/Wikipedia.

Zimmermanns åtvaring er på sin plass også i dagens miljø- og klimapolitiske debatt. For mange «moderne» djupøkologar har det etter kvart blitt viktig å distansere seg fra Heidegger som historisk førebilde, og understreke korleis den økosentriske strategien står på eigne bein uavhengig av Heidegger og den nazi-infiserte arven.[9]  Men det gjeld ikkje alle. Dette korte tilbakeblikket på samanhengen mellom økologisk tenking og det ekstreme høgre hadde ikkje vore relevant, dersom denne koplinga ikkje hadde vore aktuell i dag. Men det er den.

Dei aller fleste djupøkologar som er aktive i dagens opne miljø- og klimadebatt, vil nok – med god grunn – betakke seg for å bli identifisert med økofascistisk tankegods. Det skuldar eg dei heller ikkje for å vere prega av. Som vi skal sjå, har dei antidemokratiske trekka vi framleis finn på den ekstreme høgresida, likevel røtene sine i eit ganske mørkt kapittel i europeisk idéhistorie.

Som vi skal sjå, har dei antidemokratiske trekka vi framleis finn på den ekstreme høgresida, likevel røtene sine i eit ganske mørkt kapittel i europeisk idéhistorie.

Det finst også i våre samfunn i dag ei høgreside med røter tilbake til nazismen og fascismen. Denne rørsla ber med seg delar av den forma for økologisk tankegods som blei utvikla i første del av 1900-talet, før det blei ein sentral del av den tyske nazismen. Statsvitaren Maria Darwish har dokumentert korleis den nynazistiske rørsla Nordiska Motståndsrörelsen (NMR) – som har hovudbase i Sverige, men også greiner seg ut i dei andre nordiske landa – bygger sitt ideologiske korthus på ideen om å redde verda fra miljøkrise og økologisk samanbrot.

Tankane har sin direkte parallell i det tyske nazipartiet sin ideologi, og er knytte til «behovet» for å redde menneskeheita fra undergangen. Dette blir kopla til førestillinga om ein «naturleg orden» som i sin tur underbygger rasisme, undertrykking av kvinner og legitimering av ein «førarkult», som skal gjere det mogleg å motstå forfallet i det liberale samfunnet.

Ved å knyte ideologien sin til klima- og miljøkrisa, forsøker partiet også å framstille ideologien sin som «ikkje-ideologisk». Den blir framstilt som eit uttrykk for nettopp den naturlege orden, samtidig som ideologien også bygger på ein genuin aksept av, og redsel for, det som blir oppfatta som ei global krise.[10]

Krisa for naturen og for samfunnet blir også knytt til internasjonaliseringa og den kapitalistiske verdsøkonomien. Svaret blir nasjonalisme og det å ta vare på sitt eige folk – «blod og land» – for å halde seg til den nazistiske terminologien. Verkelege miljø- og klimaaktivistar burde vere mot innvandring, fordi «masseinnvandring til Vesten gjør at folk som før forbrukte få ressursar, vil forbruke mye mer», heiter det.[11]

Det finst også i våre samfunn i dag ei høgreside med røter tilbake til nazismen og fascismen.

Det kan sjølvsagt hevdast – og med god grunn – at ein nordisk naziorganisasjon med anslagsvis 500 (rett nok ekstreme) aktivistar ikkje i seg sjølv representerer ein overhengande fare for dei nordiske demokratia. Det er likevel grunn til å ta på alvor at den ideologien som organisasjonen står for, har eit vidare nedslagsfelt. I dei litt mørkare krokane på internett florerar chattesider der medlemmer omfamnar nettopp økofascistisk tankegods, prega av at ein sausar saman klimakrisa, økologisk samanbrot, innvandring, raseblanding og naturvern.[12]

Brenton Tarrant, mannen som skaut og drap 51 menneske i to moskear i Christchurch på New Zealand 12. mars 2019, framstiller til dømes seg sjølv som økofascist i «manifestet» han let etter seg. Han hevdar her at klimaendringane, fødselsratar og innvandring i grunnen berre er ulike sider av det same problemet. «Drep inntrengarane, drep overbefolkninga, og ved å gjere det, redd miljøet», skriv han.[13]

Den same Tarrant viste seg også å vere inspirasjonskjelde for Philip Manshaus som gjekk til angrep på Al-Noor moskeen i Bærum 10. august 2019, etter å ha tatt livet av stesøstera si fordi ho hadde «feil» hudfarge. Ein annan terrorist som var inspirert av Tarrant, den 21-årige Patrick Crucius, skaut og drap 22 menneske på eit supermarked i El Paso i Texas 3. august 2019. Han etterlet seg også eit «manifest», direkte inspirert av Tarrant, der han parafraserte Al Gores kjende klimadokumentar, «An Inconvenient Truth». Her går han til angrep på forbruk og overforbruk i det moderne samfunnet og konkluderer med at lesarane er for sta til at det er mogleg å få dei til å endre livsstil, og at det neste logiske steget derfor er å bli kvitt folk. Crucius konsentrerte seg om å skilje ut og ta livet av ikkje-kvite spansktalande personar.

