Civita lanserte nyleg sitt svar på fastlegekrisa – å gjere det dyrare å gå til fastlegen. Men for de fleste hjelper det ikkje med kortare kø når porten blir smal og låg.
For har alle råd til å sjekke føflekken eller kulen i brystet ein er litt usikker på, om det kostar 500 kroner? Det er langt frå sikkert i ei tid der alt blir dyrare.
Høgresidas tenketank Civita har skreve om fastlegane og vil overforbruk av helsetenester til livs. Det er rett at pågangen og arbeidsmengda til fastlegane har auka dei siste åra. Og det trengst handling. Men Civita framstår nesten som ein parodi på ein borgarleg tankesmie når svaret blir å stenge døra til legehjelp for dei med slunken lommebok og tom bufferkonto. Enno meir parodisk når dei vil bruke pengane dei har tent på dyrare legebesøk på å gi skattelette. Ein kan jo gjette kor på inntektsskalaen ein vil få mest glede av det…
Dei av oss med minst inntekt og formue har ofte også dei største helseplagane.
Det klasseblinde perspektivet toppar seg når dei skriv: «Svært mange nordmenn betaler lett 500 kroner for å gå til frisøren og tilsvarende beløp i måneden for medlemskap i treningssentre, så det er åpenbart rom for å betale litt mer for noe så viktig som egen helse.»
Civita føreslår rett nok eit unntak for dei med dei aller lågaste inntektene, men det er likevel ikkje tvil om at det vil vere mange folk som i dag strever med aukande matprisar, høgare rente og høgare straumpris som vil merke det best om legebesøket også blir dyrare.
Det er ei rekke politiske tiltak frå det siste tiåret som har auka presset på fastlegane – fråversgrensa, som sender elevar til legen for å dokumentere at dei er forkjøla ein dag, sjukehus som skriv ut pasientar tidlegare enn før og meir pålagt administrativt arbeid er tre eksempel. I staden for å vurdere strukturelle grep og sjå på oppgåvefordelinga på ny, og finne tiltak som frigjer tid for fastlegane og rekrutterer nye, vel Civita å peike på pasienten og heve terskelen for helsehjelp.
Det ligg moglegheitar for å forebygge og behandle ei rekke sjukdommar raskare om me legg til rette for at fastlegane kan ta tak i desse problemstillingane tidlegare.
Helse er ikkje likt fordelt her i landet. Dei av oss med minst inntekt og formue har ofte også dei største helseplagane. Politikaranes jobb må vere å styre ressursane dit dei trengst mest. Det burde bety å gi meir helsehjelp til folk med låge og vanlege inntekter. Ikkje mindre.
Me fekk nyleg ein rapport om kvinnehelse som viser at det er ei rekke helseutfordringar for kvinner som ikkje blir tatt tak i. I praksis går kvinner med smerter dei kunne unngått om dei hadde fått god nok behandling raskt. Og samfunnet har i dag store utgifter på grunn av sjukdommar som endometriose og andre. Det ligg moglegheitar for å forebygge og behandle ei rekke sjukdommar raskare om me legg til rette for at fastlegane kan ta tak i desse problemstillingane tidlegare.
Det kan altså verke billig å få færre folk til å gå til legen. Men det blir litt som å tisse i buksa for å halde seg varm. Det kan bli veldig ubehageleg, og gi langt større helseproblem og utgifter, etter kvart.
Kommentarer