Kvifor skal vi utforme politikk basert på lite representative eksempel?
Nyleg kom regjeringa med eit forslag til ei ny ordning for flyktningar som kjem til Noreg. Flyktningar skal ikkje lenger få introduksjonsstønad, men ei ny ordning – med namnet integreringsstønad dei fyrste fem åra dei bur her. I praksis er dette ei vesentleg svekking av det økonomiske sikringssystemet til flyktningar. Det vil kunne gi meir fattigdom og medfølgande sosiale utfordringar.
Er det så lukrativt å vere flyktning eigentleg?
Regjeringa har lagt stor vekt på at enkelte flyktningar «må tene opptil 600 000 kroner» for at det skal lønne seg jobbe. Det høyrest jo veldig mykje ut. Medianlønna i Noreg i 2023 var 608 000 kroner. Difor er det verdt å gå næmare inn i dette reknestykket, og den økonomiske situasjonen for flyktningar i Noreg i dag. Er det så lukrativt å vere flyktning eigentleg? Er det sånn at flyktningar tener meir enn arbeidstakarar flest?
Når regjeringa seier dette, meiner dei ikkje at flyktningar i dag får utbetalt 600 000 kroner, sjølv om det kan høyrast sånn ut i farta. Det dei meiner er at flyktningar på det meste kan få eit stønadsnivå på 436 800 kroner i året. Det er nettobeløp det du sit igjen med etter skatt om du har ei lønn på 576 085 kroner.
Dette er eit eksempel som du kan finne der ute, om du leiter, men representativt er det ikkje.
Dagsavisen har gått nærmare inn i dette, og dei har dokumentert at for å finne ein flyktning som får over 400 000 kroner i stønader, må du ta utgangspunkt i eit ytterleggåande eksempel.
Regjeringa tar då utgangspunkt i ein einsleg forsørgar som har høg bustønad – 18 200 kroner i månaden. Nokon stadar må bustønaden vere såpass høg fordi det kostar såpass mykje å bu i eit område. Så vi må altså starte med ein åleineforsørgar som bur ein stad der det er dyrt å bu. Utanfor byane er gjennomsnittleg bustønad for ein treroms, som dette eksempelet tar utgangspunkt i, på 10 170 kroner i følgje SSB.
Regjeringa tar også utgangspunkt i at denne einslege forsørgaren har fått innvilga sosialhjelp for seg sjølv og to barn på over 16 000 kroner i månaden, i tråd med statleg sats. I tillegg har dei fått ekstra økonomisk stønad frå NAV på 2000 kroner i månaden. Dette er eit eksempel som du kan finne der ute, om du leiter, men representativt er det ikkje. I 2024 var det berre 31 prosent av norske flyktningar som fekk sosialhjelp i det heile tatt.
Dei ordningane regjeringa no vil fjerne for flyktningar, er med på å forebygge matkøar og at barn som kjem på skulen utan matpakke og holete sko.
Det som også er verdt å nemne i denne samanhengen er at verken bostønad eller sosialhjelp kjem av seg sjølv. Dei blir utbetalt etter grundige søknadsrundar hos Nav, der du får avslag om du ikkje har eit reelt behov for hjelp til å dekke grunnleggande behov. Og som SIFO har vist, er det mange som får sosialstønad frå Nav, som slit med å dekke grunnleggande behov til mat og klede. Ein av tre sosialhjelpsmottakarar har ikkje råd til ein fullverdig middag kvar dag. Det rammar barns oppvekstvilkår direkte og negativt.
Dei ordningane regjeringa no vil fjerne for flyktningar, er med på å forebygge matkøar og at barn som kjem på skulen utan matpakke og holete sko. Dei er med på å sikre at heile landet bidrar til integreringsdugnaden – ikkje berre dei buområda med dei lågaste bustadprisane.
Mange har vore kritiske til dette nye forslaget, både frå forskarhald og frå interesseorganisasjonar på feltet. Den kritikken er det verdt å lytte til, for no risikerer vi å svekke integrering og skape mykje ny sosial nød som følgje av politikk utforma basert på ei lite representativ forteljing om samfunnet vårt.


Kommentarer