FOTO: Arbeiderpartiet / Flickr CC

Ein bråkete, men god budsjettlekkasje

Det er ein haug med gode grunnar til å fordele meir frå laksenæring til fellesskapet.

Sjølv om laksen i dei norske fjordane sym vidare som om ingenting har hendt, kom det i førre veke ei historisk skattepolitisk nyheit som handlar om dei. Regjeringa vil fordele meir og hentar inn over 30 milliardar på ulike former for grunnrenteskatt, mellom anna på oppdrett. Grepet blei møtt med sterke ord og reaksjonar frå enkelte, men også mange lovord. Sjølv er eg i den siste gruppa. Det er det ei rekke grunnar til.

Samtidig som laks og aure har blitt ei ekstremt lønnsam næring, med arbeidsplassar fordelt langs store delar av kysten vår og rike eigarar på toppen, har det norske fellesskapet i praksis levd i tiår med skattekutt eller stillstand. Om me ser på skattepolitikken fram til sist val, er det ei historie om eit skattenivå som ikkje har gått skikkeleg opp på over 20 år. Det var nokre store skattekutt under Kjell Magne Bondevik og Erna Solberg, og stø skattekurs utan vesentlege endringar under Jens Stoltenberg.

Auka skattar på dei store oppdrettsselskapa betyr meir, ikkje mindre pengar i vanlege folks lommebøker.

Kapital400, som no nyleg viste at me har over 400 milliardærar her i landet, viser at det er stadig fleire som tener veldig, veldig godt. Om me slår oss til ro med ein situasjon der høgresida alltid kuttar skatt når dei har makt, mens venstresida berre lar skattenivået stå når dei er i posisjon, er det Kapital-gjengen som kan vere nøgde og fellesskapet som vil tape.

I år treng me særleg pengar for å finansiere eit stramt budsjett. Då er skattenivået ein naturleg stad å starte. Hadde me hatt større rammer til velferd dei siste åra, kunne me fort hatt litt mindre sjukepleiarmangel, litt kortare kø hjå fattighuset og ein mindre krevjande lærarstreik. Me treng også inntekter for å finansiere ei straumstøtteordning som hjelper folk med å handtere galopperande straumprisar.

For mange slit med å handtere rekningane no. Ei ny undersøking frå forbruksforskingsinstituttet SIFO viser at dobbelt så mange som i fjor slit økonomisk. Då treng me ein sterkare velferdsstat. Dei med sterkast musklar er dei rette til å ta den rekninga.

Vanlege folk vil ikkje bli råka av denne nye skatterekninga. Auka skattar på dei store oppdrettsselskapa betyr meir, ikkje mindre pengar i vanlege folks lommebøker. Regjeringspartia og SV, som saman har fleirtal, har alle tatt til orde for å redusere skatten på inntekter under 750 000. Medianinntekta i Noreg er på 550 000 kroner.

Fordelen med skatt på grunnrente er at det er skatt på forteneste frå norske naturressursar.

Kven som skal betale meir handlar også om makt. Eit vanleg argument når nokon vil sleppe skatt er at dei allereie bidrar så mykje lokalt med arbeidsplassar, sysselsetting og støtte til lokalsamfunnet. Filantropi er bra det. Det er fint at folk med mykje pengar vil bidra positivt til samfunnet. Problemet kjem når dei vil fordele meir av pengane sjølv i staden for å ta ein rettmessig del innom fellesskapet via skattesetelen. Det er i praksis ei maktforskyving frå folkevalte organ til dei rikaste.

Røkke har for eksempel brukt pengar på å sende flinke studentar på eliteuniversitet rundt omkring i verda. Det er fint. Men hadde du gitt det same beløpet til eit kommunestyre, er eg sikker på at det hadde vore nokre andre behov som burde kome fyrst. Betre bemanning i eldreomsorga, for eksempel.

Rettar me samfunnet inn mot å ta i mot gåver frå filantropar i staden for å ha tilstrekkeleg omfordeling gjennom skattesystemet, mistar me fridomen til å flytte pengar til der dei gjer mest nytte for fellesskapet. Difor er det ikkje så beroligande når Røkke viser til filantropi som noko han skal drive med framover frå Sveits. Gåver frå rike bør heller vere noko som kjem på toppen av eit allereie omfordelande skattesystem, ikkje i staden for.

Verdiskapinga vil klare seg gjennom denne skatteauken. Grunnrenteskatten har eit raust frådrag for dei minste selskapa. Fordelen med skatt på grunnrente er at det er skatt på forteneste frå norske naturressursar. Det er ikkje flust med fjordar i verda som er like godt rusta for havbruksnæringa som dei norske. Havbruksnæringa har gått med store marginar i mange år, og vil framleis vere lønnsam med den nye skatten.

Verdiskapinga vil klare seg gjennom denne skatteauken.

Forsking har vist korleis lågare forskjellar, som auka skatt bidrar til, er positivt for næringslivet. OECD har rekna på at Noreg kunne hatt høgare vekst om dei økonomiske forskjellane var mindre. På den måten har ein krevjande økonomisk situasjon for landet gitt ein sjanse til å innføre eit nytt skattepolitisk prinsipp som er bra for oss alle over tid. Det vil både kystsamfunn og dei rikaste blant oss tene på.

Så handlar det også om å veie særinteresser opp mot heilskapen. For sjølvsagt vil dei som må betale høgare skatt reagere. Det er heilt naturleg. Men politikaranes rolle kan ikkje vere å berre høyre på dei. Derimot må dei løfte blikket og sjå på kva som er best for heilskapen i samfunnet. I år er det ekstra tydeleg at det er andre enn lakseselskapa som treng litt meir å rutte med.

Me er altså mange som vil kunne tene på dei skattepolitiske signala som har blitt sendt så langt. Og fisken sjølv kjem ikkje til å merke så mykje av det.

 

Teksten ble også publisert i Dagsavisen 3. oktober 2022.