FOTO: Martin Koksrud Bekkelund/bekkelund.net

Oppskrift på forfall

Dersom du skulle ha eit ønske om å avvikle den norske modellen, her er oppskrifta.

1) Ver begeistra for nye og kjappe framlegg om hurtigare deltaking i arbeidslivet for alle dei nye flyktningane. Særleg er politikk som kan skape ein eigen type arbeidstakarar med lågare løn, mindre effektivitet og færre rettar, gunstig for å demontere den norske modellen. Du kan bruke argument som: Er det ikkje betre for alle at flyktningane arbeider med litt lågare løn då? Vil du heller at dei skal sitje på eit mottak og ikkje gjere noko?

2) Støtt heilhjarta opp om alle – alle – framlegg som vil ha meir behovsprøving av velferdsordningane. Ikkje minst er endringar som fjernar føremoner for den velfødde norske middelklassen, gunstige. Først tar du SFO. Så tar du sjukehusa. Få bort barnetrygda, innfør meir behovsprøving og få inn graderte betalingssatsar overalt der det går an. Gå langsamt fram før du rettar siktet mot dei store fuglane.

Hugs å kritisere EU for alt EU ikkje får gjort.

3) Parallelt med arbeidet for endringar i arbeidsliv og velferdsstat i Noreg, arbeid målretta for å hindre langsiktige fellesløysingar på felles-europeiske problem. Pass på at det ikkje skjer byrdefordeling av flyktningar i Europa. Hald fram med å motarbeide EU og alt som smaker av overnasjonalitet. Her vert det gjort mykje godt arbeid allereie. Og for kvar gong du har bidratt til at EU ikkje kan handle meir overnasjonalt: Hugs å kritisere EU for alt EU ikkje får gjort.

Dersom du derimot har eit ønske om å verne den norske modellen, her er dei du må passe opp for. Vi følgjer rekkjefølgja i oppskrifta oppfor i tur og orden.

1) Venstres Trine Skei Grande, Flyktninghjelpa og NOAS meiner den beste måten å hindre at fleire titusen flyktningar vert sitjande uverksame er midlertidige tilsetjingar. Flyktningar kan jobbe medan dei venter på opphaldsløyve. Det er liksom vinn-vinn: Det senker offentlege utgifter, og det er godt for flyktningane. Slik er quick-fix strategien.
Problemet er, for det første, at jobbane til lågt kvalifiserte flyktningar som ikkje kan norsk, dei jobbane veks ikkje på tre. Den ordinære arbeidsmarknaden vil i ei nedgangstid ikkje kunne absorbere mengder av ny og lågt kvalifisert arbeidskraft dersom dei ikkje vert subsidierte eller flyktningane kan jobbe for mykje lågare løn. Flyktningane vil då ta jobbane frå andre utsette yrkesgrupper, til dømes EØS-innvandrarane.

Den lange vegen går mot grundigare kvalifisering til «dei ekte jobbane».

Kan ikkje det offentlege opprette mange jobbar for å få utført vedlikehaldsarbeid på skular og liknande, då? Men slikt arbeid er ikkje ordinært arbeid; det er «halv-jobbar» som truleg vil ha svært låg produktivitet. Med quick-fix strategien sin trur Venstreleiaren og leiarane av dei frivillige organisasjonane at det finst ein snarveg når menneske med låge kvalifikasjonar utan norskkunnskap skal inn i eit av verdas mest kunnskapsintensive og høgproduktive arbeidsliv. Men byggematerialet til den snarvegen består primært av ønsketenking. Ein økonomi med langt større arbeidstilbod frå lågutdanna fører til låglønn-konkurranse og meir sosial dumping.

Den lange vegen går mot grundigare kvalifisering til «dei ekte jobbane». Den svingar ikkje utanom språkopplæring og utdanning. Det tyder ikkje at introduksjonsprogrammet for flyktningar og yrkesopplæringa i Noreg nødvendigvis er særleg god. Men det er denne hovudvegen som må forbetrast, det finst ikkje nokon quick fix. Ei reform av yrkeskvalifiseringa burde involvere bedriftene endå meir, som i Tyskland, og kanskje ha fleire stimuleringsmidlar for kvalifiseringsopphald ute i verksemdene. Det vil vere betre enn politikk som fører fram til det todelte arbeidslivet. I det arbeidslivet er fleire av dei som arbeider, likevel fattige.

Ein politikk for dei fattige vert fort ein fattigsleg politikk

2) Venstre, med liberalisten Sveinung Rotevatn i spissen, har i årevis gått inn for meir behovsprøving av velferdsordningane. Partiet vil endre barnetrygda slik at barnefamiliane med middels inntekt får mindre offentleg stønad til å dekke ekstrakostnadene til barna. Partiet ønsker klarare særordningar for fattige. Fattige skal få meir i barnetrygd. Tankegangen til Venstre er at ved å bygge ned universialiteten, som betyr at dei same velferdsordningane er like for alle, kan dei som treng det mest, få meir støtte. Men igjen er risikoen at politikken ser finare ut på skrivebordet til politikarane enn i røyndomen. Ein politikk for dei fattige vert fort ein fattigsleg politikk, som ein av våre fremste velferdsforskarar, Stein Kuhnle, har formulert det.

Dersom velferdsordningane vert meir selektive ved at dei som har lågare inntekter får spesialordningar, medan ordningane vert mindre gunstige for dei med høgare inntekter, vil velferdsstaten langsamt slutte å vere eit felleseige. I dag får dei med middels og høg inntekt, som betaler meir skatt enn dei med låg inntekt, mykje igjen frå staten dei skattar til. Om dei ikkje skulle gjere det lenger, vil dei kunne tene på ei alternativ velferdsorganisering med lågare skatt og fleire private velferdsordningar. Då vil dei kunne mobiliserast politisk for ein mindre solidarisk politikk.

