FOTO: Jon Eeg / NTB SCANPIX

Den raudgrøne tråden

Det går ein 25 år lang raudgrøn tråd frå EU-kampen i 1994 til i dag. Folk frå ulike parti og miljø vart knytte saman i eit fellesskap som fekk konsekvensar langt utover EU-saka. I dag er det knutar og flokar på tråden.  

Striden om EU-medlemskap er den bitraste og mest langvarige konflikten i norsk politikk. I to folkeavstemmingar og gjennom meir enn femti år, har EU-saka splitta folket, delt landet og skapt fiendskap mellom venner og i dei beste familiar.

Inga politisk sak har skapt slik kjærleik og slikt hat.

EU-kampen hadde vore lang og dramatisk.

Derfor stod nervane i høgspenn da Nei til EU samla seg til valvake i Oslo Spektrum, på folkeavstemmingsdagen 28. november 1994. Forsamlinga var eit fargerikt lappeteppe av folk frå ulike parti, organisasjonar og folkerørsler.

Da valdagsmålingane kom klokka 21, var leiinga så knapp at nei-folket ikkje torte å juble. Etter kvart som resultata kom inn, steig stemninga. Feiringa starta da nei-dronninga Anne Enger Lahnstein, gjekk på scena saman med Nei til EUs Kristen Nygaard. Utover natta slutta nei-sida i Ap seg til festen, med Hallvard Bakke, Tove Strand (Gerhardsen) og Trond Giske i spissen. 52,2 prosent hadde stemt nei til norsk EU-medlemskap, og valdeltakinga var på heile 89 prosent.

 

Raudgrønt tankegods

EU-kampen hadde vore lang og dramatisk. Så tidleg som i 1988 vart Nei til EU skipa, og frå 1990 vart det full kamp. Sosialdemokratar mot EU vart starta i Ap, og det avgjerande slaget starta med at nei-sida vann ein historisk siger på LO-kongressen.

Folk som vanlegvis var konkurrentar eller fiendar, kjempa side om side. Arbeidarar, bønder, miljøaktivistar, kristne og ateistar, gjekk saman med Blondiner og Pøblar mot EU. Det vart skapt tillit og personlege band mellom folk frå nei-partia Sp, SV, Venstre, KrF og RV, men også mange frå Ap.

Problemet var at EU-kampen ikkje tok slutt.

Samtidig vart det utvikla felles politikk om meir enn EU. Nei til EU brukte sentrum/venstre- argumentasjon knytt til folkestyre, solidaritet og miljø. Nei-folk frå Ap, Sp og SV kom inn med ønske om Heile folket i arbeid, Del goda og ulike variantar av Ta heile Norge i bruk. EU-kampen gjorde dette til felles tankegods. Dei samla seg om det som Kristen Nygaard kalla «Samhalds-Norge», mot både EU og «Marknads-Norge». Nokon begynte å snakke om eit nytt raudgrønt samarbeid etter EU-kampen.

 

Kampen heldt fram

Problemet var at EU-kampen ikkje tok slutt. Gro Harlem Brundtland styrte vidare som om 28. november 1994 aldri hadde skjedd. Ja-sida hadde fleirtal i Stortinget og ein EØS-avtale som skulle få Norge nærmare EU.

Berre to veker etter folkeavstemminga tok Ap-leiar Thorbjørn Jagland til orde for omkamp om EU. Derfor vart aldri Nei til EU nedlagt, slik Folkebevegelsen hadde vorte etter EF-kampen. Nei-folk fekk ikkje tid til å gløyme – og skifte – EU-standpunktet.

Venstresida bygde vidare på nei-alliansen.

Da Thorbjørn Jagland vart statsminister rota han det så kraftig til at Norge fekk ei nei-regjering, den usannsynlege sentrumsregjeringa. Dette utløyste maktkampen mellom folka til Jagland og Stoltenberg i Ap.

Samtidig endra nei-sida i Ap karakter til ei laust organisert venstreside. AUF-miljøet, med Trond Giske og Anniken Huitfeldt i spissen, var det eine tyngdepunktet. Det andre var LO og Norsk Kommuneforbund (Fagforbundet), der Jan Davidsen og Gerd-Liv Valla vart dei mest sentrale.

