FOTO: Ap/Flickr CC

Eg gremmes!

Støre-regjeringa er truleg den regjeringa i Europa som har gjort mest for å verne hushalda mot dei skyhøge energiprisane. Like fullt flyt kommentarspaltene over av politikarforakt og hat for at regjeringa gjer for lite og handlar for seint, og for å gjere det norske folk til sosialklientar.

«Eg gremmes!» er teikneseriefiguren Baltus i Knøttene sin faste kommentar når han syntest det blir for dumt («Good grief!» sukkar den engelsktalande originalen, Charlie Brown). Og etter å ha forsøkt å følgje med på den pågåande norske straumkrisedebatten i pressa og i sosiale medium, er eg freista til å stemme i: Eg gremmes!

Men det er ikkje marknaden som har skapt krigen i Ukraina og mangelen på gass i Europa, det er Putin.

Ikkje slik å forstå at eg ikkje ser alvoret i den aktuelle straumkrisa. Tvert om: Eg trur vinteren kan komme til å bli enda meir alvorleg, og ei større krise både for Norge og Europa, enn det mange av debattantane i presse og media har tatt inn over seg. Det som gjer meg oppgitt, er at debatten i Norge stort sett dreier seg om kvifor Norge ikkje har kunne isolere seg fra resten av Europa slik at vi kunne gå fri av dei problema som Europa og verda elles opplever.

Først og fremst er det straumkablane og ACER, og den uendelege straumen av innlegg over temaet: Kva var det vi sa?! Ja, straumkablane har truleg forverra krisa for Norges del. Og ekspertane prøver ved hjelp av simuleringar å rekne ut kor mange prosent dyrare straumen har blitt på grunn av kablane. Det beste anslaget i dag ser ut til å vere ca. 25%. Så dersom straumen ein dag kostar 10kr/kWh på kraftbørsen, ville den utan kraftkablane «berre» ha kosta 8,00! Og det er sant at det er marknaden som driv opp straumprisen, først og fremst fordi dei skyhøge gassprisane «smittar over» på prisen på elektrisitet.

Når det ikkje finst meir straum å fordele, blir resultatet nedsløkking av straumnettet og/eller tvungen rasjonering.

Men det er ikkje marknaden som har skapt krigen i Ukraina og mangelen på gass i Europa, det er Putin. Det er ikkje marknaden som har skapt tørrår i Sør-Norge, lite snø i fjellet sist vinter og lite vind på kontinentet. Det var heller ikkje marknadstenking som fekk Tyskland til å stenge ned kjernekrafta. Det var tvert om ei ekstremt dum politisk avgjerd som nå er med på å drive opp marknadsprisen på energi!

Ja, det er rett: Marknaden ligg bak dei høge energiprisane, men det er fordi det er for lite energi å fordele. Fastpris på straum løyser ikkje dette problemet. Det skapar ikkje meir straum eller meir gass, men aukar berre etterspørselen etter ei vare som det allereie finst for lite av. Det er dessutan ei form for statleg subsidiering av energikonsumet som slår sosialt skeivt ut, ved å favorisere rike forbrukarar med høgt forbruk. Det vil gjere krisa enda verre.

Når det ikkje finst meir straum å fordele, blir resultatet nedsløkking av straumnettet og/eller tvungen rasjonering.

Norske hushald betalar med andre ord ikkje marknadspris for straumen.

Og så er det kort og godt ikkje sant at den norske regjeringa har late marknaden styre dei norske straumprisane. Fra 1. september betalar staten 90% av gjennomsnittleg straumprisen over 70 øre/kWh i løpet av ein månad (før dete 80%). Norske hushald betalar med andre ord ikkje marknadspris for straumen. Norsk næringsliv går så det susar trass i dei høge straumprisane. Så vidt eg har forstått, arbeider regjeringa med ei støtteordning også for næringslivet. Mitt utkikkspunkt er det sørlege Sverige, der eg bur.

Her finst inga straumstøtteordning verken for hushald eller bedrifter. I valkampen mot riksdagsvalet har partia krangla om kva for ordning dei skal innføre i løpet av hausten. Her blir Norge halde fram som eit mønster! Faktum er at Støre-regjeringa truleg er den regjeringa i Europa som har gjort mest for å verne hushalda mot dei skyhøge energiprisane. Samtidig er Norge det rikaste landet i Europa og med betre føresetnader enn truleg noko anna Europeisk land til å komme seg gjennom den krisa vi er midt oppe i.

Så mykje for påstanden om at det er koplinga opp mot Europa som forklarar dei norske el-prisane.

Like fullt flyt kommentarspaltene i presse og i sosiale medium over av politikarforakt og hat for at regjeringa gjer for lite og handlar for seint, og for å gjere det norske folk til sosialklientar. Kva regjeringa alternativt skulle gjort, er som regel ganske utydeleg, men synest å kunne oppsummerast til makspris, stenging av kablane til Europa, melde oss ut av ACER og å seie opp EØS-avtalen.

