Det er urolege tider. Men vi treng ingen ny EU-debatt.
I mange år verka det som om nordmenns haldningar til norsk EU-medlemskap var støypt i betong. Nei-fleirtalet var overveldande. Men med all usikkerheit knytt til kva som vil skje med den regelbaserte internasjonale rettsorden, med Nato-alliansen og med verdsøkonomien som følgje av Donald Trumps tollregime, ser det ut til å vere endringar på gang.
På den siste meiningsmålinga til Nationen og Klassekampen er det tidlegare nei-fleirtalet skrumpa til 42. Det er framleis fleire enn dei 34 prosentane som seier at dei vil at Noreg skal bli med i EU. Samstundes er fleire enn før i tvil.
Konfliktlinene frå tidlegare norske EU-strider, både den i 1972 og den i 1994, er lett å identifisere, også i 2025.
Senterpartiet er på ballen. På Dagsnytt 18 forsikra parti leiar Trygve Slagsvold Vedum nyleg at han vil gjere alt han kan for å halde landet vårt utanfor EU. På den andre sida av bordet sat Europabevegelsens Fredrik Mellem, som hevda at den langsiktige tendensen gjer at debatten kjem, uansett.
Konfliktlinene frå tidlegare norske EU-strider, både den i 1972 og den i 1994, er lett å identifisere, også i 2025. Det er sentrum mot periferi, hovudstaden mot bygder og småbyar. Oslo er den staden i landet der folk ivrar aller sterkast for EU-medlemskap. Og som før er venstresida splitta. Senterpartiet og Raudt er mest mot. SV står ikkje så mykje tilbake for dei to. MDG vil ha Noreg inn i EU og Arbeidarpartiet er delt mellom dei som ivrar for EU-medlemskap no, dei som slett ikkje vil og dei som gjerne vil ha Noreg inn i EU, men som ikkje vil å ta den kampen akkurat no.
Trump har regjert i litt over 100 dagar. På desse dagane har han skapt ein situasjon der tanken om Noreg som annleisland, med ein EØS-avtale som band til EU, for mange framstår som eit mindre attraktivt alternativ enn før.
EU-spørsmålet har eit kraftig mobiliseringspotensial i norsk offentlegheit.
Verken EU eller Europa står høgt i kurs hos Trump og hans folk. I sin tale på tryggingskonferansen i München i februar snakka visepresident J.D. Vance om motsetnaden mellom det han reknar som ekte demokrati og ytringsfridom, og autoritær regulering som er det han meiner EU og Europa står for. Elon Musk, som gjerne kommuniserer i kortare format, posta for ei tid sidan eit innlegg på X som fangar ideen i kortform: EU – når du er så glad i å bli styrt, at du vil ha ei regjering for regjeringa di, illustrert av eit EU-flagg med hammar og sigd i midten.
Europas ytre høgre har lenge argumentert langs liknande liner: «Det finst alltid eit imperium som prøvar å ta frå ungararane fridomen. Nett no er det Brussel», sa Ungarns president Viktor Orban i ein tale i mars i år. I nabolandet Austerrike var sterk EU-motstand ein av ingrediensane i valkampen til ytre høgrepartiet FPÖ, som fekk 28 prosent av stemmane og vart aller største part ved valet i fjor.
Sosiale medium får regelmessig små bagatellar til å ta fyr. Kva skjer då i ei sak som frå før er så ekstremt konfliktfylt?
Den norske EU-debatten blir ofte tilspissa, sjølv om ytre høgre som regel har liten plass. Ofte går det gale, her òg. Eit illustrerande eksempel er rapporten om mogleg utanlandsk valpåverknad, utarbeidd av Forsvarets forskingsinstitutt (FFI). Her vart det skissert eit scenario der utanlandske aktørar, i samarbeid med krefter i Noreg, gjekk inn for å seie opp EØS-avtalen. FFI formulerte eksempelet på ein slik måte at dåverande kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik frå Senterpartiet først nekta å publisere rapporten. EU-spørsmålet har eit kraftig mobiliseringspotensial i norsk offentlegheit. Og spørsmålet splittar venstresida.
Sosiale medium får regelmessig små bagatellar til å ta fyr. Kva skjer då i ei sak som frå før er så ekstremt konfliktfylt?
Høgre vedtok på sitt landsmøte at partiet skal jobbe aktivt for norsk EU-medlemskap. Det er mange som vil ta debatten. Ettersom ytre høgre både i Europa og i USA har gjort EU til ein prioritert fiende, er det mange som drar parallellar mellom norsk EU-motstand, særleg Senterpartiet sin, og ytre høgre. Og då sporar debatten fort av.
Eg oppfattar at Senterpartiets EU-motstand mest av alt handlar om partiets syn på demokrati og folkestyre. Dei meiner norsk demokrati blir sikra best utanfor EU. Og sjølvsagt handlar det også om framtida til norsk matproduksjon. Musk og det europeiske ytre høgres anti-EU-retorikk handlar verken om økonomien for små og mellomstore bruk i norske distrikt, og heller ikkje om forsvar for demokratiet.
Kommentarer