FOTO: NTB/AP Photo/ Ebrahim Noroozi

Eit vanskeleg venskap

Tyskland er Israels nære støttespelar. Men det kostar stadig meir, både internasjonalt og på heimebane.

På overflata såg alt ut til å vere som før då den tyske utanriksministeren Johann Wadephul, frå det kristendemokratiske partiet CDU, besøkte Israel sist veke. Tyskland står klippefast ved Israels side. I forkant forsikra Wadephul pressa om at det er fullstendig uaktuelt for Tyskland å anerkjenne ein palestinsk stat.

Fyndordet om at Israels tryggleik er tysk Staatsräson, altså ein vital tysk statsinsteresse, svevar i bakgrunnen.

I dag er den tyske israelspolitikken ikkje samlande for Europa.

Relasjonen mellom Tyskland og Israel, er spesiell. Tysklands ansvar for folkemordet på dei europeiske jødane kan ikkje tenkjast vekk. Det spesielle tyske historiske ansvaret for den andre verdskrigen er grunnen til at Tyskland i etterkrigstida har ført ein utanrikspolitikk der ein har søkt å unngå aleinegang.