FOTO: Manila High

Tokhang – Til krig mot narkotika

– Det var viktig for oss å vise og gi ei stemme til dei som dagleg lever med frykta etter at Duterte kom til makta.

Søraust for det asiatiske fastlandet ligg Filippinene. Ein øynasjon med over 7000 øyer, eit tropisk klima og store ulikskapar blant befolkninga. 30.juni 2016 vart Duterte president, og kan gjekk raskt i gong med «Tokhang» – krigen mot narkotika. Han har sjølv uttalt at landet har over 3 millionar narkomane – og han vil gladeleg slakte dei. Dette har det siste året ført til ei heksejakt på narkomane, og det er slumområda som vert ramma hardast. Berre fordi du er fattig kan du risikere å verta drepen. Surrealistisk for oss i Noreg. Kvardagen for fattige menneske på Filippinene og i hovudstaden Manila.

Simone
Anders

Dei danske filmskaparane Simone og Anders fann ut, på ein nyttårsfest, at dette ville dei dokumentere for eit vestleg publikum som kanskje ikkje veit så mykje om denne tragedien.

Medan Anders gjer ferdig masteren sin i London, møtte eg Simone i Bergen. På ImpactHub, eit kontorfellesskap av samfunnsengasjerte menneske som på kvar sine måtar arbeidar for eit berekraftig samfunn. I ein by, og i eit land, der kvardagen til kyrkjegardsarbeidarane verkar som ein dystopisk fiksjonsroman, fekk eg vite litt meir om kva som eigentleg skjer på Filippinene. Og korleis livet er for gravarbeidarane som jobbar på Pasay City Cemetery og med den nye konstruksjonen gravarane sjølve kallar «Duterte Dompund» – eit stort gravanlegg for dei tusenvis av offera for narkokrigen.

Likhuset er ikkje avkjøla. Når då lik etter så lang tid kjem ut, er dei heilt i forråtning

“Filmprosjektet starta litt tilfeldig. På ein nyttårsfest i 2016/17 kom eg og Anders i snakk om situasjonen på Filippinene, og i etterkant kunne vi ikkje heilt legge frå oss ideen om å lage film. Vi starta utan å vite så altfor mykje og gjorde research, og då vi fekk eit legat på 50 000 kr. til å lage ein kortfilm på 8-12 minutt, sat vi snart på flyet til Filippinene. Lengda på filmen var ei god ramme. Slik at vi kunne vise ei mikrohistorie av det som skjer, og ha ein annleis vinkling på situasjonen,” fortel Simone.

Å leve på kyrkjegarden

Duoen hadde i forkant av dokumentarturen vore i kontakt med ei kvinne som jobbar med menneskerettigheiter. Ho sat dei i kontakt med ein journalist frå eit filippinsk magasin som heiter Rappler. Han vart deira «fiksar» medan dei besøkte Manila.

“Når vi kom ned bestemde vi oss for kyrkjegardssettinga. Fiksaren vår hadde vore ute og snakka med ein eldre mann på kyrkjegarden som vi lenge trudde skulle vere hovudpersonen vår. Vi filma han den fyrste veka, men då vi møtte Bibi og gruppa med unge gravarar, var deira historie så sterk og viktig at vi måtte skifte fokus i filmen. Slik vart Bibi hovudpersonen.”

Livet på kyrkjegarden er total. Menneska både bur og jobbar der. Bibi viste Simone og Anders sin barndomsheim, og at husa var bygga rundt på gravene på kyrkjegarden. Det har alltid vore deira liv å bu der. Simone fortel at det er eit heilt unikt samfunn å kome inn i. Kyrkjegarden er eit lite samfunn midt i den store millionbyen Manila. Mennene fiksar gravane. Nokre kvinner går heime og arbeidar med hushaldninga, medan andre kvinner sel lunsj til dei som arbeidar. Nokre barn får moglegheita til å gå på skule. Livet på kyrkjegarden er eit lite, lukka samfunn.

Politiet lagar lister over folk som liksom skal vere narkomane

På Filippinene er det vanleg med familiegravstader, så dei som eig desse gravane må gje folka tillating til å bu og bygge hus der. Mennene held gravane ved like, og får pengar ved å hjelpe med å gravleggje nye lik. Dei har ikkje vald dette livet sjølve – dei er enormt fattige. Det er deira jobb, og dei får ekstra jobb i forbinding med narkokrigen, med mange nye lik og dimed ekstra pengar. Byggeprosjektet som vert vist i filmen, «Duterte Compound», er statsfinansiert. Gravplassen vart fylt opp på eit år.

