Quiz: Tyskland

Kva var den tyske forkortinga av namnet til det kommunistiske Aust-Tyskland? – og ni andre spørsmål:

  1. Kva heiter gassrørledningane som gjekk mellom Tyskland og Russland og vart skada av eksplosjonar i 2022?
  2. Kva heiter den tyske tidlegare sosialdemokratiske statsministaren som har teke seg jobb for fleire russiske statsselskap og vore sentral i å bygge og lobbyere for gassledningane?
  3. Kva var den tyske forkortinga av namnet til det kommunistiske Aust-Tyskland?
  4. Kva heiter den søvnige barne TV-karakteren som vart importert til norske skjermar frå Aust-Tyskland? Han liknar litt på nissen i grunn.
  5. Kva heiter filmen frå 2003 som skildrar ein familie frå Aust-Tyskland der kommunisten og mora Sass går i koma rett før berlinmurens fall, som familien skjuler etter at ho vaknar opp åtte månader seinare?
  6. Otto von Bismarck er mellom anna kjent som general, kanslar og opphavsmann for den tyske velferdsstaten. Kva matvare samanlikna han politikk med då han sa at det er best om ein ikkje får sjå korleis dei vert laga?
  7. Kva heitte den tyskpolske kvinna, filosofen og sosialistiske leiarskikkelsen som vart skoten og drepen av tyske soldatar i 1919?
  8. Kva heiter den tyske filosofen som kom frå ein fabrikkeigande familie og saman med Karl Marx var sentral i å grunnleggje marxismen?
  9. Kva heiter den tyske stridsvogna som frå i år har blitt forsynte til den ukrainske hæren?
  10. Kva tre parti inngår i Tyskland sin styrande “trafikklys-koalisjon”?

Fasiten finn du her.