FOTO: Ian Schneider/Unsplash

Det som gjekk bra

Romjulstida gir rom for ettertanke rundt dei lyse tinga frå 2022.

Tidlegare i haust skreiv politisk redaktør i Dagsavisen, Lars West Johnsen, ein tekst om verdssituasjonen som ga meg frysningar på ryggen. Då hadde Xi Jinping fått forlenga sete som Kinas president, og det var val på trappene i Brasil og USA.

Antidemokratiske republikanarar hadde vind i segla, og autoritære Bolsonaro kunne vinne i Brasil. West Johnsen avslutta teksten med desse orda: «Om et par uker kan tre matchballer være tapt. I sportens verden er kampen da over». Det føltes som om me gjekk mot stupet, både i kampen for demokrati og for klima.

Eg trur ikkje at media alltid var så gode på å løfte dei positive sakene i 2022.

Det skjedde heldigvis ikkje. Demokratiske Lula vann i Brasil, og det er igjen håp for regnskogen. Demokratane gjorde eit langt betre val enn mange hadde trudd i det amerikanske mellomvalet. Kampen er på ingen måte over. Derimot ser også Putin ut til å slite i møte med ukrainsk folkeleg motstand i krigen, og fordi mange land står saman i møte med russisk krigføring. Det er godt nytt.

Stoppa me nokon gong opp for å feire då ting ikkje gjekk så dårleg som frykta? Hugsa me å smile, puste letta ut, merke oss det som gjekk bra?

Eg trur ikkje at media alltid var så gode på å løfte dei positive sakene i 2022. Ein tur innom dagbladet.no gir oss illraude katastrofe-overskrifter kvar einaste dag. Det er forsking på dette, som viser at aviser sel betre om dei har negative nyhende på framsida. Det er sikkert bra for deira inntening, men dårleg for vår kollektive mentale helse. Av og til kan det følast som om alt går i feil retning i verda. Heile tida. Men det er jo ikkje sant.

Rett før juleferien prøvde eg å rydde litt i gangen. Og der, under nokre votter og skjerf i ein kurv, låg det eit munnbind. Det føltes utruleg godt å kunne legge det vekk, innerst inn i boden. Pandemien som me levde med og i altfor lenge er no over som me kjente den. Restriksjonane er oppheva og me har tatt møteplassane tilbake.

Av og til kan det følast som om alt går i feil retning i verda. Heile tida. Men det er jo ikkje sant.

I fjor på denne tida var det restriksjonar på kor mange som kunne samlast i juleselskap. Ordet «omikron» var då i dagleg bruk.

Pandemien var som ein lang, mørk tunnel me ikkje visste når me ville kome ut av, men no er lyset her, og me er ute av den. På vegen fekk me testa korleis me handterte motgang saman – det var dugnadsånd, vilje til å vere der for kvarandre og tålmod. Sjølvsagt var det ting som kunne vore annleis og betre, men ein lærdom var at folk stilte opp for folk.

No er det som eit fjernt minne. Me kan igjen velje sjølv kor mange me vil invitere på besøk, og me kan igjen stå tett i tett på konsert. Men kanskje me snakkar litt lite om kor godt det er, å ha fått tilbake denne fridomen som samfunn? Etter andre verdskrig har me alltid markert frigjeringsdagen, og ein del av barnelærdomen om krigen er kor glade alle var då freden kom. Kan hende me hadde hatt godt av å feire litt meir vår eiga frigjering frå karantene- og munnbind-åra som ligg bak oss.

Det var også fleire veldig gode ting som skjedde i 2022. Verdas land klarte å samle seg om ei avtale for å ta vare på verdas natur. No skal 30 prosent av verdas hav- og landområde bli verna innan 2030.

Betre vern av natur er bra for dyr og plantar på jorda – og for julesjokoladen.

Vern av natur er bra for naturmangfald, gjer oss meir robuste mot klimaendringar og gir tryggare tilgang på mat mange av oss er glade i – som sjokolade og kaffi. Professoren og forfattaren Anne Sverdrup-Thygeson har gitt eit eksempel på dette når ho har skrive om ein type mygg som ikkje har noko norsk namn, men ho kallar den sjokoladeknott. Myggen hentar pollen frå eit nabotre for å sikre at kakaoblomsten skal bli ein kakaobelg med kakaobøner, men forholda må ligge til rette, med skygge, rett fuktigheitsnivå og eit lag rotne blader i skogbotnen. Kakao blir produsert under veldig spesielle forhold, som er sårbare for endringar i klima og natur. Difor er det godt nytt når ein har klart å få på plass ein avtale som gir naturen høgare verdi. Betre vern av natur er bra for dyr og plantar på jorda – og for julesjokoladen.

Ein lovande miljøavtale fekk me også om plast. Landa i verda har forplikta seg til å redusere bruken av eingongsplast, og gå over til å bruke plast som kan gjenbrukast i framtida.

Her heime har me låg arbeidsløyse, og i haust fekk me for fyrste gong eit klimabudsjett, som skal vere førande for all nasjonal politikk fram mot 2030. Det er eit viktig steg i retning av å rigge oss i stand til å nå klimamåla. Me fekk eit omfordelande statsbudsjett, og langt fleire barn enn før får no gå på SFO, fordi dei har fått gratis halvdagsplass.

I dag vil eg peike på alt som har gått bra.

Nordmenn er stadig meir positive til innvandrarar, melder SSB. Arbeidstakarar som jobbar deltid har fått forsterka rett til heiltid, og pensjonsoppteninga kjem no frå fyrste krone. Folk som går på arbeidsavklaringspengar (AAP), fordi dei er for sjuke for å jobbe, får ikkje lenger eit år utan inntekt når aap-perioden er over. Det er eit viktig grep mot fattigdom.

Eg trur me tenkjer nok på alt som går dårleg rundt oss. I dag vil eg peike på alt som har gått bra. For det er der håpet ligg for at enno meir skal gå bra i 2023.

Teksten ble også publisert i Dagsavisen 26. desember 2022.