FOTO: Jana Sabeth Schultz/Unsplash

Skeive må utvikle sin eigen agenda

Har den moderne skeive rørsla mista noko av si radikale kraft i kampen for å bli ein akseptert og anstendig del av storsamfunnet?

Det er vanleg å tenke på den moderne homohistoria som ei suksessrik framtidsforteljing, der skeive gradvis har vunne stadig større innpass i storsamfunnet og blitt del av den akseptable majoriteten. Noko av det mest interessante med den nye boka Skeive linjer i norsk historie er at den får fram alle spenningane og diskusjonane i den moderne homorørsla opp gjennom tida. I dag er likekjønna ekteskapslovgiving og likestilling når det gjeld formelle rettar viktige politiske saker, men det har ikkje alltid vore slik.

Kontrasten til dagens situasjon er stor, der det skeive mangfaldet blir hylla.

I boka går forfattaren Hanne Marie Johansen detaljert til verks og byrjar med kjønns- og seksualitetsmangfald i vikingtida. Men grunnlaget for den moderne homorørsla og den homoseksuelle identiteten vart lagt på 1800-talet, i takt med kriminalisering og psykiatrien si interesse for ulike seksuelle “perversjonar”. Den moderne psykiatrien la til grunn at den homoseksuelle var sjuk, og strevde med ei indre legning som han ikkje kunne noko for.

Dei homoseksuelle trong derfor behandling i staden for fengsel. I dag verkar dette synet sjølvsagt krenkande, men på starten av 1900-talet representerte dette ei meir tolerant haldning til homofile. Eit viktig poeng å ta med seg er i alle fall at synet på homoseksualitet som ei medfødt og uforanderleg legning, har følgt oss fram til i dag. Homofil, lesbisk og andre skeive identitetar som vi i dag tek for gitt, er resultatet av ei kompleks historisk utvikling.

Skeive linjer i norsk historie
Skeive linjer i norsk historie

Ei anna viktig innsikt som det kan vere verdt å hugsa i dag, er at opp gjennom historia har homofile og lesbiske blitt sett på som eit sosialt problem, på linje med prostitusjon, pedofili og andre formar for avvik som storsamfunnet ikkje har ønska å ha noko med å gjere. “Gutteprostitusjon” var til dømes ei utbredt frykt blant både borgarskapet og i arbeidarklassen, og mange var redde for at avkriminalisering ville føre til at vaksne homoseksuelle kom til å forgripe seg på unge.

På 1980-talet vart rørsla hardt råka av aidsepidemien. I fyrste omgang førte epidemien til at konservative krefter på ny fekk vatn på mølla.

Kontrasten til dagens situasjon er stor, der det skeive mangfaldet blir hylla.

På 1950-tallet blei Det norske forbundet av 1948 (DNF-48) etablert som den første interesseorganisasjonen for homoseksuelle kvinner og menn. I byrjinga arbeidde dei diskré og målretta fram mot avkriminalisering, noko dei lukkast med i 1972. Det er positivt at det ikkje berre er Kim Friele som blir nemnd i boka, vi blir også kjent med pionerar som Dermot Mack, Rolf Løvaas og Finn Jensen.

På 1970-talet var Kim Friele og DNF-48 svært kritiske til å arbeide for felles ekteskapslov. Dei ville ikkje at homofile skulle reprodusere ein arkaisk institusjon som ekteskapet, men heller utfordre storsamfunnet sin hyllest av det tradisjonelle samlivet og kjempe for einslege og andre som fall utanfor storsamfunnets tronge normer for samliv.

På 1980-talet vart rørsla hardt råka av aidsepidemien. I fyrste omgang førte epidemien til at konservative krefter på ny fekk vatn på mølla. I byrjinga frykta myndigheiter at fleire tusen kom til å døy, men epidemien spreidde seg ikkje like mykje som ein frykta. Det vart oppretta eit utbreidd samarbeid mellom dei skeive organisasjonane og styresmaktane, fyrst og fremst Helsedirektoratet.

På 1990-tallet vart mange igjen kritiske til dei politiske strategiane til den tradisjonelle homorørsla.

Det var på denne tida at dei første levekårsrapportane såg dagens lys. Mange vil hevde at dette samarbeidet på lang sikt førte til at homoorganisasjonane vart meir reinvaska i offentlegheita. Samstundes vart radikale saker som kritikk av kjernefamilien og rådande familieideal gradvis lagt bort, til fordel for kamp for adopsjonsrettar og jamstilt ekteskapslov.

Dette retningsvalet gjekk ikkje stille for seg. Mange i homorørsla var skeptiske til at dei skulle arbeidde for å vinne innpass i heterosamfunnets institusjonar, og gjere homoseksualiteten anstendig. Dei ville heller at rørsla skulle utfordre tradisjonelle verdiar, og kjempe side om side med andre marginaliserte grupper. Det var derimot dei normalitetssøkjande aktørane som vann fram på sikt.

Mange av dei personane som gjekk inn for den toleransesøkjande linja og vann kampen om leiarskapet i homorørsla på 1980-tallet, har i seinare tid skapt seg ein karriere innanfor politikk og samfunnsliv.

Skeive linjer i norsk historie skildrar ikkje berre sigrane til den skeive rørsla, men også den radikale arven som ein på mange måtar har lagt bort for å vinne offentlig gunst.

På 1990-tallet vart mange igjen kritiske til dei politiske strategiane til den tradisjonelle homorørsla. Både akademikarar og aktivistar meinte at rørsla tilpassa seg storsamfunnet, for å vinne storsamfunnets gunst, i staden for å kjempe mot undertrykkande normer. Kampen for likekjønna ekteskap, adopsjon og andre juridiske rettar held likevel fram med å dominere den politiske dagsorden, og slik er det framleis i dag.

Det er få radikale forslag å spore i dagens konkrete politikk. Eit spørsmål ein kan sitte igjen med etter å ha lese denne boka, er om ikkje den moderne skeive rørsla har mista noko av si radikale kraft i kampen for å bli ein akseptert og anstendig del av storsamfunnet?

Skeive linjer i norsk historie kan gi dagens skeive aktivistar ei meir nyansert forståing av den skeive historia. Felles ekteskapslov blir i dag rekna som kronjuvelen av mange, sjølve draumen og livsmålet for alle skeive. Men slik har det ikkje alltid vore. Ein kan få inntrykk av at den skeive rørsla opp gjennom tida har representert både utanforskap og utfordra fastgrodde og hegemoniske kjønnsnormer på ein meir like radikal måte enn i dag.

Skeive linjer i norsk historie skildrar ikkje berre sigrane til den skeive rørsla, men også den radikale arven som ein på mange måtar har lagt bort for å vinne offentlig gunst. Slik kan boka bidra til å reflektere over vegen vidare for den skeive rørsla og stake ut kursen for vidare kamp. Ein kamp for skeive liv som søker å bygge ei verd bortanfor det vi kjenner i dag, der skeive ikkje må søke aksept på heterosamfunnet sine premissar, men utviklar sin eigen agenda.