Vi kan ikkje akseptere at demokratiet vårt blir forma av forretningsmodellar som tener på splitting.
Mange av dei næraste venene mine då eg vaks opp, møtte eg på internett. Gjennom spel, forum og chat. Nokre av dei snakka eg med kvar dag. Av og til undrar eg meg over kvar dei blei av, og korleis det gjekk med dei som sat åleine framfor kvar sin skjerm, slik eg gjorde.
Eg var heldig. Eg fann gode fellesskap på nett og seinare på skulen og i arbeidslivet. Men nettet kan også isolere. Der finst ikkje berre vener, men også sinne, frustrasjon og miljø som dyrkar kjensla av å stå utanfor.
Ein startar kanskje med humor, ironi eller generell frustrasjon, og endar gradvis i meir ekstreme miljø.
Utanforskap er ikkje berre trist. Det kan vere farleg. Når ein ikkje blir sett eller høyrd, kan sjølv destruktive miljø kjennast som ein heim. Falske fellesskap gir noko mange saknar: tilhøyrsle, identitet og ei forklaring på kvifor livet kjennest urettferdig. Dei tilbyr enkle svar på kompliserte problem, ein fiende å rette frustrasjonen mot og ei kjensle av å vere del av noko viktig.
Slik kjem dei også i kontakt med unge. Gjennom spel, kommentarfelt, forum, videoar og algoritmar som fører deg vidare frå eitt klipp til det neste. Ein startar kanskje med humor, ironi eller generell frustrasjon, og endar gradvis i meir ekstreme miljø. Det skjer sjeldan brått. Det skjer litt etter litt, medan ein får merksemd, anerkjenning og eit fellesskap som verkar varmt, men som byggjer på forakt og polarisering.
Vi kan ikkje akseptere at demokratiet vårt blir forma av forretningsmodellar som tener på splitting.
Bak mykje av dette står ikkje berre enkeltpersonar, men sterke internasjonale aktørar og store teknologiselskap som tener pengar på merksemda vår. Sinne, frykt og konflikt skapar klikk, delingar og skjermtid. Algoritmane bryr seg ikkje om kva som byggjer menneske opp eller riv dei ned. Dette er ikkje ei naturleg utvikling. Det er resultat av politiske val om å la plattformane regulere seg sjølve.
I dag formar algoritmar mykje av verda vi ser. Dei forsterkar det vi allereie meiner og gjer avstanden mellom oss større. Polariseringa aukar, og verda kan kjennast hardare. Samstundes tener store teknologiselskap og maktfulle aktørar på merksemda vår, også når ho blir driven av sinne og frykt. Vi kan ikkje akseptere at demokratiet vårt blir forma av forretningsmodellar som tener på splitting. Tiden for naivitet er over.
Over tid kan det kjennast som om alle andre er mot deg.
Algoritmane er ikkje laga for å gjere oss klokare eller meir nyanserte. Dei er laga for å halde oss lengst mogleg på skjermen. Det som provoserer, skremmer eller gjer oss sinte, fangar merksemda vår sterkare enn det som er roleg og samlande. Difor blir konflikt, sterke kjensler og ytterpunkt løfta fram, medan det som bind oss saman ofte forsvinn i bakgrunnen.
Slik kan ein gradvis få eit bilete av verda som meir fiendtleg enn ho faktisk er. Ein møter stadig fleire innlegg som stadfestar eigne frustrasjonar, og færre som utfordrar eller utvidar perspektivet. Over tid kan det kjennast som om alle andre er mot deg, og at samfunnet er delt i leirar som ikkje lenger snakkar saman.
For unge som allereie kjenner seg utanfor, kan dette bli ei kraftig forsterking av einsemd og sinne. Det som startar som søking etter fellesskap, kan ende i miljø som lever av å halde liv i nettopp desse kjenslene.
Ekstreme miljø tilbyr ofte enkle svar på kompliserte problem. Nokon har skulda, verda er delt i gode og vonde, og løysinga er å stenge ute eller kjempe mot dei andre.
Men verda er ikkje enkel, og menneske er ikkje enkle. Vi er samansette, motseiingsfulle og i stadig endring. Konfliktar har fleire årsaker, og dei fleste menneske ber på både gode og dårlege sider. Å leve saman krev at vi toler denne kompleksiteten.
Det viktigaste vi kan gjere er å få ned forskjellane.
På internett er det lettare å sleppe det. Der kan vi redusere andre til ei meining, eit bilete eller ein kommentar. Vi kan avskrive menneske utan å møte blikket deira, utan å høyre historia deira, utan å sjå alt som ikkje passar inn i eit enkelt fiendebilete.
I fysiske fellesskap er dette vanskelegare. Når ein sit i same klasserom, jobbar på same arbeidsplass eller speler på same lag, blir ein tvinga til å sjå kvarandre som meir enn symbol. Ein oppdagar at den ein er usamd med også kan vere ein god kollega, ein morosam ven eller ein som slit med sitt.
Det krev at vi prøver å forstå også dei vi er usamde med. Å forstå er ikkje det same som å akseptere. Men utan forståing finst det ingen veg vidare.
Mange er opptatt av førebygging, men vi må snakke meir om korleis vi kan bygge sterkare unge og hindre at menneske fell utanfor. Skule, arbeid og aktivitet er ikkje berre velferdstiltak. Det er samfunnsbygging. Likevel har vi dei siste åra sett kutt og nedprioriteringar frå høgresida i kommunane våre som svekkjer nettopp dei arenaene som fangar opp unge tidleg.
Når slike tilbod blir kalla «sløsing», viser det ei grunnleggjande misforståing av kva som faktisk byggjer eit trygt samfunn.
Det viktigaste vi kan gjere er å få ned forskjellane. Å styrkje Ungdomsgarantien, gi unge tilgang til bustadsmarknaden og alle grep som kan få unge i arbeid, utdanning eller aktivitet. Aukande økonomiske forskjellar er ikkje tilfeldig. Dei kjem av politiske prioriteringar. Og dei kan endrast gjennom politiske prioriteringar. Arbeid gjer meir enn løn. Det gir struktur, ansvar og møte med andre menneske. Ein blir sakna om ein ikkje kjem. Slik blir ein del av noko større enn seg sjølv.
Difor må vi styrkje dei ekte fellesskapa der menneske møtest ansikt til ansikt. Stader der ein blir sett som eit heilt menneske, ikkje berre som ein profil eller ei meining. Det krev vilje til å investere i offentlege tenester, fritidsklubbar, skule og nærmiljø, ikkje skattekutt som først og fremst gagnar dei som allereie har mest. Vi må slå eit slag for dei lågterskel møteplassane og det styrka laget rundt, med trygge vaksne som er der for å lytte. Når slike tilbod blir kalla «sløsing», viser det ei grunnleggjande misforståing av kva som faktisk byggjer eit trygt samfunn.
Inkludering skjer ikkje gjennom store ord åleine. Ho skjer når vi inviterer nokon med, lyttar og gir menneske ein plass å bidra. Falske fellesskap utnyttar dei som står åleine. Ekte fellesskap gjer at færre gjer det.


Kommentarer