FOTO: Terje Pedersen / NTB

Eit grønt forsvar

Vi bør byrje å sjå på klima- og naturtiltak som det dei faktisk er – eit forsvar- og beredskapsspørsmål.  

Forskarar bruker stadig sterkare ord om klimaendringane rundt oss. Nyleg skreiv 17 000 forskarar under på eit opprop som sa at «Vi står på randen av en irreversibel klimakatastrofe. Dette er en global nødssituasjon, uten tvil. Mye av selve strukturen til livet på jorden er truet.»

Dette er ekstremt sterke ord. Likevel når dei ikkje fram i politikken. Både Noreg og resten av verdas land kuttar alt for lite utslepp og reddar alt for lite natur i møte med denne monumentale utfordringa. Beredskapen for ekstremvêr er også alt for svak.

Klimaendringane er i gong, og dei krev stor beredskap.

Samtidig finst det andre politiske felt der handlekrafta frå politikarane er stor. I neste års budsjett er det lagt opp til ei vekst i forsvarsutgifter på over 20 prosent. Pengane skal gå til ammunisjon, personell, bygg og kampfly, for å nemne noko.

Då langtidsplanen for forsvaret blei vedtatt tidlegare i år, var det eit samla storting som stilte seg bak. Ukraina-krigen har ført til eit tungt alvor i norsk politikk, og det har igjen ført til semje om at forsvaret må få ei kraftig opprusting.

I same budsjett var det lite jubel å hauste hos miljøorganisasjonane. SV kalla inn til krisemøte, og fleire klima- og miljøorganisasjonar stilte spørsmål ved om SV i det heile tatt burde forhandle om budsjettet med dette svake utgangspunktet.

Fungerande klima- og miljøminister, Tore O. Sandvik, forklarte til Klassekampen at klima- og miljøtiltak ikkje fekk meir pengar mellom anna fordi dei har prioritert forsvaret høgare.

Østersund i Sverige låg under vatn.

Parallelt med at desse sakene fylte avisspaltene, såg vi reportasjar frå Florida, der folk gjorde seg klare for orkanen Helene. Dei fylte bensin, forsegla vindauge, fjerna lause gjenstandar. Mange gjorde som president Biden sa og evakuerte før uvêret skulle kome.

Klimaendringane er i gong, og dei krev stor beredskap. Å møte ekstremvêr har nokre parallellar til krig. Folk må evakuere og hus, heim og tryggleik er i fare.

Det merka vi sjølv i august i fjor, då Hans traff landet. Då blei vegar blei utraderte og jarnbanelina mellom Oslo og Trondheim blei øydelagt. Jernbanebrua på Ringebu hamna i elva, og det tok heilt fram til 20. mai i år før toga mellom to av dei største byane i landet kunne gå som normalt igjen.

Vil vi i framtida ha tid til å reparere heilt grunnleggande infrastruktur frå ekstremvêr til ekstremvêr, når det kjem på besøk oftare og oftare? For nokre år sidan laga meteorologane til NRK ei «vêrmelding» for korleis veret ville kunne bli i august 2050.

Kristian Gislefoss stod og peika på eit kart som kunne fortelje om langvarig hetebølge på Austlandet, skogbrann i Oslo og styrtregn i Trøndelag med like mykje vatn på to timar som vanlegvis kjem på ein månad. Østersund i Sverige låg under vatn.

Kva med å definere klimaspørsmålet som eit forsvars- og beredskapsspørsmål?

Den britiske avisa The Guardian intervjua nyleg ei rekke klimaforskarar om alt ekstremvêret vi har sett i år. Dei sa at dette var heilt venta, men at øydeleggingane viser kor lite førebudde vi er på det som står føre oss no. I september måtte over 400 000 flykte frå heimane sine som følgje av flaum i Nigeria, og dei opplevde at krokodillar og giftige slangar kom drivande med vatnet etter at ein dyrehage blei oversvømt.

I Europa har ein lang rekke byar og lokalsamfunn blitt fylt med flaumvatn denne hausten. I Wien blei T-banen oversymt, og i Tsjekkia måtte folk bli redda frå flaumen med helikopter. Denne typen ekstremvêr er konfliktdrivande. Stadig meir forsking viser at klimaendringar bidrar til auka konflikt, ustabilitet og vald.

Klimaendringane er altså blodig, gjørmete og sveitt alvor som skjer her og no, men som vil bli stadig meir inngripande i våre liv. Totalberedskapskommisjonen skriv om både klimaendringar og stormaktsrivalisering som eksistensielle trugsmål.

Så kvifor behandlar vi dei ikkje med likeverdig tyngde?

Tiltaka for å nå 2050-utsleppsmåla er allereie utgreia. Det som manglar er handlekrafta til å gjere det som må til. Difor tenkte eg, den dagen det var storm i Florida og klimaministeren ikkje hadde nok pengar til klima fordi vi måtte gi pengar til forsvaret, at vi kanskje burde gjere om på heile systemet.

Ekstremvêra Hans og Helene har lært oss at det vil bli dyrt og farleg.

Kva med å definere klimaspørsmålet som eit forsvars- og beredskapsspørsmål?

Vil det kunne skje meir då?

Det høyrest kanskje ut som ei leik med ord, og kanskje er dette mest eit uttrykk for mi kjensle av maktesløyse. Men vi har klart det før, å kaste oss rundt i møte med pandemi eller krig, hendingar som har blitt sett på som tryggleikstruslar. Men på klima ser vi ikkje den same handlekrafta.

2025-valet kunne i teorien vore eit val der partia konkurrerte om å gjere oss tryggast mogleg i eit usikkert klima. Det kunne handla om korleis Noreg kan gå føre om å gjere flest mogleg arbeidsplassar grøne, ruste opp naturvernet og sikre infrastrukturen rundt oss mot tørke, styrtregn og flaum.

Men sånn ser det ikkje ut til å bli no. Fleire norske parti ser ut til å tone ned satsinga på klima.

Ekstremvêra Hans og Helene har lært oss at det vil bli dyrt og farleg.