Å klappe for Nobelprisen er ikkje nøytralt (og det skal det heller ikkje vere).
Mange vil sole seg i fredsprisens glans, men kva vil det seie å handle i prisens ånd?
No er det gått eit par veker sidan Navi Pillay vart tildelt Nobels fredspris for 2026. Det var både verdig og rett. Pillay har ikkje berre vore ein modig aktivist i Sør-Afrika, og ei frimodig stemme i Gaza-spørsmålet, ho har framføre alt vore ein berar av viktige institusjonar som den internasjonale domstolen ICC og FNs høgkommissær for menneskerettar, begge med stort fredsskapande potensiale om dei får tilliten til å verke. CV-en elles går eg ikkje inn på her.
Eg vil heller kome med ei moralsk formaning til alle maktmenneske som snart skal dekke, applaudere, markere, eller elles slå fast prisens viktigheit.
Debatt er det sjølvsagt vorte, både den kjende om prisen skal premiere resultat eller vere ei kraft for endring, og meir spesifikke debattar om nett kva omgrep Pillay brukar om Israels overgrep og krigsforbrytingar mot palestinarane.
Debatten verkar å kome nær ein slags slutt, og vil nok som vanleg forsvinne ein gong mellom tildeling og utdeling, i verste fall kort tid etter det siste.
Denne teksten er ikkje eit innlegg i så måte. Eg vil heller kome med ei moralsk formaning til alle maktmenneske som snart skal dekke, applaudere, markere, eller elles slå fast prisens viktigheit.
Eg vil gje to døme på kva norske leiarar i politikk og presse i lys av dette kan og må gjere.
For det er lett å seie at fredsprisar er gode og viktige. Men skal dei vere «viktige», må dei påverke haldningar og handlingar. Er dei ubetydelege for den som applauderar, bør ein ikkje få bade i prisens glans.
Så: kva forpliktar det å klappe for Pillay?
Det forpliktar ikkje til å vere samd med Pillay i noko folkerettsleg spørsmål, som kvar terskelen for folkemord ligg. Men, ein må støtte opp om at me har frie institusjonar som den internasjonale straffedomstolen ICC som kan gjere slike vurderingar og som kan halde krigsforbrytarar personleg ansvarlege for brotsverka sine.
Det forpliktar og til å insistere litt på det som er moralsk rett sjølv når det kostar. Det betyr å kjempe for folks rett til å kjempe for prisens mål, og ikkje å motverke dette målet. Eg les prisen som eit klart signal om at berre rett skaper rettferd for alle, at den israelske krigsmaskinen må stansast, og at både forbrytarane og dei som ser på ber ansvar.
Eg vil gje to døme på kva norske leiarar i politikk og presse i lys av dette kan og må gjere.
Det fyrste er å igjen få ei streng og samvitsfull etisk forvalting av Oljefondet. Frysinga av etikkrådet var skandaløs, og set til side ei linje frå heile dette årtusen om at butikk faktisk er politikk. Ein har no i lang tid haldt seg for auga om kva brotsverk kapitalen vår kan gje næring til.
Begge deler ulovlege handlingar, men ikkje terrorisme.
Sogas status er at Ryfylkes kaldaste brisling Svein Gjedrem har levert Stoltenberg eit bestillingsverk for mindre kontroll, meir «tillit og dialog», og attpåtil opning for å investere i atomvåpen. Atomvåpenparaplyens fredsskapande effekt kan diskuterast – men å auke kapasiteten, å satse på vekst frå dagens nivå er udiskutabelt negativt.
Etikkrådet skal ikkje lenger kunne anbefale å stenge ute eller observere selskap. Kva er då att? Oljefondet er vår fremste test for forholdet mellom haldning og handling, og utviklinga Stoltenberg synast å ønske seg avslørar ei grunnheit, eller ein kynisme i den store statsmannens forhold til ansvar for rett i verda.
Den andre er å setje lys på, og føre ein alvorsam samtale om, dei grove systematiske krenkingane av demonstrasjonsfridomen som gjerast i nokre av våre næraste europeiske naboland.
Om Navi Pillay var ei vanleg bestemor i UK eller Tyskland, som sat på gata og demonstrerte, ville ho risikert fengsling. Eg siktar fyrst og fremst til «palestine action»-saka i UK. Her har den viktigaste demo-gruppa for palestinasaka i UK vorte kategorisert som terrororganisasjon av deira justisdepartement. Grunnen er at nokre av medlemane, ikkje sjølve gruppa, har gjort seg skuldige i sabotasjeaksjonar mot israelske tech-selskap og eit innbrot på ein britisk luftforsvarsbase.
Det er vanskeleg å vere streng med vener. Men no er det naudsynt å gjere på alle nivå.
Begge deler ulovlege handlingar, men ikkje terrorisme. Men under den britiske terrorlova vert no ikkje berre dei få skuldige «terroristar, men alle medlemar i foreininga, og alle som demonstrerer saman med dei på eit vis kanskje kan gje inntrykk av at ein støttar foreining – som fyrst og fremst driv aktivisme. Slik er bestemødrer i stilledemonstrasjon som ytrer motstand mot nemnigna «terrorist» om aktivitstar blitt arresterte i stort omfang. Det siste er at den populære irske forfattaren Sally Rooney ikkje får selje bøkene sine i England fordi ho ein gong uttrykte støtte til gruppa.
Under den førre konservative regjeringa truga britane med å trekke seg ut or den europeiske menneskerettskonvensjonen, og det er skremmande. Alle som meiner at det i vår «urolege tid» er Europa, heile Europa, som skal kjempe for demokrati og menneskerettar må alle land stå saman om å oppretthalde ein moralsk autoritet på feltet.
Eg meiner ikkje Jonas Gahr Støre skal uttale seg om einskilde rettssaker i UK. Men Palestine Action-saka er ikkje ei einskildsak, ho er å utvatne terroromgrepet på ytringsfridomens kost. Gode vener må då snakke saman, sjølv om det er ubehageleg. Det har det vore heile vegen medan danskar og svenskar har påtala vår krigsprofitt gjennom oljeprisvekst under krigen i Ukraina.
Det er blitt lett å kritisere amerikanarane, og europeiske leiarar synes ikkje å halde igjen når dei omtalar menneskerettsbrot i Kina og India, eller på det afrikanske kontinentet. Desse er ofte større, men poenget står: det er vanskeleg å vere streng med vener. Men no er det naudsynt å gjere på alle nivå.

Kommentarer