FOTO: Element5/Unsplash

Velferdstatens fotsoldatar er nede for telling

Rovdrifta på leiarar og lærarar i skulen vil til slutt gå ut over elevane si utdanning og danning. Det har ikkje AS Noreg råd til.

Ei ny smittebølge er over oss, og kvardagen blir på nytt påverka av koronatiltak sett i verk for å få kontroll på smittesituasjonen. Kapasiteten i helsevesenet er trua, noko me sjølvsagt må ta på alvor. Den høge vaksinegraden i landet gjer at dei fleste truleg står denne bølga av og, men mykje er ukjend når det gjeld omikron, så mange er nok usikre på kva vinter som ligg føre oss.

Det hjelper ikkje med eit politisk ynskje om å skjerma barn og unge ved å driva rovdrift på lærarane.

Lærarar i grunnskulen er det yrkesgruppa som har hatt sterkast auke i smitte frå våren til hausten 2021. Auken er ifølge Utdanningsnytt på over 60 prosent. Over 10.000 tilsette i skular og barnehagar er blitt smitta. Sjukefråveret er historisk høgt.

Det er mange lærarar som føler seg gløymt både av arbeidsgjevar og politikarar dei siste to åra. Med Antibac som einaste smittevern, og unntak frå avstandsreglar og anna som heile samfunnet har vore prega av, kjenner nok mange på at lærarane vert «ofra» for å få hjula i samfunnet til å gå rundt.

Og me stiller opp for både elevane og samfunnet. Det skal det ikkje vera nokon tvil om. Men no er det på tide at nokon stiller opp for oss. Utan oss stoppar samfunnsmaskineriet. Det hjelper ikkje med eit politisk ynskje om å skjerma barn og unge ved å driva rovdrift på lærarane. Då stoppar det opp. Det ser me tydelige teikn på no.

Grunnbemanninga i grunnskulen må aukast frå neste skuleår.

I skulen vart det siste veka før jul innført trafikklysmodell når det gjeld tiltaksnivå, trass i at dette er noko Utdanningsforbundet har åtvara imot. Grunnen til denne åtvaringa er enkel; mange stader er det ikkje nok lærarar på jobb for å kunna driva forsvarleg undervisning med dei tiltaka som krevst.

Skyhøgt sjukefåver gjer det svært utfordrande å få hjula til å gå rundt på mange skular. Dette er ei varsla krise, då lærartettleiken og bemanninga på mange norske skular har vore på eit minimum lenge. Ein lærar per klasse, som kanskje består av 30 elevar – det er normalen mange stader.

Det betyr at det i ein normalsituasjon ikkje er rom for å dela klassen i mindre grupper av pedagogiske grunnar for å driva meir praktisk og variert og tilpassa opplæring. Når det ikkje er rom for dette i ein normalsituasjon, er det sjølvsagt ikkje rom for det i ein pandemisituasjon heller, der sjukefråver gjer dette ekstra ufordrande. Det ser me no, og dette hastar det å få gjort noko med.

Grunnbemanninga i grunnskulen må aukast frå neste skuleår, slik at ein sikrar kvalifiserte lærarar i større grad enn no, pandemi eller ikkje. Dette vil vera eit viktig grep for å redusera dei skadelege verknadane koronapandemien har hatt for barn og unge, både fagleg og sosialt. Dette vil kosta, men er heilt naudsynt for elevane si framtid.

Det handlar om fellesskulen si framtid.

Me kan risikera at eit heilt kull på ungdomsskulen har hatt «koronaskule» Det er ikkje bra, og no må det setjast inn tiltak som monnar. Kommunebudsjetta må styrkast på ein slik måte at det er rom for å gjennomføra dette. Denne prosessen må start no, når ein planlegg for tilsetjingar neste skuleår.

Å skaffa kvalifiserte vikarar midt i skuleåret er så godt som uråd. Ufaglærte vikarar går ut over både elevane sitt tilbod, og det vert ei ekstra belastning for leiarar og lærara som må rettleia vikarane. Difor må KS og politikarane no ta situasjonen på alvor, og legga til rette for at ein kan tilseja fleire lærarar enn vanleg på skulane ved skulestart 2022.

Det vil vera eit kinderegg og ein vinn-vinn situasjon: Elevane får kvalifiserte lærarar i alle fag, nytilsette kjem seg lettare inn i arbeidslivet og arbeidsmiljøet vert betre for alle tilsette i skulen, ved at ein er meir rusta for krevande tider, anten der er smitte eller ikkje. Då vil og sjukefråveret gå ned, noko samfunnet sparar store summar på.

Kvaliteten på skuletilbodet vert skadelidande når ufaglærte vikararar overtek klasserommet.

Dette må altså sikrast i kommunebudsjetta rundt om, slik at det vert rom for å gjennomføra dette løftet. Då vil me oppleva tiltak som kan fungera for elevane og dei tilsette i skulen, det har me sakna til no.

Mange har spurt seg om Arbeidsmiljøva gjeld for leiarar og lærarar. Sjølvsagt gjer den det, men det verkar nok ikkje slik i praksis. Me strekk oss svært langt for elevane våre, ja i mange tilfelle for langt. Den slitasjen me ser i skulen, kombinert med låg rekruttering til læraryrket, bør uroa arbeidsgjevaren vår, foreldre og politikarar.

Det handlar om fellesskulen si framtid, og kva utdanning og danning borna og barneborna våre skal ha. Arbeidsgjevar har ansvaret for at vernelover, som mellom anna arbeidsmiljølova, vert følgt. Me treng at det vert sett fokus på arbeidsmiljøet til leiarar og lærarar no, slik at ikkje alt får ein bråstopp viss pandemien varer utover vinteren.

Kvaliteten på skuletilbodet vert skadelidande når ufaglærte vikararar overtek klasserommet. Rovdrifta på leiarar og lærarar i skulen vil til slutt gå ut over elevane si utdanning og danning. Det har ikkje AS Noreg råd til.