Quiz: amerikansk fagrørsle spesial

Kor mykje veit du om amerikansk fagrørsle og deira allierte i politikken?

  1. Kva heiter USA sin største samanslutnad av fagforeiningar (som har gått under namnet «USAs LO»)? Du kan både stave ut heile namnet eller nytte forkortinga
  2. Leiaren av denne samanslutnaden heiter Liz Shuler, og var nyleg på vitjing i Noreg. Kvifor vart ho sett på som ein pioner då ho vart valt inn i 2021?
  3. Kor mange prosent av amerikanske arbeidarar er fagorganiserte? 10%, 27% eller 25%?
  4. Kor mange prosent av amerikanarar sa i ein gallupundersøking i fjor at dei er positive til fagrørsla? 22%, 41% eller 71%
  5. Kva amerikansk delstat er den sosialistiske politikaren og senatoren Berne Sanders valt inn frå?
  6. Kva heiter den progressive senatoren som vart valt inn frå Pennsylvania i hausten sitt delstatsval etter ein valkamp der hen la vekt på omfordeling og legalisering av marijuana og måtte ta ein lengre pause på grunn av hjerneslag?
  7. Kva heiter den ikoniske fagforeiningsleiaren i USA som på midten av 1900-talet pleide tette forbindingar til mafiaen og måtte sone i fengsel for økonomisk kriminalitet? Livet til hen er mellom anna skildra i Netflix-filmen The Irishman.
  8. Kva heiter (den framleis eksisterande) fagforeininga som hen var president for?
  9. Kva heiter Joe Biden sin nylege reform i USA som mellom anna skal redusere inflasjon, gjere helseforsikring rimelegare, skape omstilling og styrke fagrørsla?
  10. Kva jobb hadde den progressive amerikanske kongresspolikaren Alexandra Ocasio-Cortez før ho vart valt inn i Representane sitt hus? Ho har referert til denne erfaringa ved mange høve som politikar.

Fasiten finn du her.