FOTO: privat

Fredsprat i Genova

Me mistar noko viktig om russarane ikkje får visum til å reise på ferie i Europa.

I sommar hadde eg eit lite forsøk med å vere ryggsekkturist igjen, for fyrste gong på ti år.

Backpacking for ti-femten år sidan ga møte med studentar og reisande frå mange land med håp og draumar for framtida, nysgjerrige på nye stadar og nye folk. Me snakka om stadar me hadde vore og stadar me skulle vitje, diskuterte reisebøker og mat. Og så snakka me om politikk.

Me delte som regel ei felles forståing om at dette stort sett gjekk i positiv retning. Etter at Bush var ute av sjefsstolen i USA hadde mange av oss håp om eit skifte i verda, med mindre krigar og rasisme, og ein meir håpefull klimapolitikk. Så feil kunne me ta.

Nokre ting kjentes annleis denne gongen, utover at min eigen alder har gått opp.

Denne reisinga var ikkje berre verdifull på den måten at det ga gode augeblikk der og då. Det ga venskap på tvers av land, forståing for andre kulturar, og nye måtar å tenkje på. Det har forma eit politisk grunnsyn i meg som fortsatt står fast.

I juli blei tursekken pakka igjen, og flyet gjekk til Milano for å kunne toge frå by til by i Italia. Men nokre ting kjentes annleis denne gongen, utover at min eigen alder har gått opp.

På 8-personars-rommet på hostellet i Milano satt ei amerikansk jente og jobba i senga på ettermiddagen og kvelden. Ho var ingeniør i eit amerikansk selskap, men jobba på nett.

«Dei trur eg jobbar frå Texas, men eg er så lei av å vere der, at eg jobbar på reise. Dei merkar ikkje at eg ikkje er heime», sa ho i ein pause mellom møta.

Så då satt ho oppe på kveldane for å fylle arbeidstida Texas-time og vere med på ulike Zoom-møte frå hostellrommet, mens formiddagane hennar gjekk til å sjekke ut ulike byar i Italia.

Ein på hostellet i Genova var russisk, og ikkje berre i Italia på sommarferie. For han var reisa lengre, og tyngre.

Sånn var det ikkje i 2010.

Ein på hostellet i Genova var russisk, og ikkje berre i Italia på sommarferie. For han var reisa lengre, og tyngre. Han hadde emigrert, fordi tanken på å jobbe som forskar i Russland verka for utrygg. No hadde han fått forskarjobb ved eit italiensk universitet. Han visste ikkje når han kom til å reise heim igjen.

Ein amerikanar på rommet studerte politikk, men lagde grimasar då han sa ordet «Washington». Å sjå føre seg eit yrkesliv der meinte han ville vere som å bryte all moral. I staden drøymte han om å jobbe i finanstilsynet og jobbe mot økonomisk kriminalitet. Ei britisk dame skjønte ikkje korleis eg kunne orke å jobbe med politikk, når verda er så dyster.

Det var rett og slett eit heilt anna alvor denne gongen over desse folkas syn på framtida, samanlikna med dei eg møtte sist eg reiste. Dei siste åra med korona, Trump og Ukraina-krig så verkeleg ut til å ha slått inn i folks liv. Og der satt me med kvar vår øl og prøvde å kjøle oss ned frå ei heitebølge me kjem til å få mange fleire av framover.

Ei britisk dame skjønte ikkje korleis eg kunne orke å jobbe med politikk, når verda er så dyster.

Me gjekk ut for å spise. Over ein glovarm nysteikt italiensk pizza fortsatte praten. Å kunne sitje med ein amerikanar, ein brite og ein russar som ein nettopp har møtt og diskutere Ukraina-krigen i ein venskapleg tone, utan å kjenne kvarandre frå før, eit halvt år inn i krigen, er ikkje sjølvsagt, men veldig fint.

Då Russland invaderte Ukraina i vår, snakka mange om at sanksjonane mot Russland måtte ramme eliten, ikkje vanlege folk i Russland. Korleis kan den jamne russar stå ansvarleg for ein krig starta av ein autoritær leiar som Putin? Prosessen bak kan på ingen måte kallast demokratisk.

Når ulike europeiske leiarar no tar til orde for å begrense russaranes høve til å reise, stoppar dei også sjansen for at vanlege russarar kan kome ut av ein kvardag med særs begrensa tilgang på nyheiter om krigen og høyre om korleis denne krigen ser ut frå eit ukrainsk perspektiv. Det er ei oppskrift på å gjere Russland enno meir lukka, og enno meir autoritært. For i møte med folk frå andre stadar enn oss sjølv får me auka forståing og solidaritet for kvarandre. Det er den me må bygge på for å kome oss gjennom utfordringane som kjem i åra framover. Klimakrisa er ei av utfordringane som må løysast globalt, og då treng me kontakt på tvers av landegrenser.

Den jamne russar burde få behalde sjansen til visum til andre land.

Me lever også i ei tid der krise-overskriftene haglar inn over oss gjennom dagen, både i nettaviser og sosiale medier. Då er det lett å gløyme at folk er folk, uavhengig av kven som har makta i landet dei bur i. Det er lett å miste blikket for korleis verda ser ut frå andres perspektiv.

Den jamne russar burde få behalde sjansen til visum til andre land. For møteplassane som blir skapt på dei turane er noko av håpet me må bygge på framover. Det er forståing og samtalar på tvers som kan bidra til at me igjen kan få fred på kontinentet vårt. Så kan ein heller stramme til sanksjonane enno meir mot dei som faktisk har ansvar for at denne krigen blei starta, som Putin og kollegaene hans.