FOTO: National Cancer Institute / Unsplash

Slutten på «Fritt behandlingsvalg» er bra, men…

Trass i den kampanjeprega retorikken som blir ført, vil eg meina at slutten på «Fritt behandlingsvalg» i det store og heile er bra for ei sterk offentleg helseteneste som kan vera til like stor hjelp for oss alle. Men regjeringa må ikkje hella ut barnet med badevatnet.

Me har i lang tid sett store, private helseaktørar, interesseorganisasjonar og ei rekke politikarar bruka store ord om den katastrofen det er for norske pasientar at Høgre sin «baby» i helsepolitikken, «Fritt behandlingsvalg», vil bli avvikla av regjeringa. Ja, det har faktisk blitt hevda at fleire tusen liv kan gå tapt, utan at eg har sett noko forsøk på å dokumentera ein slik påstand.

Det høyrest tilforlateleg ut at det er eit framsteg og noko positivt at pasientane i stadig større grad skal få velja kor dei vil ha behandlinga si, anten i den offentlege helsetenesta eller i den private, oftast kommersielle delen av helsetenestene. Og for den enkelte som faktisk får dette valet er det nok ofte også positivt.

Staten har fått ei stadig stigande tru på at offentlege velferdstenester skal styrast etter bedriftsøkonomiske prinsipp.

Men er det positivt i lengda og er det positivt for fellesskapet? Kort sagt, er det bærekraftig? Her meiner eg me må skilja mellom kommersielle aktørar, som i stor grad tilbyr det same som den offentlege helsetenesta gjer, og ideelle aktørar som ofte tilbyr tilnærmingar og organisering som er kvalitativt ulik det offentlege. Desse vil i mange tilfelle føra til eit breiare tilbod enn det offentlege aleine klarer.

For ein som har arbeidd i mange år innanfor dei offentlege helsetenestene, både i første- og andrelinje, ser utviklinga dei siste åra enkelt sagt slik ut: Staten har fått ei stadig stigande tru på at offentlege velferdstenester skal styrast etter bedriftsøkonomiske prinsipp, som om dei var private bedrifter. Dette har medført aukande byråkratisering og stadig nye rapporteringsrutiner, som i sin tur fører til at helsepersonell brukar stadig meir tid på administrativ dokumentasjon. Dette er sider ved dei offentlege helsetenestene som ikkje akkurat verkar rekrutterande på fagfolk.

Samtidig, i ein annan del av Helse-Noreg, har det blitt rulla ut ei ordning der kommersielle private helseinstitusjonar kan tilby sine tenester meir eller mindre fritt, for helseføretaka si rekning, dersom pasientane vel behandling der.

Det er ikkje vanskeleg å sjå korleis ei slik offentleg finansiert kommersiell privatisering av helsetenestene i stadig større grad samtidig vil underminera og utarma det offentlege.

Fortsatt høyrest det jo tilforlateleg ut. Men tenk litt nærare på det frå denne synsvinkelen: Dei private tilbydarane kan byggja opp eit avgrensa tilbod, utan det heilskaplege ansvaret for samansette lidingar som det offentlege har, og rekrutterer spesialistar som det offentlege har utdanna.

Dei kan også retta seg inn mot relativt ukompliserte prosedyrer hos elles friske pasientar og dermed få ei svært effektiv drift, utan alt «plunderet» og komplikasjonane som kan følgja med dei meir svake og samansett sjuke pasientane. I neste omgang kan dei dermed tilby svært gunstige arbeidstider og ordningar for dei tilsette spesialistane, i konkurranse med dei offentlege sjukehusa sitt heilskaplege døgnet-rundt-ansvar.

Det er ikkje vanskeleg å sjå korleis ei slik offentleg finansiert kommersiell privatisering av helsetenestene i stadig større grad samtidig vil underminera og utarma det offentlege.

På den andre sida har me ein del ideelle aktørar i helsetenestene og mi frykt er at også desse skal lida under avviklinga av «Fritt behandlingsvalg». Dei ideelle aktørane, mellom anna på rusfeltet, representerer i stor grad ein auke i mangfaldet og eit nyttig supplement av ulike behandlingstilnærmingar, inklusive mellom anna livssynsbaserte tilnærmingar. Dei mobiliserer også ofte i større grad frivillige og er dessutan stort sett stiftingar som ikkje tek utbytte, men brukar inntektene fullt ut til å vidareutvikla sine ideelle tenester og føremål.

Det vil alltid vera trong for private helsetenester, som supplement til det offentlege på ulike felt, gjennom konkrete avtaler med helseføretaka.

Det vil difor vera eit tap for norsk helseteneste totalt sett om ikkje regjeringa finn måtar å fortsatt gje ideelle aktørar eit rom mellom det offentlege og kommersielle tenesteytarar. Regjeringa har uttalt seg positivt om ideelle aktørar, og må no passa på at dei tilpassa rammene som dei ideelle treng som avtalepartnarar ikkje forsvinn i ein polarisert debatt om offentlege eller private helsetenester.

Det vil alltid vera trong for private helsetenester, som supplement til det offentlege på ulike felt, gjennom konkrete avtaler med helseføretaka. Og her stiller dei mange ideelle verksemdene me har i ei særstilling. Men me treng ikkje ein offentleg finansiert vekst av dei kommersielle private, på bekostning av dei offentlege helsetenestene i vårt langstrakte land.