Civita føreslår ukloke kutt i bistanden.
Civita har gitt ut eit nytt notat om framtidas utviklingspolitikk. Der er det mange gode tankar, men konklusjonen deira er at Noreg bør slutte med fred- og demokratistøtte i bistanden. Det er eit pussig standpunkt i den tida vi lever i.
Civita også lar fattigdomsreduksjon vere det overordna målet for norsk bistand.
Civita argumenterer med at satsing på fred ikkje er «dokumenterbar i stor skala» og demokratistøtte «kan ha positive effekter, men effektene er moderate, kontekstavhengige og vanskelige å attribuere til enkeltgivere». Difor meiner dei vi bør slutte med det. I staden vil dei skalere opp dei tinga som er enklare å måle effekten av.
Tenkinga illustrerer eit spor mykje av norsk utviklingsdebatt har styrt mot i dei siste åra. Mange har argumentert for at vi skal gjere mest av det som «fungerer best». Det vil med andre ord ofte bety det som er enklast å måle. Det er enkelt å vere einig i at ein heile tida må evaluere det ein gjer, og vurdere om pengane kan brukast betre.
Men det kan fort også føre til ei dragning mot det enkle – vaksiner og myggnetting – og at det meir kompliserte, men like viktige for å sikre trygg matforsyning, velfungerande offentlege helsesystem og god samfunnsutvikling på sikt, hamnar i skuggen.
Dette påverkar fyrst og fremst millionar av menneske sine liv.
Civita også lar fattigdomsreduksjon vere det overordna målet for norsk bistand. Det er viktig, og bør vere heilt sentralt, men det kan ikkje skje utan å også ha eit blikk for systemet som produserer denne fattigdomen. Då må det koplast på utviklinga av økonomiske forskjellar og omfanget av fred og demokrati.
Nyleg kom FN med si evaluering av arbeidet mot å nå berekraftsmåla, der det å kjempe mot fattigdom er heilt sentralt. Dei konkluderte med at ein er langt unna måla for 2030, og at ei av hovudårsakene til det er det vaksande omfanget av krigar i verda.
Vi er no midt inne i eit tiår med rekordmange væpna konfliktar. Det har ikkje vore fleire sidan andre verdskrig. Konfliktane varer lenger enn før, og dei er meir komplekse.
Dette påverkar fyrst og fremst millionar av menneske sine liv. Det påverkar også utanriks- og utviklingspolitikken. Krig er det motsette av utvikling – menneske er utrygge og blir utsett for vald. Samfunn og infrastruktur blir øydelagt. Reglane for korleis land har lov til å oppfører seg mot kvarandre – folkeretten – blir svekka.
Fredsarbeid er eit eksempel på korleis det ikkje er gitt korleis ein fredsprosess vil gå.
Vi er også inne i ein periode med demokratisk forvitring. 7 prosent av verdas innbyggarar lever no i demokrati, mens 74 prosent bur i autoritære land. Då er det eit verdispørsmål, men også eit interessespørsmål, om ein skal jobbe for å bidra til at fleire skal få oppleve den fridomen demokratiet gir, eller om ein skal slutte fordi det er for vanskeleg.
Tanzania er eit eksempel på korleis desse tinga heng saman. Dette er eit av landa Noreg har gitt mest bistand til. Her finst ei lang rekke eksempel på prosjekt med gode resultat – på mattryggleik, mødre og barns helse og på meir effektiv skatteinnhenting. Samtidig går landet i autoritær retning.
I fjor hadde dei val under problematiske omstende, opposisjonskandidaten blei fengsla og folk tok til gatene – og blei møtt av eit brutalt regime. Korleis dette utviklar seg framover vil ha veldig mykje å seie for korleis samfunnsutviklinga for både mattryggleik, helse og fordeling i Tanzania vil gå i åra som kjem.
Når regjeringa no skal endevende norsk bistand er målet å få mest mogleg ut av kvar krone. Det er bra. Men det må balanserast opp mot vilje til å sjå det store biletet i samfunnsutviklinga og ein vilje til å ta risiko der ein meiner det er viktig.
Det er grunn til å håpe at Aukrust lyttar meir til Frydenlund enn til Civita når framtidas utviklingspolitikk skal formast.
Fredsarbeid er eit eksempel på korleis det ikkje er gitt korleis ein fredsprosess vil gå. Vindar kan snu. I ein rapport til maktutredninga i 2001 skreiv Janne Haaland Matlary om Sri Lanka som «den siste suksess i norsk verdidiplomati», mens ho omtaler Colombia som ein «håplaus» konflikt. Seinare skulle det gå dårlegare på Sri Lanka, mens ein i Colombia skulle lukkast med å få til ein fredsavtale. Desse utfalla er ikkje gitt på førehand.
I 1982 ga dåverande utanriksminister Knut Frydenlund ut boka «Lille land, kva nå?». Boka, som no ligg ope for alle på nettsidene til Nasjonalbiblioteket, er forbilledleg klar rundt vekting av ulike dilemma for norsk utanrikspolitikk. Han argumenterte for at det var i Noregs interesser å jobbe for ei betre organisert verd og samanlikna Noreg med lilleputtfolka som møter kjempen Gulliver:
«På samme måte som lilleputtfolkene bandt Gulliver til jorden med de mange små bånd så han ikke kunne røre seg, måtte oppgaven for de mindre land være å binde stormaktene til det internasjonale regelverk gjennom utallige bånd».
Han avsluttar boka med å skrive:
«Gjennom arbeidet for et mer organisert verdenssamfunn kan et lite land som vårt best ivareta sine nasjonale interesser. Dette arbeid vil også være vårt beste bidrag til en bedre verden. En bedre organisert verden betyr ikke automatisk en sikrere eller mer rettferdig verden. Men det er forutsetningen».
Det er ingen garanti for at all pengebruk vil ha gode resultat på desse felta. Men det er for viktig til å gi opp.
Det er grunn til å håpe at Aukrust lyttar meir til Frydenlund enn til Civita når framtidas utviklingspolitikk skal formast. Vi lever i ei verd med akutt behov for meir fredsdiplomati, og sivilsamfunn og menneskerettsorganisasjonar over heile verda står i kampar der vår solidaritet kan gjere ein forskjell.
Det er ingen garanti for at all pengebruk vil ha gode resultat på desse felta. Men det er for viktig til å gi opp. Nokon gongar vil dei kunne gjere ein stor forskjell. Og sluttar vi å jobbe for fred og demokrati, har vi berre oss sjølv å takke om verda fortsett å gå i feil retning.

Kommentarer