Skilnadene i Noreg vil då over tid kunne verte større, ikkje mindre.

Dersom resultatet vert at på sikt tar det offentlege seg av dei fattigaste medan velståande til dømes får skattefrådrag for å bruke velferdsordringar i privat regi, forsvinn dei mest nødvendige kritikarane og forsvararane bort frå velferdsstaten. Ein overgang til mindre universialitet vil kunne føre til det motsette av det Venstre hevdar. Dei fattige får eit eige godhjarta fattigdomsstempel på seg. Dei velståande trekk seg ut av den offentlege velferdsstaten. Skilnadene i Noreg vil då over tid kunne verte større, ikkje mindre.

3) Flyktningstraumen har auka til proporsjonar ingen var budde på. Under valkampen sommaren 2015 kom SV-leiaren Audun Lysbakken difor på at han skulle reise til ei gresk strand og reportere til norske media derifrå. Bodskapen hans, via norske media, var at no må EU jammen få i stand ei europeisk byrdefordeling. Men adressaten var ikkje europeiske leiarar, det var norske veljarar. Til orientering er det ikkje norske veljarar og norske politikarar som avgjer den europeiske byrdefordelinga, det er EU-landa. Utspelet likna moralsk posering.
I valdebattane hevda KrF-leiar Knut Arild Hareide det same som Lysbakken med harmdirrande røyst. At flyktningkrisa ikkje kan løysast ved at dei «snille» landa tar i mot alle, hadde dei jo rett i. Problemet er naturlegvis at EU ikkje er sterkare enn kva nasjonalstatane i Europa gjer EU til. Nokre problem, som flyktningkrisa eller til dømes klimapolitikken, er det umogleg for kvart einskild land å finne endelege løysingar på åleine.

Jo fleire land som har ei slik haldning, jo vanskelegare vert det å finne ei løysing.

Problema sin natur er slik at dei ikkje følgjer landegrensene. Dermed må løysingane også vere grenseoverskridande. Men overnasjonale løysingar føreset at kvar nasjonalstat lyt gje frå seg litt suverenitet, for å få meir felles handlekraft. Lysbakken og norsk venstreside sit i sofaen i lag med dei kreftene som i årevis systematisk har undergreve alle forsøk på å byggje europeisk handlekraft. Kathrine Kleveland, leiar i Nei til EU, tar avstand frå at Noreg sitt bidrag under flyktningkrisa skal vere del av ein felles europeisk plan. Noreg må avgjere på eiga hand kor mange flyktningar vi skal ta i mot, meiner ho (Dagsnytt 18, 23.10). Jo fleire land som har ei slik haldning, jo vanskelegare vert det å finne ei løysing.

Parti som SV og KrF er saman med Senterpartiet mellom dei viktigaste støttespelarane til Nei til EU. Nei til EU representerer i Europa-spørsmål i hovudsak dei same haldningane som desse partia står for. Sjølvsagt ønsker SV og KrF i lag med Nei til EU at Noreg skal ta i mot flyktningar. Men samstundes arbeider altså Nei til EU på same vis som SV og KrF for prinsippet om nasjonalstatleg oppsplitting i staden for felleseuropeisk politikk. Bård Vegar Solhjell i SV har sagt at i og med Schengen-samarbeidet vil Noreg ta sin del av ansvaret.

Men slik det er no, vil Noreg ved sitt utanforskap kunne bestemme om vi skal vere med på avtaler dei andre kjem fram til også innanfor Schengen. Det er nettopp denne sjåvinistiske innstillinga til samarbeid som generelt hindrar europeiske løysingar. Gjorde alle som oss, fanst det ikkje lenger felleseuropeisk politikk. Tilfeldige avtalar kunne no og då føre til samarbeid, men då eit samarbeid med langt fleire gratispassasjerar enn passasjerar som faktisk betalte for bussbilletten.

Dei som på sikt bidrar mest til politisk forfall, kan vere andre enn dei «umoralske».

Svært mange land, som til dømes Polen, ønsker ikkje å ta i mot fleire flyktningar. Dersom det er «dei snille» landa som skal bere byrdene av flyktningkrisa åleine, vil land som Noreg knappast kunne halde oppe sitt noverande velferdssystem. Eldrebølgja skyl snart inn og finansministeren tærer alt på sparepengane vi hadde sett av for å møte ho. Samstundes vert flyktningrekninga dyr. Om det ikkje skjer ei byrdefordeling mellom europeiske land, vil det vere vanskeleg for Noreg både å betale denne rekninga, møte eldrebølgja og samstundes ha same standarden som no på velferdsordningane.

Konklusjonen vert at dei som på sikt bidrar mest til politisk forfall, kan vere andre enn dei «umoralske». Det kan snarare vere dei mest moralsk høgverdige alternativa i den grad desse manglar vilje til å byggje politisk handlekraft. Om dei får vind i segla, kan nok liberalistar endre berebjelkane i norsk politikk; det er knappast ein oppsiktsvekkjande påstand. Men, om den føregåande analysen er rett, kan også moralposørar utan blikk for kva som skaper politisk handlekraft, gjere det. For dei som vil verne den norske modellen, kan desse vere eit større problem enn arbeidsgjevarar og høgrepopulistar. Trekløveret Sveinung Rotevatn, Knut Arild Hareide og Audun Lysbakken representerer på kvar sin måte haldningar som kan føre til at den norske modellen forvitrar.