FOTO: Barış Emre Güner/Unsplash

Dei gode Sveits-hjelparane

Dei som hjelper rike med å betale mindre skatt har blitt meir synlege enn på lenge. Men er det dei vi skal lytte til når vi innrettar skattesystemet vårt?  

Bak ein rik person som reiser til Sveits, står det ofte ein jurist eller økonomisk rådgivar eller to. Dette har blitt aktualisert av fleire hendingar i det siste.

Og det blei, ikkje overraskande, brukt sterke ord.

For det fyrste har regjeringa lansert ein såkalla exit-skatt, som oppfølging av ein budsjettavtale med SV. Denne skatten gjer at det ikkje lenger er mogleg å ha verdiar opptent i Noreg, i form av urealiserte gevinstar over 500 000 kroner, og ta dei med seg til eit anna land utan å skatte av pengane her.

I praksis skal dette tette eit sentralt skattehol, som har bidratt til å gjere dei siste åras utfart til Sveits meir lønnsam for mange.

Då skatten kom, brukte fleire aviser ein god del trykksverte på å omtale moglege konsekvensar av saka. Fleire av dei som blei intervjua for å seie noko om konsekvensane, jobbar til vanleg med å gi folk råd om korleis skatterekninga deira kan bli lågast mogleg.

Det er eit paradoks. Og det blei, ikkje overraskande, brukt sterke ord.

Til grunn for den nye utflyttingsskatten, ligg ein tanke om rettferd.

Harald Hauge, som er skatterådgivar og partner i Wikborg Rein, kalla skatten «veldig dramatisk». Skatteadvokat Bettina Banoun, som også lever av å gi råd om skatt til folk med mykje pengar, var også kritisk. «Ingen rike vil flytte til Norge», sa ho.

Det er samtidig verdt å merke seg at andre som blei intervjua om saka, som økonom og forskar Ole-Andreas Næss ved NHH, eller tidlegare utvalsleiar i førre skatteutval, NTNU-professor Ragnar Torvik, er langt meir nøkterne. Næss sa at dette er eit forslag som er «fair», mens Torvik omtalte det som ei «fornuftig endring».

Til grunn for den nye utflyttingsskatten, ligg ein tanke om rettferd – at verdiar skapt her i landet, basert på naturressursar, arbeidskraft og kompetanse bygd opp her, også blir skatta av her. Det er klart at dei som vil måtte betale denne skatten, eller som har økonomiske interesser i minst mogleg skatt, vil vere meir kritiske til ei slik endring enn andre.

Eit hovudpoeng frå forfattarane er at mangelen på ein norsk utflyttingsskatt har gjort Sveits-reisa lønnsam for nordmenn med mykje pengar.

Då er det berre viktig at journalistane hugsar å spørje dei andre aktørane. For det finst få lobbyistar med økonomiske interesser i eit omfordelande og samanhengande skattesystem. Men for fleirtalet av innbyggarane og skattebetalarane i dette landet, vil dette likevel vere viktige poeng å få fram.

Men det finst politikarar som er opptekne av dette, frå fleire parti. Og det tar oss til den andre saka som har gjort skatterådgivarar aktuelle i det siste. Nyleg kom boka Hjelp, de drar til Sveits! Milliardærenes makt over Norge, som er skriven av Raudt-politikarane Mímir Kristjánsson og Sofie Marhaug. Her går dei gjennom dei siste åras skattedebatt og skriv om dei norske milliardærane og millionærane som valte Sveits over Noreg på grunn av skattereglane.

Eit hovudpoeng frå forfattarane er at mangelen på ein norsk utflyttingsskatt har gjort Sveits-reisa lønnsam for nordmenn med mykje pengar. Sjølv om regjeringa no ser ut til å få på plass ein slik skatt, er boka framleis relevant. For vi bør lytte når Kristjánsson og Marhaug skriv om korleis samfunnsdebatten rundt oss blir forma av både skatterådgivarar med interesser av lågare skattar og ukjente partidonorar.

Noko skatteplanlegging er lovleg, andre former for skatteplanlegging er ikkje.

Dei skriv for eksempel om korleis Frp fekk 12 millionar i valkampstøtte i 2023 frå Aksjon for borgerlig valgseier. Ingen kunne svare på kor desse pengane kom frå. Om dei kjem frå norske bedriftseigarar med interesse for lågare skatt eller utanlandske aktørar som vil påverke norsk politikk, vil vere umogleg å vite. Valkamp finansiert av ukjente donorar minner oss om land vi ikkje burde like å samanlikne oss med.

Hemmelege lobbypengar inn i norsk politikk bør bli stramma inn på. Det bør også hemmeleg skatterådgiving.

Ei av Sveits-utflyttarane sa til DN nyleg at han før exit-skatten blei tipsa av ein skatterådgivar om å flytte til Sveits og bli der i fem år, for å sleppe unna skatt. OECD og eit statleg utval som såg på desse problemstillingane i 2019 har gitt råd om å innføre opplysningsplikt for skatterådgivarar. Enn så lenge har ikkje Noreg følgt opp dette.

Norske journalistar bør i det minste vere meir kritiske.

Noko skatteplanlegging er lovleg, andre former for skatteplanlegging er ikkje. Problematisk er det uansett å legge til rette for at nokon skal betale lågast mogleg skatt. Dette er eit område som fortener langt meir openheit og innsyn, også for å kunne vurdere omfang og gråsoneproblematikk.

Her har det blitt fremja ein rekke forslag dei siste åra som kunne bidratt til at offentlegheita får vite meir om hemmelege skatteråd og lobbyverksemd frå ukjente avsendarar. Men fram til desse tiltaka er på plass, gjer vi lurt i å legge litt meir vekt på vurderingane til dei som ikkje har økonomiske interesser i at skatterekninga skal vere så låg som mogleg, og litt mindre vekt på dei med tunge egeninteresser, når skattesystemet er oppe til debatt.

Norske journalistar bør i det minste vere meir kritiske, eller opplyse om kontekst, når dei bruker tilsynelatande nøytrale ekspertar som i praksis har økonomiske interesser i at kundane deira betalar mindre i skatt enn i dag.