“Det er tydeleg at krigen mot narkotika påverka desse menneska riktig mykje då vi var der. Noko vi ikkje fekk med i filmen er kor enormt travelt gravearbeidarane har det etter narkokrigen starta. Dei må «deale» med dei drepne ofra som kjem inn. Kyrkjegarden har massegravar til dei uidentifiserte lika. Når eit lik kjem inn til likhuset skal det liggje der til familien kan betale kausjon for å få kroppen ut. Den kan liggje i opptil 1,5 måned. Men fordi det er mange tilfeldige som vert drepne, har ikkje naudsynt familiane pengar til å få lika ut – og det skapar ein riktig ubehageleg situasjon. Likhuset er ikkje avkjøla. Når då lik etter så lang tid kjem ut, er dei heilt i forråtning. Og desse gutane på kyrkjegarden skal liksom «deale» med det og handtere lik og kroppar i alle stadier.”

Også unge og studentar tykkjer narkokrigen er bra

Kyrkjegardsarbeidarane får alle stadiene av narkokrigen. Dei er svært redde for å verta drepne sjølve – fordi dei er fattige og f.eks. er både tynne og har tatoveringar. Så å seie alle har familie eller vener som har vorte drepne, eller i alle fall kjenner nokon som har vorte offer. Mange har sjølve vorte truga av politiet, og politiet lagar lister over folk som liksom skal vere narkomane. Kjem du på den lista – har du potensiale for å verta drepen. Men samstundes gir narkokrigen meir arbeid.

“Denne dobbelheita gjorde at gravarbeidarane sin situasjon får fortald det vi vil med filmen. Vi veit det går bra med desse gutane i dag, men var nervøs for at filmen vår skulle påverka deira situasjon og utsette dei for fare. Vi snakka mykje med fiksaren vår om dette, han er journalist og har mykje erfaring med slikt. Han meinte dei var meir sikre – fordi dei vert eit ansikt og ikkje berre ein i mengda. Så det var denne spesifikke situasjonen vi valde å arbeide med. Vi fekk eit ansikt og ei stemme.” Fortel Simone.

«Tokhang» – Duterte sin krig mot narkotika, eller skal vi heller seie mot fattige, er altså ikkje over

“Eg og Ander vart veldig skremt då vi kom ned til Filippinene. Duterte har veldig stor oppslutning, også no. Det er ikkje berre dei rike, overklassen som meiner dette. Også unge og studentar tykkjer narkokrigen er bra. Det er skremmande når ein snakkar med folk som seier at Duterte gjer ein bra jobb – «han fjernar jo narkomane frå gata». Det er heilt sjukt. Så nokre filippinarar forstod ikkje kvifor vi ville filme akkuaret dette – «vi har jo ein god president». Difor var det viktig for oss å vise og gi ei stemme til dei som dagleg lever med frykta etter at Duterte kom til makta.”

Situasjonen spissar seg til

Det er no i juni to år sidan Duterte vart president og starta narkokrigen. Det er eit år sidan Simone og Anders drog ned til Filippinene for å dokumentere denne krigen. Men dei er ikkje så sikre på at det vert like lett å dra attende som dokumentarfilmskapar. Duterte har siden sist dei besøkte landet oppretta ei liste med 600 personar som han kallar terroristar. Simone seier at dei kjenner nokre av desse 600 svartelista menneska. I tillegg har magasinet Rappler, som fiksaren deira jobba i, vorte stengd ned. Situasjonen er annleis og spissar seg meir og meir til. Og Simone og Anders er ikkje lengre anonyme personlegdommar etter at dei debuterte som dokumentarfilmskaparar.

Når eg spør om Simone og Anders har fleire prosjekt på gong, er det berre idestadiet som er klart.

Denne krigen rammar dei fattige

“Anders bur i London og flyttar snart til Beirut, og eg har flytta til Noreg for ein periode. Så det er ingenting som er klart enno, men vi arbeidar med ulike idear vi vonar kan verta til nye prosjekt. Vi høyrer av og til frå Bibi og fiksaren vår. Det er fint, sjølv om Bibi kan minimalt engelsk og det er korte meldingar. Men det er også trist når vi får beskjedar om at politiet igjen set eit aukt fokus på å fjerne narkomane frå gatene, og fleire kroppar straumar til kyrkjegarden,” avsluttar Simone.

«Tokhang» – Duterte sin krig mot narkotika, eller skal vi heller seie mot fattige, er altså ikkje over. Denne krigen rammar dei fattige, og den tar ikkje opp spørsmåla om kvifor landet har mange narkomane. Istadenfor må dei som har minst og lev under hardast kår vakte sine liv med omhu. Og befolkninga elles er glade for at narkomane vert fjerna frå gata.

Manila High – livet i selskap med døden, er ei hjarteskjerande forteljing frå liv som er så fjerne frå livet i Bergen eg kan tenkje meg. Eit dystopisk bilete og ein blodtørstig president.

 

Torsdag og fredag forrige veke vert Manila High – livet i selskab med døden vist på Kortfilmfestivalen i Grimstad, og vil verta tilgjengelg online i løpet av sommaren.