Desse kreftene kjempa mot privatisering og New Public Management, og kravde økonomisk styring for å sikre sysselsetting, fordeling og distrikt. Dessutan ville dei ha eit regjeringssamarbeid mellom Ap, SV og Sp. Venstresida bygde vidare på nei-alliansen. Jan Davidsen knytte band til Sp og Per Olaf Lundteigen, mens AUF-miljøet kjempa mot gasskraftverk med Natur og Ungdom og andre frå EU-striden.

 

Noko drastisk måtte skje

Opposisjonen i Ap fekk ny vind i segla da Jens Stoltenberg vann kampen mot Jagland. Stoltenberg kasta sentrumsregjeringa på ei miljøsak og sette i verk ein tydeleg marknadsretta politikk. Ap kledde seg i høgreklede, selde ut arvesølvet (Statoil), tok marknadskreftene inn i offentleg sektor (som i sjukehusreforma), snakka om å privatisere velferdstenestene og tukla med sjukelønnsordninga. Partiet vendte ryggen til sine eigne, og derfor vendte veljarane ryggen til Ap. Ved valet i 2001 fekk Ap 24,3 prosent.

Noko drastisk måtte skje, og stadig fleire i Ap delte den raudgrøne draumen.

På LO-kongressen same året, hadde Jens Stoltenberg avvist tanken om ei raudgrønt trepartisamarbeid. Han sa at det var «for stor politisk avstand» til SV og Sp. Det meinte ikkje den nye LO-leiaren, nei-dama Gerd-Liv Valla.

Etter valet fekk den raudgrøne draumen nytt liv. På den eine sida opna Sp-leiar Odd Roger Enoksen for første gong for at partiet skulle gå saman med Ap. På den andre sida kravde den nye LO-sjefen at Ap la kursen til venstre, lytta meir til fagrørsla og gjekk saman med SV og Sp.

I april 2002 viste ei meiningsmåling av Ap berre hadde 14,6 prosent oppslutning, og no var det fjerde største partiet. Noko drastisk måtte skje, og stadig fleire i Ap delte den raudgrøne draumen.

 

Eventyret vart verkeleg

Jens Stoltenberg hadde heilt andre draumar, og fortalde at han hadde «et kjærlighetsforhold» til EU som stod i vegen for eit forhold til Sp og SV. Lidenskapen var så sterk at han starta omkamp om EU i Ap frå hausten 2002, da målingar viste ja-fleirtal i folket. Den nye EU-debatten skulle gå fram til 2005.

EU-medlemskap verkar fjernare no enn for ti, femten og tjue år sidan.

Ap kom seg opp i kneståande ved kommunevalet i 2003, med 27,5 prosent. Det største lyspunktet var at Rita Ottervik og ein brei raudgrøn allianse vann makta i høgrebastionen Trondheim. No vart det raudgrøne prosjektet strikka og sydd nedanfrå. Stadig fleire i Ap såg at for å styre landet måtte dei legge bort EU-saka og gå saman med SV og Sp. Våren 2004 gav omsider Jens Stoltenberg etter.

Annonse

sosialdemokrati i en skjebnetid halvor tretvollsosialdemokrati i en skjebnetid halvor tretvoll

Eventyret vart verkeleg da den raudgrøne regjeringa kom til makta i 2005. For første gong tok SV plass ved Kongens bord, for første gong gjekk Sp i regjeringssamarbeid med venstresida og for første gong sidan samlingsregjeringa i 1945, gjekk Ap inn i ei koalisjonsregjering. Og: For andre gong triumferte nei-sida frå EU-kampen på 1990-talet.

Den raudgrøne tråden vart brukt da Soria Moria-erklæringa vart vevd. Regjeringa la bort EU-saka, og laga ein politikk som låg i skjeringspunktet mellom Ap, SV, Sp og LO. For venstresida i Ap vart den politikken betre enn dei kunne oppnå internt i Ap. Dermed vart venstresida i Ap gradvis meir usynleg gjennom åtte år med raudgrøn regjering. Dessutan måtte to av leiarfigurane, først Gerd-Liv Valla og seinare Trond Giske, gå av som LO-leiar og nestleiar i Ap.

