FOTO: Al Hol-leiren i Syria, der den norske kvinnen oppholdt seg. FOTO: AP/NTB Scanpix

Å stilla IS til rette er også vårt ansvar

Å henta heim norske statsborgarar frå Syria handlar også om vårt ansvar for å stilla dei til rette for dei ugjerningar dei måtte ha på samvitet.

I april 2018 skreiv eg om IS-born i ein artikkel i Stavanger Aftenblad. Ein trong ikkje å vera spåmann for å sjå at debatten som då allereie rasa i fleire europeiske land også ville koma til Noreg.

I den samband siterte eg Jeanne Diele-Staal, som i eit intervju med storavisa AD sa: «Desse borna er ofre, og Nederland gjev blaffen i dei». Diele-Staal er sekretær i foreninga for born av medlemmer av Nederland sitt nasjonalsosialistiske parti, NSB, før og under krigen. I eit seinare intervju, frå desember i fjor, sa ho: «Akkurat som oss har dei, utan å bli spurt, blitt utstyrt med ei beksvart arv. (…) Det same kan ikkje skje med dei som skjedde med oss. Avvising, mobbing, isolasjon: det pregar eit born livet ut».

Diele-Staal veit eit og anna om fedrene sine synder. Og om mødrene sine synder også.

Eg kjenner rett og slett på eit ubehag ved å bu i eit land der det å potensielt berga livet til to små born, norske statsborgarar, fører fram til ei regjeringskrise.

No har altså Noreg endeleg sytt for å henta ut ei mor og dei to små borna hennar frå al Hol-leira i Syria. Eitt av borna hennar skal vera alvorleg sjukt. Tilhøva for born i al Hol-leira er langt frå gode. I fjor vart det registrert 517 dødsfall der. 371 av dei var born, ifølgje tal frå kurdiske Raude halvmåne.

Om det smertar nokon å høyra dette, får det så vera: Når uskuldige norske statsborgarar, borna, er fanga i ein slik situasjon påkviler det oss eit moralsk ansvar å forsøka å henta dei ut. Å henta ut mora var naudsynt for å få henta ut borna. Og eg skal vedgå det: Eg kjenner rett og slett på eit ubehag ved å bu i eit land der det å potensielt berga livet til to små born, norske statsborgarar, fører fram til ei regjeringskrise.

Men det er ikkje det einaste ubehaget eg kjenner på.

 

Bismaken

I fjor gav den nederlandske frilansjournalisten Brenda Stoter Boscolo ut boka ”Het vergeten volk” (Det gløymde folket), ei bok som også hadde fortent å koma i norsk omsetjing. Den set søkjelys på den etnisk-religiøse minoritetsgruppa jesidiane, og på det dei vart utsett for av IS. Menn vart slakta ned. Kvinner og born vart gjort til slavar og handelsvarer. Kvinnene vart blant anna sexslavar, eller – for å seia det meir presist: slavar til bruk i jamnlege valdtekter. Born vart hjernevaska, og i blant nytta som sjølvmordsbombarar i IS si teneste.

I ”Het vergeten volk” kjem IS sine ofre sjølv til orde, og boka gjev eit godt bilete av IS sin djevelskap.

Det er ein djevelskap som – for å sitera frå ein artikkel om Boscolo si bok i Het Parool – «snødde ned i ein storm av IS-terror: dei store terroråtaka i Europa, halshuggingar og brenning av gissel, filming av dette». Og som det heitte vidare i den nederlandske avisa: igjen kan historia deira vera i ferd med å drukna. IS sitt sjølverklærte kalifat har falle, tusenvis av tidlegare IS-medlemer sit i fengsel og fangeleire i Irak og Syria, og i Europa. Hundrevis vert stilt for retten. Men jesidiane sine historier kjem sjeldan fram. IS sitt folkemord druknar i alt det andre.

Kvinnene som slutta seg til IS ber også på skuld, uavhengig av om dei nytta automatgevær eller sosiale media som våpen.

«Eg har vore i rettssaker i den kurdiske delen av Irak», fortel Boscolo til Het Parool. «Der vert IS-arar dømde fordi dei var medlemer av ein terrororganisasjon, men ikkje for kva dei gjorde mot jesidiane. Det vert ikkje spurt etter deira vitnemål. Sjølv om det er mogleg: eg snakka med ei kvinne som hadde ei heil liste med namn på menn som hadde kjøpt henne. Domaren sa: ‘det overlet me til det internasjonale samfunnet, FN etterforsker.»

