FOTO: Sigrid Z. Heiberg

Oppvigleri i India

I India vert kritikk av regjeringa i aukande grad sett på som “anti-nasjonalisme” og forræderi. Ved landet sitt leiande universitet, JNU, vert studentar og tilsette no trua til tausheit.

– Hindu-nasjonalismen og den autoritære utviklinga me har sett dei siste åra, vil auke i tida framover, advarer Dr. Bimol Akoijam, professor ved JNU. Han meiner det maskuline og militaristiske alltid har vore ein del av statsapparatet i India, og at dei militære konfliktane i Kashmir og nordaust i India, med stadige brott på menneskerettane, er tydelege døme på det.

– Under statsminister Modi vert dette kraftig styrka, og no blanda med aggressiv nasjonalisme. Taparane er først og fremst muslimar og andre religiøse minoritetar. Men i tillegg vert alle liberale og annleistenkjande menneske ramma. Her på universitetet kjenner me det stadig tydelegare på kroppen.

Aktivistar arrestert

Jawarharlal Nehru University, oppkalla etter den kjende landsfaderen som kjempa for eit sjølvstendig og sekulært India, har lenge vore rekna som landet sitt leiande universitet.

Det store, grøne campus-området sentralt i Delhi er kjend for å fostre fritt-tenkjande akademikarar og aktivistar, ofte i opposisjon til maktapparatet og sitjande regjeringar. Sidan det hindu-nasjonalistiske Bharatiya Janata Party (BJP) kom til makta i 2014, med karismatiske og omstridte Narendra Modi i spissen, har mange av dei mest kritiske røstene kome frå nettopp JNU. Regjeringa på si side, har svart med å slå hardt ned på opposisjonelle og “fiendar av India”.

No prøver dei å få andre studentar til å tyste på oss.

Etter ein fredeleg demonstrasjon på universitet 9. februar i fjor, vart fleire studentar arrestert, og universitetet stempla som “anti-nasjonalistisk”. Saka fekk merksemd i heile landet, og har ført til oppheta og pågåande debatt om ytringsfridom. Rama Naga er PhD-student ved JNU, og var aktiv under protestane. Då politiet tre dagar etter demonstrasjonen braut seg inn i studentboligen midt på natta for å arrestere han og kollegaene hans, var han tilfeldigvis ute. – Det var rein flaks. Alle venene mine blei dratt ut av sengene sine og fengsla.

Rama slapp unna fengsel i denne omgong, men offisielt er også han sikta under den såkalla “oppvigleri-lova”. Og sjølv om politiet etter reglane må legge fram saka for retten i løpet av tre månader, har det enno, over eit år seinare, ikkje skjedd. – Me har spurt dei: har de noko prov mot oss? Det har dei sjølvsagt ikkje. Dei har ikkje noko sak, dei gjer dette kun for å truge oss til å teie, og tvinge oss til å gå under bakken. No prøver dei å få andre studentar til å tyste på oss, og finne opp skuldingar. Det skapar eit klima av frykt på campus.

Rama Naga er PHD-student ved NJU, og er sjølv sikta under “oppvigleri-lova”. Foto: Sigrid Z. Heiberg

Den enorme mediemerksemda rundt JNU, og fordømminga frå statsminister Modi, har begge vore tveegga sverd, meiner Rama. På den eine sida har folk både i og utanfor India fått augene opp for kva som skjer. – Etter 9. februar byrja folk verkeleg å lytte til oss. Me kjempar for fridom og likskap, mot sekterianismen som regjeringa står for, og mot rasisme, sexisme og undertrykking basert på kaste, som er så utbredt i India. Mange fattige bønder og arbeiderar får no høyre om oss, og det virkar sjølvsagt trugande på regjeringa.

Aktivistar som vågar seg ut i feil område av byen risikerer å bli lynsja.

På den andre sida er svertekampanjen mot universitetet og konsekvensane av den blitt tydeleg for alle som studerer der, og skremmer mange. Frå å med stoltheit kunne sei at ein går på JNU, må ein no vere forsiktig med kven ein fortel det til. Å sitje på med ein tuk-tuk, til dømes, som er ein vanleg og billig måte å komme seg rundt i Delhi på, har blitt vanskeleg for JNU-studentar. – Mange av sjåførane er tilhengarar av Modi, og svelger det han seier blindt, meiner Rama. – Dei ser på oss som landssvikarar og “skitne kommunistar”, og nektar å ta oss med. Aktivistar som vågar seg ut i feil område av byen risikerer å bli lynsja.

Kvar er Najeeb?

