FOTO: Halvor F. Tretvoll

– Donald Trump fører ein falsk krig mot media

Det seier Hadas Gold, journalist og kommentator hos den amerikanske nettavisa Politico.

Eg møter den amerikanske politiske journalisten då ho besøker Norge for å delta på konferansen USA and Europe: The Rise of a New Nationalism.

På konferansen framheva Gold korleis utfordringa med å skilje fakta frå falske nyheiter berre vil bli større i tida framover. Eit av hennar viktigaste poeng handla om at problemet med falske nyheiter ikkje er isolert til nasjonalistane, det nye høgre eller det såkalla alt-right.

Eg veddar på at oppslutninga mi ville vore fantastisk!

– Falske nyheiter kjem til å bli eit større problem for den liberale sida, sidan Donald Trump er president no. Det kjem konspirasjonsteoriar og falske nyheiter på venstresida og blant dei liberale, akkurat slik det gjer på høgresida. Trump-kritiske falske nyheiter kjem til å bli eit større problem i tida som kjem, sjølv om vi ser data på at republikanarar og høgreorienterte veljarar er meir villige til å godta falske nyheiter, forklarar ho.

Gold viser til eit eksempel som i fleire rundar har gått sin sigersgong på sosiale media blant mange av Trumps motstandarar. Det konkrete eksempelet viser eit bilete av ein ung Donald Trump saman med teksten (norsk omsetjing):

«Viss eg skulle stille, ville eg stille som republikanar. Dei er den dummaste gruppa av veljarar i landet. Dei trur på kva som helst på Fox News. Eg kunne lyge og dei ville likevel sluke det. Eg veddar på at oppslutninga mi ville vore fantastisk!»

Sjølv underteikna såg eksempel på mange politisk aktive vener som delte teksten i sosiale media, der det står under at uttalen kom til People Magazine i 1988.

Gage Skidmore
Falske nyheiter kjem til å bli eit større problem for den liberale sida, sidan Donald Trump er president no, meinar Hadas Gold. Foto: Gage Skidmore/Flickr cc

– Den posten var falsk, seier Gold og peikar på at dette er langt frå den einaste falske nyheita som delast av liberale og andre Trump-kritiske krefter på internett. Også Tatianna Amatruda hos CNN har tidlegare vist korleis posten der Trump kallar det republikanske partiet for dumt, er falsk. Ho skreiv tidlegare i vinter:

«Det virale bildet som venane dine held fram å dele av Donald Trump som kallar republikanske veljarar den dummaste gruppa av veljarar i landet, er ikkje sann. Det er ikkje ein ting. Stopp å dele det.» Donald Trump kom aldri med ein uttale til People Magazine i 1988, og han har aldri sagt noko som eingong er i nærleiken av det sitatet i posten påstår.

– Dette gir vatn på mølla for Trump som likar å kalle mykje av det som står i media for falske nyheiter. Fordi viss han ikkje likar noko som står i media eller viss han er ueinig, så kallar han det berre falske nyheiter, forklarar Gold.

Vi kallar det ein falsk krig.

Ho trur likevel denne konsekvente svartmalinga av politisk journalistikk som er kritisk til Trump, er ei teatralsk førestilling meir enn ei djup og inderleg mistru mot media. Ho viser til at Trump – i sterk kontrast til biletet han prøvar å teikne av kritiske media – har eit tett og godt forhold til mange viktige, etablerte medieinstitusjonar innan amerikansk politisk journalistikk.

– Då vi snakka med tilsette i Det kvite hus, fekk vi eit betre innblikk i kva som verkeleg skjer på bakrommet. Viss presidenten verkeleg sjølv trudde at journalistane dreiv med falske nyheiter og verkeleg hata desse journalistane, kvifor er det då framleis daglege pressebriefingar i Det kvite hus? Kvifor sitt han seg då ned for å bli intervjua av for eksempel NBC, ABC, Washington Post og The New York Times? Kvifor har han då intervju med politiske journalistar på Det ovale kontor – der til og med mi eiga nettavis, Politico, slepp til sjølv om vi vart utvist frå kampanjen hans?

Gold spør retorisk. Ho viser til korleis Politico ikkje ein gong fekk lov å delta på valkampmøta til Trump, men at dei berre for få veker sidan plutseleg fekk lov å intervjue Trump i Det ovale kontor.

Problemet til media i USA no er, ifølgje Gold, at den objektive dekninga av Trump manglar.

– Vi kallar det ein falsk krig. Viss det hadde vore ein verkeleg krig Trump førte mot media, ville han ha hindra desse tilgong til Det kvite hus, ville ikkje gjort intervju med dei og ville berre gjort intervju med medieaktørar som han sjølv er einig med. Han har mange lovlege og tilgjengelege metodar for å jobbe mot media, viss det verkeleg var det han ville, seier den amerikanske journalisten.

– Handlar dette berre om image for Trump, då?

