FOTO: NeONBRAND/Unsplash

Gå mann, kor kjipt. Kor e alle norskheltane?

Bli norsklærar, det er ingen ting å tvile på. Bli ein del av indrefileten i skulen.

Eg les med minst eit blankt auge om nedgang i interesse for å studere mellom anna norskfaget ved universitetet i Bergen. Det er ikkje ein reklametekst for eit fag i andenaud dette, meir eit «Hæ! Er det mogleg!», frå ein ikkje utlærd norsklektor som kvar dag møter på jobb for å lære noko nytt, og rett som det er lærer eg bort noko òg, viser det seg.

Då eg var student, var det ei rekke med fag som var innhylla i sånn ærefrykt at det var nesten nifst å søke på dei. Fag som historie, norsk og filosofi var so høgt oppe i sfærane at dei meir forsiktige og smålåtne av oss gjekk for meir lågthengande frukt som litteraturvitskap, sosialantropologi og andre som ikkje er verd å nemne ein gong. Dei førstnemnde var bankers for ein som ville bli lektor i skulen; norsk er og var faga sitt fag.

I filosofien møter vi tankeverda til dei skarpaste tenkarane av oss, kvinner som menn.

Dei andre faga var ikkje like gilde på cv-en når du ein dag skulle ut på jobbmarknaden, diverre. Med norsk, historie og eit anna historisk-filosofisk fag var ei interessant framtid sikra. Slik er det framleis! Faget kan nok moderniserast noko på universiteta, men då treng ein og glødande studentar som utfordrar faglærarane sine opptrakka råser i gode dialogar.

Kva ein ungdom i 2023 bør lese og skrive, har andre svar enn kva ein ungdom i 1995 burde lese. Didaktikken sine grunnspørsmål – kva, kvifor og korleis – blir ein aldri ferdig med, fordi grunngjevingane endrar seg med elevane sine endra språk – og livsvilkår utanfor klasserommet. Langlesinga har harde kår, bli med og slåst for den!

Utan ei god fagleg språkkunne i sitt eige morsmål, vil eleven garantert kome til kort i mange av faga i skulen. Med historiefaget køyrer du forsvarleg framover, med eit retrospekt stødig blikk på tabbar og suksessar i menneskeslekta si historie; korleis vi levde og innretta oss med den kunnskapen vi då hadde. Du innser at du ikkje er på høgda av historia, men berre eitt ledd i ei aldri stoppande røyrsle der du sjølv er dømt til å bli ein del av andre sin historie.

I filosofien møter vi tankeverda til dei skarpaste tenkarane av oss, kvinner som menn. Kva kan dei frå sin ståstad i historia fortele oss om «the human condition», det å vere ein endeleg konstruksjon i ei utvikling der vi kjenner verken byrjing eller slutt. Lyrikken tek kanskje over der metafysikken stanger mot veggen. Med Hans Børli sine ord, sikkert etter ein kald, lang dag i tømmerskogen: «Mennesket er ikke annet enn en askehaug mellom to evigheter av lys».

For ein gjeng av makelause individ du kan møte som norsklærar!

Filosofien har gjeve oss mange opp- og nedturar, men heldigvis er grunnlaget for å forstå kvarandre meir robust enn det dekonstruksjonen prøvde å forvirre oss med på nittitalet. Filosofien er jo òg eit språkfag, som utforskar grensene for kva som er mogleg å uttrykke og kvar vi kjem til kort, slik at Børli eller andre må ta over.

Eg vil rante litt til om norskfaget før eg risikerer å avsløre uendelege kunnskapshol i dei andre nemnte faga. Vi har ein ny læreplan i skulen som tek for lett på alt det historiske i ein lettvint samtidsorientering der det nyaste er det viktigaste, og slik er det jo ikkje for oss som har rota rundt i humaniora nokre år.

Eg las ein litt aforistisk omtale av humaniora der eg berre husker poenga, ikkje den korrekte ordlyden: humaniora er å rekne kollektivets plan B, som vi kan bruke når røyndommen røyner på, som røyndom har det med å gjere. Kva gjer vi når det ikkje gjekk etter planen, dette livet vårt? Kanskje vi skal sjå på kva andre har tenkt før oss? For meg har humaniora vore å rekne som menneskeheita sin kriseplan, eit hav av skisser for sorgarbeid og strategiar vi kan sjå til når det vi har planlagt brått fell bort. Eller kanskje, kanskje gjere oss meir førebudd.

Det luraste og kjekkaste eg har gjort

Sjølv feiga eg ut då eg skulle velje fag som fersk student, og kom først til norskfaget etter fleire år som lærar, eg jobba meg gjennom fagnivåa fram til ein mastergrad i vaksen alder, kanskje det luraste og kjekkaste eg har gjort fagleg i dei 27 år som har gått sidan eg vitskremt stirra ein vill og gal sjuandeklasse inn i augene.

Leik deg med innhaldet, mesk deg i litteraturen, kos deg med retorikken, eksperimenter med semantikken og unngå panikken for grammatikken!

