Verda manglar ikkje pengar, men pengane går ikkje dit dei trengst mest.
Kampen mot ekstrem fattigdom har dei siste tiåra vore ei skikkeleg positiv historie. Fattigdomen i verden blei meir enn halvert i dei tjue åra mellom 1990 og 2010. Det var altså ingen naturlov at fattige for alltid må vere fattige.
No har vi fått årets tal for den globale fattigdomen frå Norad. For fjerde år på rad står utviklinga stille. I 2025 var det 817 millionar menneske som levde i ekstrem fattigdom, altså hadde mindre enn 30 kroner dagen å leve av. Over 40 prosent av verdas innbyggarar er i kategorien fattig, der dei har maks 83 kroner per dag. Då er det vanskeleg å bygge ein trygg økonomisk kvardag.
Ekstrem fattigdom blir no meir konsentrert i Afrika sør for Sahara og sårbare land i konflikt. Eit av landa som er verdt å merke seg her, er Den sentralafrikanske republikk. Her lever to av tre innbyggarar under grensa for ekstrem fattigdom.
Det er problematisk at budsjettforslaget senkar ambisjonsnivået for mykje vi skal gi i norsk bistand.
Livet i Den sentralafrikanske republikk er altså mildt sagt røft. Halvparten av barna i landet har ikkje tilgang på helsetenester. 40 prosent lid av kronisk feilernæring, båe delar ifølgje Unicef. Mange slit med tilgang på reint vatn, sanitet og sunn mat. Dette landet er blant dei som blir hardast råka av bistandskutt, og som er minst i stand til å kompensere for dei.
Dette er noko av bakteppet når regjeringa no både har laga budsjettforslag for neste år og er i innspurten med å lage ei ny stortingsmelding om utviklingspolitikk. Arbeid mot ulikskap ser ut til å stå høgt på dagsorden. Det er veldig bra. Samtidig er det problematisk at budsjettforslaget senkar ambisjonsnivået for mykje vi skal gi i norsk bistand. I mange år har vi sett mål om å gi ein prosent av det vi tener, til bistand. Det blir det ikkje levert på i år.
Høgst naudsynt sivil stønad til Ukraina blir også føreslått finansiert over bistandsbudsjettet. Det gir mindre handlingsrom til å redusere ulikskap og fattigdom andre stadar i verda. Sjølv slit eg med å forstå – i ei tid der Noreg har fått stor inntening til oljefondet gjennom høge energiprisar – at ikkje all den sivile ekstraordinære krisehjelpa til Ukraina kan finansierast på same måte som den militære stønaden – gjennom oljepengar.
I staden har ein valt å hente pengar frå bistanden. Det gjer at det blir mindre igjen til arbeidet mot den ekstreme fattigdomen i andre land. I fjor var det berre 7 milliardar av bistandsbudsjettet på over 50 milliardar som gjekk til dei fattigaste landa. Eg frykter ein kan miste dei aller fattigaste av syne.
Ein utviklingspolitikk med ambisjon om å få forskjellane ned, kan ikkje fokusere på jobbinntekter åleine.
Regjeringa vrir no pengebruken kraftig i retning av jobbskaping. Det er mykje positivt med den satsinga. Det gir arbeidsinntekt for fleire og auka skatteinntekter for fattige land. Men får det stå åleine, utan ein samla innsats mot økonomiske forskjellar, er det mange utfordringar for dei aller fattigaste som ikkje blir løyste.
Den sentralafrikanske republikk er eit eksempel på det. Gruvenæringa gir økonomisk vekst, men den kjem berre eit særs lite mindretal til gode. Ein utviklingspolitikk med ambisjon om å få forskjellane ned, kan ikkje fokusere på jobbinntekter åleine. Ein må også ha ein strategi for betre fordeling av overskot frå desse bedriftene.
I ei rekke land kan det også vere livsfarleg å melde seg inn i ei fagforeining. Korleis skal vi då sikre at investeringane i desse landa bidrar til trygge arbeidsplassar og reell økonomisk utvikling for dei med minst?
Det er mange stadar med store behov, der vi kan gjere ein stor forskjell.
Det er vanskeleg å finne ein mirakelkur i utviklingspolitikken. Enkelttiltak kan gjere ein stor forskjell, men dei må tilpassast situasjonen i enkeltland. Og ein må følgje med på blindsonene. Jobbskaping som hovudstrategi kan gjere at ein glipp på å prioritere tiltak som bidrar til omfordeling av kapital. Og ein kan miste dei aller fattigaste av syne. Men det kan også vere at dette er noko som har blitt tenkt på, og som er godt dekka i regjeringas plan. Dette får vi svar på når stortingsmeldinga kjem i januar.
Enn så lenge oppfordrar eg Stortinget til å strekke seg for å fortsetje tradisjonen med ein prosent til bistand, og å sjå på korleis pengane kan brukast der dei treng mest. Oppvekstvilkåra i Den sentralafrikanske republikk viser oss at det er mange stadar med store behov, der vi kan gjere ein stor forskjell.
Verda har klart å få enorme framsteg for å redusere fattigdom før. Då er det heldigvis også mogleg å gjere det igjen.

Kommentarer