I PSTs trusselvurdering fra februar 2020 blei det sagt at trusselen fra høgreekstreme nå var like stor som trusselen fra ekstreme islamistar, også i Norge. Her viser PST nettopp til aktiviteten på nettet med utgangspunkt i det «manifestet» som Brenton Tarrant spreidde etter terroraksjonen på New Zealand.

I trusselvurderinga for 2021 blir det, i tillegg til terrorfaren fra ekstrem islamisme og høgreekstremisme, også peika på at det innafor miljørørsla ligg ein potensiell terrorfare: «Antistatlige strømninger, der staten anses som illegitim, vurderes å ha et potensial for å radikalisere enkelte personer i 2021. Miljøaktivisme vurderes å være en sak som har et potensial for å radikalisere enkelte personer på sikt.»[14]

Det er også teikn til at høgrepopulistiske parti i Europa er i ferd med å opne opp for grøn og økologisk legitimering av den politikken dei står for.

Tilsvarande har det svenske Totalförsvarets forskningsinstitut (FOI) åtvara mot korleis fascistiske og nasjonalsosialistiske rørsler blandar saman dei grøne utmaningane med raseideologi, der ansvaret for klimakrisa blir lagt på ikkje-kvite. Ifølgje FOI har også koronapandemien skunda på spreiinga av grøne fascistiske idear. [15]

Fra det nynazistiske, veganske matlagningsprogrammet Balaclava Küche. Foto fra YouTube.

Det er også teikn til at høgrepopulistiske parti i Europa er i ferd med å opne opp for grøn og økologisk legitimering av den politikken dei står for. I ein reportasje i avisa Klassekampen, blir det også hevda at ungdomsforbundet til Alternativ for Tyskland (AfD) var rasande over at moderpartiet framleis nekta for at det skjedde klimaendringar samtidig som dei grøne ideane vann fram i valet.

Marine Le Pens parti, Nasjonal Samling i Frankrike, har lansert ei ny plattform som skal «gjere Europa til verdas første økologiske sivilisasjon». Dette skal oppnåast mellom anna ved å verne om landegrensene i Europa. Også på den ekstreme høgresida i Italia, rundt grupper som Forza Nuova og Alternative Sociale, finn vi tilsvarande ideologisk tankegods.[16]

I USA er fascistisk orienterte grupperingar aktive på den ekstreme høgresida, og var til dømes tydeleg til stades under storminga av Capitol-bygningen i samband med presidentskiftet i USA i januar 2021.[17] Blant desse rørslene finn vi mellom andre den gruppa som kallar seg «The Green Brigade». Gruppa blei oppretta i 2019 og beskriv seg sjølv som ei nasjonalsosialistisk gruppe som set naturen over alt anna. Dei hentar inspirasjonen fra Hitler (mellom anna at han var vegetarianar) og fra Haeckels sosialdarwinisme.

Gruppa «The Base» oppstod i 2018 med stort sett den same ideologiske innretninga, men om mogleg  enda meir aksjonistisk orientert, med uttala mål om å skunde på det eksisterande samfunnet sitt samanbrot. To svenske ungdommar som i januar 2021 blei dømde for terror og forsøk på mordbrann da dei tende på ein minkfarm, hadde direkte koplingar til desse nettverka. Formålet med aksjonen deira var, som dei sjølv gjorde greie for det i rettssaka, å aksjonere for naturen og dyr sine rettar.[18]

I dei litt mørkare krokane på internett florerar chattesider der medlemmer omfamnar nettopp økofascistisk tankegods.

Det er grunn til å merke seg, og ta alvorleg, Peter Staudenmaiers åtvaring mot grøne politikarar og aktivistar som hevdar at dei i dagens politiske landskap ikkje høyrer til verken til høgre eller venstre, men berre «er i front». Eit slikt syn er historisk naivt og kan vere politisk fatalt, skriv han. «Ei økologisk orientering i seg sjølv, utafor eit kritisk sosialt rameverk, er farleg og ustabil. Den fascistiske økologiens historie viser at under dei rette vilkåra kan ei slik orientering raskt leie til barbarisme.» [19]

Dette er ei åtvaring som det er grunn til å ta på alvor. I den opne norske klima- og miljødebatten finn vi likevel så godt som ingen direkte referansar til økofascistisk tenking, men tanken om at klima- og miljøproblema trumfar alle andre problem, at vi kan stå framfor klodens totale kollaps, og at den økologiske tenkinga trumfar høgre og venstre i politikken, står like fullt sterkt. Etter kvart har det også i aukande grad blitt lefla med tankar om terror som ein «vekkjar» i klimadebatten. Dette er ei farleg utvikling.

 

Denne artikkelen er eit lett bearbeidd utdrag fra boka «Klimatrusselen. Krise for demokratiet».

