Ulrich Siegmund, AfD
FOTO: Astrid Sverresdotter Dypvik

Alternativ für Deutschland framstår som eit usårleg parti

Ultraradikale Alterativ für Deutschland vann valet i Sachsen-Anhalt, mykje takka vere populariteten til førstekandidaten Ulrich Siegmund. Den klaraste taparen er kanslar Friedrich Merz.

Delstatsvalet i Sachsen-Anhalt sundag får merksemd verda over. Det er det gode grunnar til. Alterativ  für Deutschland (AfD) vart klar valvinnar. 44 prosent stemte på partiet som, sin vane tru, gjekk til val på eit ultraradikalt program. Sist er rapporterte frå Tyskland, var frå AfD sitt valkampmøte i landsbyen Klein-Wanzleben på oppdrag for avisa Dag og Tid. Eg var også innom partiet die Linke sitt valmøte i byen Bitterfeldt, og har fem ting eg gjerne vil framheve no, når stemmene er talte opp.

 

1. Populær førstekandidat

Førstekandidaten Ulrich Siegmund er svært populær. Dette kan forklare at AfD løftar seg dei siste prosentane. Dei strukturelle årsakene til framgangen er som elles i aust: svak økonomisk utvikling over tid og sterk mistru til sentrale styresmakter. Det handlar sjølvsagt også om innvandring, men ikkje berre.

AfD i Sachsen-Anhalt er klassifisert som ekstremistisk av den lokale tryggingstenesta.

Mange veljarar eg snakka med, er redde for at støtta til Ukraina vil koste Tyskland dyrt. AfD i Sachsen-Anhalt er klassifisert som ekstremistisk av den lokale tryggingstenesta (BfV), grunngjevinga er at partiet ikkje blir rekna som demokratisk, og at dei er sterkt influert av völkisch-tankegods (dette var også ei tonegjevande rørsle innanfor NSDAP i si tid). Den klassfisieringa står seg godt og passar også på førstekandidat Siegmund, sjølv om han har ført ein meir reindyrka populistisk stil i valkampen. Siegmund var blant deltakarane på det omstridde remigrasjonsmøtet i Potsdam i november 2023. I etterkant av dette møtet demonstrerte meir enn ein million tyskarar mot AfD.

 

2. Krise for demokratiet, for CDU og for kanslaren

Dette valresultatet er ei krise for heile det demokratiske Tyskland, men mest av alt for CDU som mista over halvparten av veljarane lokalt. Det er kjent at CDU i Sachsen-Anhalt bad kanslar Friedrich Merz om å halde seg unna. Berre 13 prosent av tyskarane synest kanslaren gjer ein god jobb. Dette er krise for Merz. Han vart i si tid vald som partileiar i fordi han lova å halvere oppslutnaden om AfD. No diskuterer kommentatorar og politikk-ekspertar kven som kan bli hans etterfølgjar.

Tysklands kansler Friedrich Merz
Tysklands kansler Friedrich Merz. Foto: Steffen Prößdorf/Creative Commons.

 

3. Umogleg å styre

Delstaten Sachsen-Anhalt kan bli umogleg å styre. Partiet Bundnis Sarah Wagenknecht (BSW) ser ut til å hamne på vippen. Å styre i samarbeid med BSW vil vere svært krevjande, for å seie det forsiktig, både for AfD og for dei demokratiske partia (altså alle andre parti enn AfD, frå sentrum-høgre til ytste venstre).

 

4. Ting blir slik dei var «før»

AfD kan klare å oppfylle iallfall eit av sine valkampløfte uansett om dei får kontroll over delstaten eller ikkje: at ting skal bli slik dei var «før»: Sachsen-Anhalt kan få massearbeidsløyse kombinert med mangel på kvalifisert personell i helsevesen og offentleg forvaltning og stor fråflytting. Slik det var på 1990-talet, som er den epoken partitopp Ulrich Siegmund seier han vil ta partiet tilbake til, og slik kan det altså bli igjen. Den viktige kjemi-industrien er frå før i krise på grunn av høge energiprisar. Landbrukssektoren slit fordi sommaren var så tørr at det gir sviktande avlingar. No seier mange innbyggjarar at dei ikkje lenger kjenner seg velkomne i delstaten.

 

5. Stor oppslutnad blant eldre veljarar

Gjennomsnittsalderen i Sachsen-Anhalt er på 48,3 år. Ingen andre tyske delstatar har ei like gamal befolkning. Dette er ein av grunnane til at AfD gjer det så godt akkurat her. Partiet har stor oppslutnad blant eldre veljarar. Samstundes burde ein vite: I U18-valet (eit val der barn og unge under 18  kan seie si meining) vart Die Linke (søsterparti til Raudt og SV) største parti med 31 prosent av stemmene. Dette siste er også verd å merke seg.

 

AfD er del av ei global ytre høgre-bølgje

For oss alle andre, kva har eigentleg det som skjer i delstaten Sachsen-Anhalt, å seie for oss? Partiet kan ikkje verkeleggjere den mest radikale delen av politikken sin. Dei kan ikkje setje i gang masseutvisingar eller endre landets utanrikspolitikk. Men AfD er del av ei global ytre høgre-bølgje. Det ser ein også på partiprogrammet, der delar av det oppsiktsvekkande programmet til Maga-rørsla ser ut til å vere klipp-og lim: Partiet er klimaskeptisk, og flytande kjønnsidentitet blir framstilt som eit trugsmål mot samfunnet. Eit forbod mot postkoloniale studiar har også fått plass. For denne globale ytre høgre-rørsla blir AfDs sterke resultat feira som ein etappesiger i ein felles kamp.

 I dei andre demokratiske partia er det mange som sit med ei kjensle av å ikkje heilt få det til.

Valresultatet i Sachsen-Anhalt set mot i meningsfellene, og skaper angst hos motstandarane. Denne dynamikken slår også inn i nasjonal tysk politikk. Kanslar Friedrich Merz er, for å seie det forsiktig, oppslutnignsmessig utfordra. Også i dei andre demokratiske partia er det mange som sit med ei kjensle av å ikkje heilt få det til: uansett kva dei prøvar på, og uansett kva skandalar AfD sine politikarar hamnar i (og det er slett ikkje få), så prellar det av. AfD framstår som usårlege, og dei demokratiske partia, og dei demokratiske institusjonane, framstår som sårbare.

Grunnen til at Noreg i dag har eit så godt samarbeid med Tyskland, er at Tyskland er eit stabilt demokrati som har mange overlappande interesser med Noreg. Eit Tyskland i ubalanse vil vere ein langt mindre god alliert for oss.