Nasjonalistiske og fascistiske grupper har også blitt meir aktive og synlege inne på campus. I oktober havna den muslimske studenten Najeeb Ahmed (27) i krangel med ei gruppe menn frå den hindunasjonalistiske studentorganisasjonen Akhil Bharatiya Vidyarthi Parishad (ABVP), utanfor studenthybelen sin på JNU. ABVP har nære band til Rashtriya Swayamsevak Sangh (RSS), ein høgreekstrem paramilitær organisasjon som er rekna som moderorganisasjonen til regjeringspartiet BJP. Etter stiftinga i 1925, tok dei inspirasjon frå europeiske høgreekstreme organisasjonar og har seinare kjempa for eit “India for hinduar” – no med fleire millionar medlemmer. Mannen som assassinerte Gandhi i 1948 var tidlegare medlem av RSS, og ueinig med han i at muslimar og andre minoritetar skulle vere likeverdige innbyggjarar i det sjølvstendige India.

Då britane trakk seg ut av India året før, hadde muslimane nemlig fått sin eigen stat – Pakistan (og seinare Bangladesh)– og millionar av menneske med “feil religion” flykta frå det eine området til det andre. I prosessen gjekk hundretusenvis av menneskeliv tapt, og konflikten mellom dei to landa, og mellom hinduar og muslimar, har sidan vore den høglytte elefanten i rommet i Indisk politikk. Det bur omlag 170 millionar muslimar i India i dag, nesten like mange som i Pakistan, og ein reknar med at innan 2050 vil India vere det landet i verda med flest muslimske innbyggjarar.

Dersom ein ikkje reiser seg når den indiske nasjonalsangen blir spelt på kino (!), risikerer ein også trøbbel med myndigheitene.

Dagen etter krangelen i fjor, der Najeeb angiveleg skal ha “klapsa til” ein av dei høgreekstreme studentane, forsvann den unge muslimen på mystisk vis. Dei fleste på JNU reknar med at ABVP har kidnappa eller drept han, og politiet blei raskt kopla inn i saka, men den er enno ikkje oppklart. Over heile campus heng det plakatar som spør “Kvar er Najeeb?”. Medstudentane krev svar, og rettferdigheit for familien hans. Kritikarar hevdar at både politiet – som er kjend for å ha mange BJP- og RSS-sympatisørar i sine rekker – og universitetsleiinga gjer for lite.

Najeeb Ahmed (27) forsvann i oktober i fjor. Foto: Sigrid Z. Heiberg

Universitetet si leiing er også gradvis i ferd med å bli utskifta, til fordel for BJP-tilhengarar. Samstundes er det no klart at inntaket til mange av samfunnsvitskaplege studieprogramma, som JNU er kjend for, blir kraftig kutta neste år. Fleira av sentra, som vanlegvis tek opp fleire titals M.phil.- og PhD-studentar kvart år, får ingen nye studieplassar hausten 2017. Dr. Akoijam meiner det er tydeleg kva som er målet med regjeringa si politikk: – Dei vil knuse JNU si sjel og karakter. Me er det einaste universitetet i India som er verkeleg inkluderande. Me tek opp studentar frå heile landet, rike og fattige, frå alle bakgrunnar. Her diskriminerer me ikkje på bakgrunn av kjønn, kaste eller religion. Det er dette nasjonalistane vil endre. Sakte men sikkert struper dei oss.

nyhetsbrevet

Hundrevis av leiande akademikarar frå internasjonale prestisjeuniversitet som Harvard, Cambridge, og London School of Economics har reagert på det som skjer ved JNU, og har skrive brev til den nye, omstidte rektoren, utpeikt av regjeringa.

Der gjer dei det klart at dei er “djupt bekymra og sjokkert over hendingane som utspelar seg på campusen”, og oppfordrar myndigheitene til beskytte JNU si framtid som ein internasjonalt høgt akta akademisk institusjon, som har produsert generasjonar av glimrande forskarar og vitskapsfolk. Brevet seier vidare at det er “sjokkerande” at universitetet, som er kjend for akademiske fridom og autonomi som fremjer kritisk debatt, diskusjon og uenigheit, no “med overlegg vert øydelagd”.

Frå ein demonstrasjon i New Delhi i januar i år, der fleire studentar blei arresterte. Foto: Sigrid Z. Heiberg

“Oppvigleri”: Frå Gandhi til teikneseriar og cricket

Den arkaiske oppvigleri-lova (paragraf 124A av den indiske straffelova), som fleire JNU-studentar no blir trua med, blei opprinneleg innført av britane i 1870 for å slå ned på Wahabi-muslimar som gjorde opprør mot kolonimakta.

I dei neste tiåra blei mange framståande indiske “fridomskjemparar” skulda for oppvigleri, mellom anna sat den første leiaren av landet si uavhengigheitsrørsle, Bal Gangadhar Tilak, fengsla i seks år under denne lova. Gandhi blei også fengsla fleire gonger, og sa om lova at den truleg var “den fremste av alle lover utforma for å undertrykke borgarane sin fridom”.