Kilder:

Baer, Hans. 2019. Democratic Eco-Socialism as a Real Utopia.Transitioning to an Alternative World System. New York: Berghan.

Biehl, Janet, og Peter Staudenmaier. 2011. Ecofascism Revisited: Lessons from the German Experience. Porsgrunn: New Compass Press.

Blok, Vincent. 2014. «Reconnecting with Nature in the Age of Technology: The Heidegger and Radical Environmentalism Debate Revisited». Environmental Philosophy 11(2): 307–32.

Darwish, Maria. 2018. «Green neo-Nazism». University of Oslo.

———. 2019. «Når grønt blir brunt». morgenbladet.no. https://morgenbladet.no/portal/2019/01/nar-gront-blir-brunt (20 januar 2020).

Erika Bjerström, S. V. T. 2021. «Undergångsstämning i klimatfrågan ökar risken för terrorbrott». SVT Nyheter. https://www.svt.se/nyheter/utrikes/utrikesbyran-do-for-klimatet-undergangsstamning-i-klimatfragan-okar-risken-for-terrorbrott (14 oktober 2021).

Garrard, G. 2010. «Heidegger Nazism Ecocriticism». Interdisciplinary Studies in Literature and Environment 17(2): 251–71.

Giddens, Anthony. 2009. The Politics of Climate Change. Cambridge: Polity Press.

Hannah Polack Sarnecki. 2021. Fascismens gröna rötter. Konspirationsteorier, kris och kollaps. Totalförsvarets forskningsinstitut. file:///Users/jonnaustdalslid/Dropbox/Min%20Mac%20(Mac-mini.local)/Downloads/FOIR5161.pdf.

International Youth and Students for Social Equality. «The only solution to climate change is world socialism». World Socialist Web Site.

Josephsen, Lasse. «Grønn fascisme og folkemord for planeten – miljøvern ytterst til høyre». Fri tanke – nettavis for livssyn og livssynspolitikk. https://fritanke.no/gronn-fascisme-og-folkemord-for-planeten-miljovern-ytterst-til-hoyre/19.11232 (20 januar 2020).

Klages, Ludwig. «Man and Earth». Cosmogonic Reflections. http://www.revilo-oliver.com/Writers/Klages/Man_and_Earth.html (28 januar 2020).

Molyneux, John. 2019. «Socialism Is the Only Realistic Solution to Climate Change». Climate and Capitalism. https://climateandcapitalism.com/2019/10/01/why-socialism-is-the-only-realistic-solution-to-climate-change/, https://climateandcapitalism.com/2019/10/01/why-socialism-is-the-only-realistic-solution-to-climate-change/ (16 februar 2020).

«Nasjonal trusselvurdering 2021». www.pst.no. /alle-artikler/trusselvurderinger/nasjonal-trusselvurdering-2021/ (18 februar 2021).

Richard Seymour. 2021. «A Return to Civility Will Not Begin to Quell the Threat of Fascism in the US.» the Guardian. http://www.theguardian.com/commentisfree/2021/jan/08/threat-fascism-us-storming-capitol-far-right-trump (11 februar 2021).

Staudenmaier, Peter. 2012. «Fascist Ecology: The ‘Green Wing’ of the Nazi Party and Its Historical Antecedents». Pomegranate: The International Journal of Pagan Studies 13(10): 4–21.

«Tilbake til røttene». 2019. Klassekampen 2019-08-21. https://www.e-pages.dk/klassekampen/13200/ (13 desember 2019).

Zimmerman, Michael E. 1993. «Rethinking the Heidegger-Deep Ecology Relationship»: Environmental Ethics 15(3): 195–224.

 

[1] (Baer 2019; International Youth and Students for Social Equality u.å.; Molyneux 2019)

[2] Sjå også (Biehl og Staudenmaier 2011, 79–80)

[3] (Biehl og Staudenmaier 2011, 18)

[4] (Klages u.å., 5)

[5] (Staudenmaier 2012, 23)

[6] (Giddens 2009, 52)

[7] (Blok 2014; Garrard 2010)

[8]  (Zimmerman 1993, 196)

[9] (Blok 2014; Garrard 2010; Zimmerman 1993)

[10]  (Darwish 2018, 78)

[11] (Darwish 2019)

[12] Sjå t.d. Klassekampen for 21. 08.19: (Tilbake til røttene 2019), og for eit oversyn over økofascistiske rørsler både i USA og i Europa, sjå (Josephsen u.å.) .

[13] Mi gjengiving av sitat fra «manifestet» i Klassekampen ibid.

[14] (Nasjonal trusselvurdering 2021 u.å.)

[15] (Hannah Polack Sarnecki 2021)

[16] (Biehl og Staudenmaier 2011, 95)

[17] (Richard Seymour 2021)

[18] (Hannah Polack Sarnecki 2021)

[19] (Staudenmaier 2012, 42)