Denne veka har vore prega av ein historisk storstreik. Skjerp dine streikekunnskapar ved å ta Agenda Magasin sin spesialquiz.
- I 2019 fekk sykkelbod tilsett i eit cateringselskap som gjerne bruker rosa uniform innfridd tariffavtale etter streik. Kva heiter selskapet?
- I Tromsø streika 14 arbeidarar i 1134 dagar frå 2013 til 2017 mot manglande tariffavtale. Då den vart avblåst etter tapt sak i Høgsterett, hadde alle dei streikande mista jobben. Kva jobba dei streikande som?
- Kva år gjennonmførte LO sin siste storstreik?
- I 2002 og 2011 gjekk eit LO-forbund ut i streikar som medførte at hundrevis av norske fotballspelarar i dei øverste divisjonane vart tekne ut i streik. Kva heiter forbundet?
- Den 8. juni 1931 marsjerte rundt 2000 demonstrantar, dei fleste organiserte i LO, til ein lasteplass i Vestfold der 100 politifolk var utstasjonerte for å beskytte streikebryteri. Her kom det til slagsmål mellom demonstrantar og politi. Regjeringa sendte eit gardekompani og fire marinefartøy for å slå ned på aksjonen. Kva heiter dette “slaget”?
- Marius Folstad er den einaste tillitsvalte som er blitt drept i fredstid i Noreg. Det skjedde ved Piene Mølle, og årstalet var 1913. Hendinga har også blitt dramatisert i eit teaterstykke. Korleis vart Folstad drepen?
- Den 12. desember 1889 utførte ei gruppe med kvinnelege industriarbeidarar ein av Noreg sine første streikar mot låg lønn og elendige sanitære forhold. Kva jobba dei med å produsere?
- I 1905 trua svensk LO med storstreik mot eigen regjering i solidaritet med sine norske brødre og søstre. Kva sak gjaldt det?
- Kva industri jobba dei britiske arbeidarane som vart berømte for sine streikar retta mot den konservative regjeringa til Margaret Thatcher i 1984 og 1985?
- Frankrike har vore prega av svære streikar og demonstrasjonar dei siste månadene. Kva reform er det president Emmanuel Macron vil innføre som det streikast mott?
Kommentarer