Det gjekk på ein måte, med ungdommeleg hybris, evne til autodidakt ubetalt vidareutdanning, mykje humor og galskap. Det har ført til at eg er no der eg vil vere, som norsklektor å hjelpe vaksne minoritetsspråklege fram til eit norsknivå som gjev dei høve til å klare høgare utdanning. Og bli glad i so mange komponentar av norskfaget som mogleg sjølvsagt.

Det er noko eige når ei vaksen dame frå Tyrkia som arbeidde i åtte år som dommar, utbryt: «Eg elsker diktanalyse», og eit flogvit frå Aleppo startar kvar dag med å høyre på «Du må ikkje sove». For ein gjeng av makelause individ du kan møte som norsklærar!

Det jamne, varierte fagarbeidet som gjer elevane tryggare, friare og meir kreative i språket sitt, kjernen i sjølve kommunikasjonen mellom menneske, er eit stort og arbeidskrevjande arbeid. Det krev dedikerte lærarar med store stallar fulle av kjepphestar, slik at du kan det som ein svensk kollega av meg kalte «å entusiasmera».

Entusiasme smitter, og det er du som norsklærar som avgjer om noko blir eit halvhjerta pliktløp i klasserommet, eller om du får det til å koke.

Ein må ikkje la seg skræme av skildringar om arbeidspress og den arkaiske førestellinga om rettebunkar som går i taket. Vi har nye vurderingsformer og styrka elevdeltaking som lettar mykje av presset på det einsame geniet med analog og digital rettepenn, og vi har kome langt i å rasjonalisere faget.

Kvar dag i klasserommet ditt vil eleven lære noko nytt.

Leik deg med innhaldet, mesk deg i litteraturen, kos deg med retorikken, eksperimenter med semantikken og unngå panikken for grammatikken!

Ikkje ta ukritisk over førestillingar om kva elevane må lære etter sedvane, men ta djerve val som skapar gnist i både deg sjølv og gjengen din. Det har blitt skrive god litteratur etter Ibsen, sjølv om eg held på at det er betre med fire veker djupdykk i «En folkefiende» enn analyse av reklametekster og uendelege diskusjonar om elektroniske sparkesyklar, skuleuniform eller ikkje, eller andre liknande lettbeinte sprell som er gløymt veka etter.

– Lær elevane å tale der dei andre teier

Køyr dr. Stockmann, følg so opp med samtidsskildringar av lokal og nasjonal varslingsproblematikk, og du oppdagar fort overføringsverdi. Sanningsagentar vert ikkje set pris på, trass prisen det kan ha: lær elevane å reise seg der andre sit og å tale der dei andre teier. Usemje utviklar, einigheit er den intellektuelle død, og vi treng kritiske informerte språksterke framtidsborgarar for å utvikle ei framtid der det menneskelege framleis har styring, og ikkje elektronisk effektiviseringslogikk og logaritmiske kunnskapskulturar frå ein digitalindustri som ser på all utvikling som predestinert endring som alle skal underkaste seg.

Norskfaget er ein stor mosaikk av fargerike bitar som passar og ikkje passar saman, eit meinings- og kunnskapsmangfald som kan gje eleven akkurat det som skal til for å forstå seg sjølv i verda, og kva uendeleg verdi det er i eit språk som ikkje står i vegen for det du ønsker å seie inst inne.

Den nyaste læreplanen, manglar til trass, er eit flott utgangspunkt for å utforske språk og litteratur ut frå møtet mellom der elevane er, og kvar du er som fagperson og medmenneske. Kvar dag i klasserommet ditt vil eleven lære noko nytt, og kvar dag vil du lære noko nytt, i eit uføreseieleg og sprelsk møte mellom menneske og ord. Med mindre du er ein humørlaus pedant som vil sjonglere med fasitar. Då er andre fag betre. (kastar meg i dekning)

Bli norsklærar, det er ingen ting å tvile på.

I den samtida vi har no, og dei utfordringane vi har i skulen, har vel neppe behovet for stolte og sterke lærarar i norskfaget vore større. Her kan vi ta med det beste frå fortida inn i samtida og ruste elevane for framtida. Gjennom orda utforskar vi den verda vi ikkje ser, fordi den enten er inne i oss, eller for langt borte frå oss til at vi kan observere den. Språket og bilda faget gjev oss sprenger tid og rom, og knyter menneska saman på tvers av historie og topografi.

Vi treng fleire soldatar for skulens viktigaste fag, ambassadørar for framtida som ikkje skil mellom nynorsk og bokmål, men mellom skitprat og fornuftig tale i ei tid overfylt av memes, fake news og tekstar i twitterformat. Du er den beste ChatBoten ungdommen kan få, ein lærar som ser heile mennesket, og ikkje berre ein sjellaus digital superkraft som responderer logaritmisk på spørsmåla vi måtte kome med.

Bli norsklærar, det er ingen ting å tvile på. Bli ein del av indrefileten i skulen. Det periodiske system kan andre ta seg av.

(Først publisert i Utdanningsnytt.)