FOTO: Astrid Sverresdotter Dypvik

Dei små fellesskapa

Små skular er stein i skoa for den som vil spare. For lokalsamfunnet er dei sjølve grunnsteinen.

Sist veke deltok eg på eit arrangement eg ikkje hadde sett for meg at skulle bli aktuelt for eigen del. Vi var fleire hundre som møtte opp for å høyre til korpsmusikk, appellar frå foreldre, bydelspolitikarar og det lokale fotballaget. Rundt oss hang plakatar med slagord som Redd skolen vår og Nei til flytting. Ungdomstrinnet på den lokale skulen er føreslått lagt ned i den etterkvart svært så omtalte skolebehovsplanen Utdanningsetaten la fram i februar. Dei vil at ungdommane skal flyttast over til ein skule som frå før har 1000 elevar og er blant dei største i byen.

 

Ikkje berre ein skule

Bevaring av nærskulen set jamnleg fyr på små og store norske lolkalsamfunn. Og det går ein veg: Det er 375 færre skular i dag enn for 15 år sidan. For små stader er spørsmålet om skule eller ikkje avgjerande for eit enno meir presserande spørsmål. Skal det bu barnefamiliar i bygda i framtida?

Forsvinn ungdomstrinnet frå Abildsø, kan det bli starten på slutten for skulen.

Vurdert opp mot dette høyrest kanskje ikkje så dramatisk ut å flytte ungdomstrinnet på ein byskule. Men, som blant anna Oslopolitiet påpeikar i sitt høyringsinnspel – speler grunnskulene ein avgjerande rolle i nærmiljøet. Skulene er sjølve grunnsteinen for det som skjer. Politiet skriv også at Utdanningsetatens nedleggingsforslag kan føre til auka undomskriminalitet.

 

Store konsekvensar

Skulene er vevd inn i bymiljøet og nabolaget. Tar ein vekk eit element, forsvinn gjerne noko anna på vegen. Abildsø skole, som eg engasjerte meg for, har spesialklassar, altså klassar for elevar med spesielle behov, frå 1.-10. trinn. Det er mangel på slike klassar i byen vår, så hit kjem også elevar frå andre skulekrinsar. Skulle ungdomstrinnet bli lagt ned, går mange ungdommar med særskilde behov ei uviss framtid i møte.

Alternativet til eit trygt og oversynleg lokalsamfunn blir fort anonymitet blant meir enn tusen andre.

Forsvinn ungdomstrinnet frå Abildsø, kan det bli starten på slutten for skulen. For utan ungdomstrinnet kan det samla elevtalet bikke under 500. Då er ein plutseleg under den grensa utdanningsetaten sjølv set for det dei kallar økonomisk forsvarlig skoledrift og gode rammevilkår for trivsel og læring.

 

Ungdomane er nøkkelen

Både den lokale danseskulen, fotballaget og korpset åtvarer mot nedlegging av ungdomstrinnet. For desse aktivitetene er ungdomsskuleelevane ein nøkkel til suksess. Ungdomane er førbilete for dei små, dei sikrar at det alltid er nokon å strekke seg etter. Mange ungdomar får også si første arbeidstrening som tilretteleggjar for dei som er yngre. Om ungdomane forsvinn ut av nærmiljøet som 13-åringar, er det mindre sannsynlege at dei vil vere aktive lokale. Det vil vere eit hardt slag for det lokale aktivitetstilbodet. Ungdomsskulen er også ein sårbar periode i livet der mange forsvinn ut av organisert aktivitet. Alternativet til eit trygt og oversynleg lokalsamfunn blir fort anonymitet blant meir enn tusen andre.

 

Den store dugnaden

Då eg stod der i skulegarden og høyrde på appellane, tenkte eg på at eg berre kjente to familiar i området då familien kom flyttande med to barnehagebarn. No stod eg blant vener, og kjente. Eg har møtt dei gjennom aktivitetar i og rundt skulen.

Det er vanskeleg for politikarar å sjå alt dette når ein får ein skulebruksplan og økonomiske kalkylar i hendene.

Abildsø er ein stad forbausande mange i Oslo ikkje har høyrd om. Grunnen er at det ikkje er så mykje som skjer der. Bortsett frå når det er dugnad. På Norway Cup og når korpset arrangerer loppemarknad. All denne aktiviteten blir drive av foreldre. Kvar einaste gong eg har deltatt, har eg tenkt at dette var vel investert tid. Eg har sett barn som har det fint, og eg har møtt andre foreldre og kanskje også nokre naboar som det endeleg var tid til å seie noko meir til enn «hei, hyggeleg å møte deg, eg har noko eg må rekke».

Det er vanskeleg for politikarar å sjå alt dette når ein får ein skulebruksplan og økonomiske kalkylar i hendene. Men rundt om i byen er dei lokale skulene, og aktivteten dei skaper, nøkkelen til ein god kvardag. Det eit spørsmål om å prioritere det som lønner seg på sikt. Og det er å prioritere barn og unge.

Nyhetsbrev Agenda Magasin