I boka sitt etterord skriv Boscolo at ho iblant har ynskt at boka hennar hadde vore ferdig tidlegare, som «når tusenvis av utenlandske IS-krigarar og familiane deira enda i fangeleirene, og journalistar skunda seg til Syria for å intervjua dei». I avisene og på fjernsyn dukka det opp reportasjar som «stadig understreka kor usle tilhøva i desse leirene er, og kor gjerne jihadistane ville heim», og Boscolo tenkte på jesidiar som i årevis har levd i leire, som framleis ikkje har kunna venda heim, og som ikkje har fått tilsvarande mediamerksemd, «fordi dei ikkje har noko europeisk pass».

Dei som ikkje kjenner på ein bismak i munnen etter å ha lese dei setningane, bør kjenna betre etter.

 

Kvinnene ber også på skuld

Lat meg seia det i klårtekst: Kvinnene som slutta seg til IS ber også på skuld, uavhengig av om dei nytta automatgevær eller sosiale media som våpen.

På eit overordna nivå har me også god oversikt over IS sine brotsverk, sidan dei ikkje la skjul på dei, men publiserte dei breitt i tidsskrift, propagandafilmar og gjennom postar i sosiale media. På individuelt nivå vert det meir komplisert. Når det gjeld kvinna som no har kome attende til Noreg veit me relativt lite om henne. Me veit ikkje kva ho reint personleg har gjort seg skuldig i av brotsverk, og ikkje kva ho har tenkt og meint om det ho såg rundt seg, eller meiner og tenkjer idag.

Det me likevel veit er at ho – til liks med ein annan og meir kjend kvinneleg norsk syriafarar – var gift med avdøde Bastian Vasquez, ein av dei mest kjende av dei norske IS-rekruttane, og ein mann som jamvel spela ei hovudrolle i ein av IS sine propagandafilmar, «The End of Sykes-Picot». I den filmen ser ein blant anna Vasquez håna fangar, som han anklager for å tilbe djevelen.

For å seia det slik: PST bør ha mange spørsmål på blokka si, når dei no avhører kvinna. Samstundes er det positivt at dette er spørsmål som også vil verta belyst i ein norsk rettssal.

 

Eit norsk ansvar

Noreg ber nemleg også på eit ansvar. Norske statsborgarar har delteke i ei grufull, totalitær rørsle, og har gjort seg skuldige i grove brotsverk. Radikaliseringsprosessen deira starta ofte i vårt eige land.

Idag sit ein heil del av framandkrigarane som deltok i IS, og kvinnene som slutta seg til dei, fengsla i leire i område kontrollert av den kurdiskdominerte militsen SDF i det krigsherja Syria.

Kurdiske sjølvstyremyndigheiter har avgrensa ressursar, både til å vakta fangeleirer og til å etterforska og straffeforfølgja ugjerningsmenn. Dei har difor – gong på gong – bedre om internasjonal bistand, både gjennom ein internasjonal straffedomstol, og gjennom å be om at blant andre europeiske land tek ansvar for sine eigne statsborgarar.

Etter ymse kommentarfelt å døma, vil ein del av oss ikkje ein gong vita av born.

Europeiske land har i betydeleg grad toa sin hender. For så å setja seg på dei. Me vil ikkje vita av framandkrigarane. Me vil ikkje vita av kvinner som har slutta seg til dei som støttespelarar, også i aktive roller som mellom anna propagandistar. Det er ikkje så vanskeleg å skjøna. Etter ymse kommentarfelt å døma, vil ein del av oss ikkje ein gong vita av born. I blant vert det pakka inn i høgverdige argument: om andre born som lir, eller om ofra for IS, som er dei som eigentleg fortener vår sympati. I blant vert det pakka inn i tryggleikspolitikk. I blant vert det ikkje pakka inn som særleg anna enn eit ynskje om hemn.

Men det er ikkje berre moralsk riktig å ta ansvar for born som er norske statsborgarar. Det er også moralsk riktig å syta for at norske statsborgarar som har gjort seg skuldige i ugjerningar vert stilt til rette, om det no skjer i ein internasjonal domstol eller ein norsk. Mykje taler dessutan for at det reint tryggleikspolitisk har noko for seg, både med tanke på tilgang på etterretningsinformasjon og med tanke på å ha kontroll med dei.

Difor er eg ikkje berre glad for at to born no får koma til Noreg, fordi dei har norsk statsborgarskap frå fødselen av. Eg er også glad for at mora kjem hit. Og eg voner at PST også stiller spørsmål om jesidiane.