Lova slår fast at det er ulovleg å ytre seg med forakt mot regjeringa, eller å forsøke å skape hat eller forakt, eller å opphisse eller forsøke å opphisse til misfornøye mot regjeringa. Brott kan straffast ved bøter og fengsel, heilt opp til livstid. Jawarharlal Nehru, statsminister frå 1947 fram til han døydde i 1964, var sjølv tydeleg på at han meinte paragraf 124A var i strid med grunnlova. Han kalla lova “motbydeleg” og uttala at “dess før me vert kvitt den dess betre er det”.

– Dei kallar oss “anti-nasjonale” fordi me ikkje ynskjer eit rasistisk system der minoritetar og lavare klassar blir utbytta.

Sjølv om seinare dommar har slått fast at ein kun kan straffast for oppvigleri dersom ein oppfordrar til vald, blir stadig fleire fredelege protestantar og kritikarar av regjeringa skulda for brott på lova. I 2012 blei ei gruppe på heile 23 000 demonstrantar, som protesterte mot utbygginga av eit kjernekraftanlegg i Tamil Nadu, arresterte for oppvigleri.

Same år blei den kjende satirikaren og teikneserieskaparen Aseem Trivedi gripe av politiet etter å ha laga teikningar som sette regjeringa i eit dårleg lys, og det er langt i frå det mest absurde eksempelet på korleis lova hindrar folk i å ytre seg. To år seinare, til dømes, blei 60 studentar frå Kashmir sikta for oppvigleri etter å ha heia på Pakistan i ein cricketkamp mot India.

I fjor blei den kjende skodespelarinna og politikaren Ramya skulda for oppvigleri etter å ha uttala, etter ein tur til Pakistan, at landet “ikkje er helvete” (eit stikk til India sin forsvarsminister som tidlegare har uttala at “å dra til Pakistan er det same som å dra til helvete”). Dersom ein ikkje reiser seg når den indiske nasjonalsangen blir spelt på kino (!), risikerer ein også trøbbel med myndigheitene.

Svært få av desse sakene endar med ein rettskraftig dom. Det er ofte heller ikkje meininga. Rettsystemet i India er notorisk treigt, og lang ventetid medfører ei rekke ulemper for det som er skulda for brott på lovene, uavhengig av kor absurde skuldingane er. Dei må gi opp passet sitt, er ikkje kvalifisert for å jobbe i statleg sektor, må bruke store summar på rettshjelp, og må stadig møte i retten. Slik blir rettsprosessen i seg sjølv straff.

Dette handlar ikkje om JNU, det er mykje større enn som så. Og det ser ikkje lyst ut.

Human Rights Watch ga i 2016 ut rapporten “Stiffling Dissent”, som i detalj viser korleis straffelova i India blir nytta til å stagge ytringsfridomen i landet. Gjennom å utnytte vage lover vert ikkje berre studentar truga til å teie; journalistar vert trakasserte, politisk uenigheit vert undertrykt, frivillige organisasjoner vert hindra i sitt virke, internettsider vert stengde, religiøse minoritetar og marginaliserte grupper vert angripne.

Rama håpar at JNU, trass i angrepa frå styresmaktene, kan halde fram med å vere ein stad for åpen og kritisk debatt. – Dei kallar oss “anti-nasjonale” fordi me ikkje ynskjer eit rasistisk system der minoritetar og lavare klassar blir utbytta. Men me vil halde fram med å kjempe for eit universitet og eit land der alle er velkomne. Me lar oss ikkje skremme.

Sjølv har Rama, sidan hendingane i fjor, blitt stadig meir involvert i politikken. No leiar han JNU sin avdeling av All India Student Association, ein pan-indisk organisasjon med band til kommunistpartiet i landet, som har blitt stadig meir populære på campus dei siste åra.

Professor Bimol Akoijam ser ikkje lyst på situasjonen. Foto: Sigrid Z. Heiberg

Dr. Akoijam er pessimist. Han har allereie kjempa i fleire tiår mot militærokkupasjonen av heimstaten Manipur, utan å sjå nokon betring av situasjonen. Situasjonen i Kashmir er ei hengemyr for både India og Pakistan, og han meiner forholdet til andre viktige naboland, mellom anna Kina, vil tilspisse seg i dei kommande åra.

No opplever han at fleire og fleire av kollegaene på universitetet vegrar seg mot å uttale seg kritisk mot regjeringa, under det han meiner berre er starten på militaristisk og hindu-nasjonalistisk majoritetsstyre i India.

– Dette handlar ikkje om JNU, det er mykje større enn som så. Og det ser ikkje lyst ut.

nyhetsbrevet