– Eg trur verkeleg Trump bryr seg om korleis han blir portrettert og dekka av media. Han trur nok fullt ut at media er urettferdige mot han. Men han anerkjenner likevel viktigheita av media, og er alltid opptatt av mediedekning og støtte frå medieaktørar. Det er grunnen til at vi framleis ser han sette seg ned for å bli intervjua av dei same journalistane og medieaktørane som han openlyst kritiserer.

nyhetsbrevet

Problemet til media i USA no er, ifølgje Gold, at den objektive dekninga av Trump manglar. Dekninga av politikk i media vil alltid ha slagsider, for sjølv måten orda er sett saman på bidreg til å skape eit visst inntrykk av kva journalistane sjølv meiner om saka dei dekker. Studiar har for eksempel vist at kva namn på politikarar ein set først i artikkelen, kan påverke måten lesarane oppfattar objektiviteten til artikkelen.

– Eg trur det som mangla i dekninga av det amerikanske presidentvalet, handla om empati og objektivitet. Empatien for Trump sine veljarar og forståinga av korleis visse folk vil stemme på ein viss måte, meiner Gold.

Eg har ikkje den personlege erfaringa eller det historiske perspektivet som trengs.

– Korleis kan dei politiske journalistane vise meir empati for Trump-veljarane, meiner du?

– På same måte som du ikkje kan sei at alle som stemte for Clinton var kriminelle eller kva enn dei kalla henne, kan du ikkje sei at alle som stemte for Trump var rasistar. Kan du sei at alle som levde i Tyskland på 1930-talet hata jødar og var nazistar? Nei. Det er kanskje ikkje den beste metaforen, men det viser at folk stemmer på politikarar på grunn av ei rekke ulike saker. Du kan ikkje berre avfeie heile gruppa av Trump-veljarar, seier Gold.

Gold meiner mange politiske journalistar ikkje veit korleis det er å vere i dei miljøa som har mista industrien, arbeidsplassane og stoltheita si.

– Eg kan skrive om det, men eg kan ikkje nødvendigvis stille dei rette spørsmåla. Eg har ikkje den personlege erfaringa eller det historiske perspektivet som trengs, seier ho og forklarar at dette er mykje av grunnen til at media ikkje klarte å sjå at Donald Trump skjedde, før det var for seint å kome på banen med kritisk politisk journalistikk.

Det førte til at Donald Trump tidleg i sin kampanje unngjekk mykje av den kritiske dekninga som dei andre kandidatane gjennomgjekk, ganske enkelt fordi veldig få journalistar trudde han hadde noko sjanse.

Han gjer oss også stadig meir klar over viktigheita av undersøkande journalistikk.

Eit eksempel her er journalisten Salena Zeto, som jobbar som skribent og journalist for fleire aviser i Midtvesten, basert i området rundt byen Pittsburgh. På grunn av kutta i den lokale mediebransjen, måtte Zeto byrje å jobbe som frilansjournalist. Ifølgje Gold var Zeto ei av dei første til å skrive om korleis Trump var i ferd med å vinne, blant anna gjennom å skrive anekdotisk om kva støtte Trump hadde i mange lokalsamfunn i Midtvesten.

Hadas Gold, journalist og kommentator hos den amerikanske nettavisa Politico.
Hadas Gold, journalist og kommentator hos den amerikanske nettavisa Politico.

– Først blei ho latterleggjort i mediemiljøet, før ho fekk rett. Ho levde i samfunnet med dei som støtta Trump og såg derfor med eigne auge det dei store datasamlingane ikkje klarte å fange opp. Då fekk ho også den nødvendige empatien for Trumps veljarar og hans sak.

Gold er meir optimistisk enn mange andre med tanke på kva framtida vil bringe i krigen mot falske nyheiter. Eit spørsmål som blir avgjerande, meiner Gold, er tilliten til dokument som media refererer til eller publiserer. For eksempel – korleis kan vi vite at eit lekka dokument er ekte?

Trump har definitivt vore betre for media enn eg og mange trudde på førehand.

– Eg trur det kjem til å bli utvikla program som gjer at folk kan gå inn å sjekke om dokument, bilete eller video er ekte, fordi vi i framtida blir nøydd å stille spørsmål ved all informasjon vi får presentert. La oss berre håpe på det, seier teknologioptimisten Gold.

– Avslutningsvis, har Trump vore betre eller verre for media enn du førestilte deg?

– Trump har definitivt vore betre for media enn eg og mange trudde på førehand. Det faktum at han fører ein falsk krig mot media, er eit eksempel på det. Alle presidentar har stor påverknad på politisk journalistikk. Noko av Trumps bidrag er at han gjer journalistane klar over kvar dei er svake, slik at breiare delar av samfunnet blir dekka framover. Han gjer oss også stadig meir klar over viktigheita av undersøkande journalistikk. Hans presidentskap fører til at fleire blir inspirert til å utdanne seg til og jobbe som journalistar, avsluttar Gold.

nyhetsbrevet