La oss gjere eit tankeeksperiment: Tenk deg at gjennomsnittsprisen på straum ein månad seinare på hausten blir 10 kr/kWh. Dersom straumkablane forklarar 25% av denne prisen, skulle altså straumen alternativt ha kosta kr 8,00. Men forbrukarane vil ikkje måtte betale verken 10 kr eller 8 kr. Med 10 kr marknadspris betalar forbrukarane 70 øre/kWh pluss 10% av differansen mellom kr 10,00 og kr 0,70 = 93 øre. Dvs. at med ein marknadspris på 10 kroner, betalar forbrukarane 70 øre pluss 93 øre = kr 1,63.

Dersom vi reknar på same måten med utgangpunkt i ein marknadspris på kr 8,00 (utan straumkablar), endar vi med ein pris på kr 1,43 til forbrukar, ein skilnad på 20 øre. Tar vi alternativt utgangspunkt i ein gjennomsnittleg marknadspris på 5 kroner, vil forbrukaren betale 113 øre, og utan straumkablar 103 øre. Med andre ord kostar straumkablane forbrukarane i dette tilfellet 10 øre per kWh.

Vi synest å vere vitne til ei slag form for politisk magnetisme der motpolar blir dregne mot kvarandre.

Eit hushald som denne kalde månaden har eit straumforbruk på f. eks. 3000 kWh betalar med andre ord ein netto meirpris på grunn av kablane på 300 kroner av ei total el-rekning på kr 3390. Utan kablar og utan straumstøtte ville el-rekninga til denne familien komme på 12000 kroner. I alle desse rekneeksempla må ein sjølvsagt legge til moms og nettleige. Så mykje for påstanden om at det er koplinga opp mot Europa som forklarar dei norske el-prisane.

Dette er sjølvsagt framleis ein svært høg straumpris samanlikna med kva nordmenn har vore vane med å betale. Det nærmar seg likevel det uredelege når sjølv leiande politikarar på ytre høgre og ytre venstre, pluss ekko-koret på sosiale medium, argumenterer som om den norske straumstøtteordninga ikkje fanst, og forlangar makspris på dagen. At Framstegspartiet forlangar makspris, er lite å undre seg over. Kravet er maks 50 øre/kWh. Partiet er elles ikkje kjent for å stå fremst på barrikadane for rettferdig fordeling, energisparing eller klimatiltak.

Med andre ord, ein sosial fordelingsprofil til fordel for dei mest velståande som det er ubegripeleg at partiet kan gå inn for.

Men at partiet Raudt sluttar seg til dette same jammerkoret og byr over Framstegspartiet med makspris på 35 øre, er meir uforståeleg. Vi synest å vere vitne til ei slag form for politisk magnetisme der motpolar blir dregne mot kvarandre. For kva vil vi oppnå med makspris? Makspris fjernar ikkje marknaden, det berre endra vilkåra som marknaden fungerer innafor og stimulerer til auka straumbruk og raskare tømming av det som er igjen i vassmagasina.

Rett nok vil kanskje Raudt få oppfylt draumen om slutt på marknadsstyringa av straumbruken, etter som vi kan komme dit at det ikkje vil vere meir straum å fordele, og samfunnet vil måtte gå over til direkte regulering, rasjonering, og i verste fall periodevis straumutkopling. Makspris fører også til ei dramatisk de facto subsidiering av dei som brukar mest straum. Jo høgare forbruk, jo meir tener ein forbrukar på makspris. Jo fleire oppvarma hytter, oppvarma terrassar og oppvarma basseng, jo meir statleg støtte.

Med andre ord, ein sosial fordelingsprofil til fordel for dei mest velståande som det er ubegripeleg at partiet kan gå inn for. Ein makspris på 35 øre fører også til lite incentiv til straumsparing, og med det også mindre incentiva til å legge om til utsleppsfri energi, som solceller og varmepumper. Dermed har vi også møtt på koplinga mellom energiprisen og klimapolitikken.

Var det nokon som nemnde ordet solidaritet?

Det ein skulle ha venta seg, er at parti, organisasjonar og politiske debattantar som elles er opptekne av å få ned klimautsleppa og å jamne ut sosiale og økonomiske skilnader i samfunnet ville sett meir kritisk på dagens straumstøtteordning i eit slikt perspektiv. Her er nemleg ikkje dagens ordning ideell. Sett i lys av dei store inntektene staten har som resultat av dei høge el-prisane, kunne det vore lagt betydeleg meir pengar i ordninga, men då slik at det i større grad stimulerte til energisparing, omlegging til fornybare energikjelder og til sosial utjamning.

Ei kontantstøtteordning med like kronebeløp til alle, heller enn dagens ordning som gir meir støtte di meir straum ein brukar, ville samtidig fungert sosialt utjamnande på ein anna måte enn dagens ordning. Men denne diskusjonen tek ikkje den norske venstresida. Tvert om har den ukritisk slutta seg til det høgrepopulistiske hylekoret om billeg straum til alle og med krav om at Norge så langt råd skal stenge seg av fra Europa og bli beskytta mot verknadene av krig og krise som resten av Europa må leve seg gjennom.

Var det nokon som nemnde ordet solidaritet?

Så eg seier med Baltus: «Eg gremmes!»