 

Har nei-sida tapt kvar dag?

25 år etter EU-kampen hevdar nokon at nei-sida vann folkeavstemminga, men har tapt kvar dag sidan. Det har noko for seg i den forstand at EØS og andre avtalar har gitt EU mykje makt i, og over, Norge. Likevel var EØS-avtalen truleg avgjerande for den knappe nei-sigeren i 1994 – og for at det ikkje har vorte nokon omkamp. Samtidig er EØS-avtalen splittande.

Viktige delar av nei-sida var og er tilhengarar av EØS, slik også meir enn to tredelar av folket er i 2019. Dessutan: Trass i EØS-avtalen betyr det framleis mykje kven som styrer landet, noko forskjellen på dei raudgrøne og høgreregjeringa viser.

Tar ein med MDG, er det plutseleg fem raudgrøne parti på Stortinget, men i fleire saker står dei langt frå kvarandre.

EU-medlemskap verkar fjernare no enn for ti, femten og tjue år sidan. Ein grunn til det er at Ap faktisk ikkje lenger er for norsk EU-medlemskap. Sist landsmøte tok punktet om at «medlemskap i EU ville være en fordel for Norge» ut av partiprogrammet. Dermed kan det ta lengre tid å få fram ein ny EU-søknad.

Samtidig har det skjedd ein viktig ting på borgarleg side, etter at nei-standpunktet i to EU-kampar har vore eit sentrum/venstre-fenomen. I 2017 gjekk Frp for første gong imot norsk EU-medlemskap, og dermed er Høgre det einaste ja-partiet. Nett no er det vanskeleg å sjå for seg eit regjeringsalternativ som vil og kan sende ein EU-søknad, men det kan endre seg.

 

Tråden og flokane

25 år etter folkeavstemminga kan ein framleis sjå den raudgrøne tråden som nei-sida begynte å spinne i EU-kampen, men ein ser også at det er flokar på tråden: For det første har nei-sida lykkast med å hindre ein omkamp om EU, men EØS-avtalen skaper raudgrøne konfliktar.

For det andre står dei raudgrøne partia sterkt, men ikkje særleg samla. Ap er så svake at dei ikkje har klart å ta leiarskapen i ein raudgrøn allianse på nasjonalt plan, etter fleire år med intern og dels utanompolitisk strid. Sp har rekordoppslutning, men har flytta seg bort frå SV i jakta på borgarlege veljarar. Og så har SV, Raudt og Miljøpartiet Dei grøne vakse, dels på grunn av misnøye med både Ap og høgreregjeringa.

Tar ein med MDG, er det plutseleg fem raudgrøne parti på Stortinget, men i fleire saker står dei langt frå kvarandre.

SV-leiar Audun Lysbakken tok i helga til orde for at fem raudgrøne parti må gå i allianse og utvikle felles politikk fram til stortingsvalet i 2021. Etter kommunevalet ser ein slike samarbeid i fleire byar og kommunar, men det skal godt gjerast å få til ein så brei allianse på riksplan.

Ap kan stø seg på LO og lene seg til venstre.

For det tredje ser ein den raudgrøne tråden i sakene som pregar norsk politikk i 2019, saker som var sentrale i EU-kampen. I år vaks Sp på protest mot sentralisering og løfte om levande bygder. MDG tente på radikal miljøpolitikk. Raudt og SV fekk framgang på tydeleg tale mot privatisering og profitt i velferda.

I førre veke drog også Ap-leiar Jonas Gahr Støre i ein raudgrøn tråd, da han tok eit oppgjer med marknadstenkinga i offentleg sektor. «Vi må bytte ut New Public Management med en tillitsreform,» sa Støre, vel vitande om at det i Norge var Ap som begynte å bruke marknaden som mal for offentleg sektor.

Kanskje kan Jonas Gahr Støre klare å reise seg og gjenreise makta til Ap, slik Jens Stoltenberg gjorde etter nederlaget i 2001. Ap kan stø seg på LO og lene seg til venstre. Støre kan løyse opp flokar og trekke seg opp med den raudgrøne tråden.

(Teksten stod først på trykk i Klassekampen.)