FOTO: Stortinget

Ei samlingsregjering er ikkje svaret

I ei tid der behovet for breie og langsiktige løysingar er stort, er ikkje svaret å viske ut dei politiske skilnadene. Tvert imot.

I Tyskland er ein i ferd med å få sin fjerde «storkoalisjon» sidan sameininga av dei to tyske statane. Etter at dei to store folkepartia – sosialdemokratiske SPD og konservative CDU – er vorte redusert til 45 prosent av røystene må ein kanskje heller kalle det ein «småkoalisjon».

Men likevel: Er ein slik koalisjon mellom Arbeidarpartiet og Høgre ei god løysing for oss? La oss sjå nærare på det tyske dømet.

Tyskland har lang tradisjon for samlingsregjeringar i form av ein storkoalisjon mellom det sosialdemokratiske og det konservative partiet. Men i utgangspunktet var det ei kriseløysing.

Det har det langvarige samarbeidet mellom dei store styringsdyktige folkepartia bidrege til.

Første storkoalisjon vart til i 1966 etter at kanslar Ludwig Erhard si regjering med liberale FDP braut saman. Då berre dei tre partia var representert i Forbundsdagen, vart det ikkje anna råd: Ei storkoalisjon med 468 av 518 mandat i den vest-tyske Forbundsdagen vart til – avgrensa til tidsrommet 1966-69. Til samanlikning kjem den nye storkoalisjonen til å ha 328 av 630 mandat.

2005 til 2009 og 2013 til 2021 er åra Angela Merkels storkoalisjonar entrar scenen.

Angela Merkel er for mange i Europa sjølve symbolet på kompromissets politikk. «Politikk er det som er mogleg» uttala ho etter å ha lansert den tyske regjeringa sitt svar på klimakrisa i 2019.

Livredd for å bli kjeppjaga av eit tysk gulvest-opprør, var svaret ifølgje Die Mutti meir moderasjon i politikken. Sjølv etter over ein million tyske ungdommar hadde protestert for ein betre klimapolitikk.

Merkel var godt likt i den tyske folkesetnaden. Enno i dag er det mange som lengtar attende til dei stabile Merkel-åra.

Men «Merkelianismen» – om ein kalle den trauste og moderate politikkstilen hennar det – vart også grobotnen for eit anna «Alternativ for Tyskland». Dei har profilert seg som eit antisystem-parti frå ytre høgre. System her forstått som resten av partisystemet – eit parti som presenterer seg som annleis enn «røkla».

Det har det langvarige samarbeidet mellom dei store styringsdyktige folkepartia bidrege til.

Sosialdemokratisk hegemoni er ikkje lenger eit alternativ i eit moderne fleirpartisystem.

Når skilnadene i politikkproduksjon og framtoning mellom dei to store folkepartia viskast ut, gagnar det berre systemutfordrarar frå høgre. No har rett nok venstrepartiet Die Linke oppnådd uventa suksess i sist val. Likevel har det aldri vore noko tvil om at neste regjering kom til å samlast i midten.

I Noreg har vi klart å involvere ytterkreftene i politikken og i regjeringsprosjekta våre. SV har vore ein positiv kraft i dei raudgrøne regjeringssamarbeida dei siste åra. Vi er heldige som har to styringsdyktige regjeringsalternativ å velje mellom i Noreg.

Det må ein sjå på som det norske partisystemets store siger samanlikna med mange andre land i Europa.

Når somme frå tid til annan synest å lefle med at vi treng eit Ap-Høgre samarbeid – spesielt i møte med den uklåre geopolitiske situasjonen vi står ovanfor – er det all grunn til å åtvare mot det. Det er klokt og naudsynt at dei to partia til ein viss grad kan samarbeide om politikkutforming på kritiske område, slik som i forsvarspolitikken, i krisetider. Men eit langvarig og sameint regjeringsprosjekt må dei for all del unngå – Tyskland er det beste dømet i så måte.

Vi treng politikarar som evnar å sjå utover kortsiktige valtaktiske manøvrar og på partisystemet som heilskap. Det raudgrøne samarbeidet har i å så måte vore ein institusjonalisert motvekt til den borgarlege blokka. Eit tydeleg todelt partisystem har gitt klåre alternativ på venstre og høgre side. Veljarane kan lite på at dei får forandring om dei vil det.

Eit todelt blokksystem, som forstår å samarbeide på tvers av partiliner når det trengst, er eit gode mange land rundt oss ikkje er forunnt.

Sosialdemokratisk hegemoni er ikkje lenger eit alternativ i eit moderne fleirpartisystem. Men å halde på den tradisjonelle venstre-høgre-aksen i ei ny tid har spart Noreg for ein del trøbbel ein har fått i andre land.

Ein kan tenkje seg eit par alternativ. Jonas Gahr Støre var for ei tid tilbake på friartokt retning sentrum, nærare sagt mot KrF. Ein «midten-koalisjon» utan deltaking frå Høgre kunne vore eit alternativ. Men for det første går ikkje det matematiske reknestykket opp for tida. Venstre ville nok heller ikkje vore med på eit slikt samarbeid. For det andre ville det ha ført til at Høgre og Ap hadde kjempa om støtte frå dei same partia – og kvifor då ikkje samarbeide med kvarandre?

Samarbeid i midten gjer dei politiske skilnadene uklåre. Men kvifor er det eit problem?

Veljarane har interesse av klåre og pålitelege alternativ. Det løner seg ikkje å røyste på eit såkalla styringsdyktig parti om dei berre samarbeider med det andre styringsdyktige alternativet. Eit regjeringssamarbeid kan ikkje baserast på styringsmessig dugleik. Det er ikkje ein altoverstyrande verdi i seg sjølv.

For kva er den ideologiske profilen til partia då – dei verdimessige skilnadene? Dei ligg i botnen uansett (iallfall bør dei det) – samarbeid hit eller dit.

Politikk er ikkje berre problemløysing. Det er også til sjuande og sist strid om ulike samfunnsvisjonar. Dei sosialdemokratiske partia i heile Europa har i mange tilfelle missa sitt verdimessige kompass av di dei har «tatt ansvar» og søkt samarbeid i midten. Det kan gå ei viss tid, men veljarane merkar raskt at produktet dei tilbyr ikkje er noko særleg spesielt.

Ein skal tenkje seg nøye om før ein gir slepp på det.

Som Christopher Achen og Larry Bartels har skrive om i boka Democracy for Realists avgjer veljarane kva dei vil røyste på i stor grad på bakgrunn av sosial identitet og partipolitisk lojalitet. I ei tid der arbeidarklassekulturen er omskiftande og den politiske organiseringa på nedgang er det om så viktigare å framstå som eit einheitleg regjeringsalternativ.

Samstundes rommar ei koalisjonsregjering plass til fleire ulike identitetar. Det har vore styrken i det raudgrøne prosjektet. “By og land, hand i hand”-koalisjonen var i mellomkrigstida føresetnaden for at det norske politiske systemet forblei stabilt i ei geopolitisk krisetid.

Men: Ein regjeringskoalisjon må ha ein klår idé for å få eit klårt mandat. Viss ikkje er den ikkje liv laga.

Eit todelt blokksystem, som forstår å samarbeide på tvers av partiliner når det trengst, er eit gode mange land rundt oss ikkje er forunnt.

Ein skal tenkje seg nøye om før ein gir slepp på det.