Ti organisasjonar vil ikkje lenger få infostøtte frå Norad. Det vil gi ein fattigare debatt om utviklingspolitikk og eit meir tannlaust norsk sivilsamfunn.
Kvart femte år fordeler Norad ut pengar gjennom den såkalla infostønaden til sivilsamfunn i Noreg. Poenget med ordninga er å auke kunnskapen om og engasjementet for og debatt rundt internasjonale utviklingsspørsmål og bistandspolitikk i Noreg.
I praksis finansierer dette mange slags aktivitetar som fellesskapet vårt bør ha interesse av at nokon driv med – organisasjonar følgjer med på kva norsk næringsliv driv med i land langt unna og bidra til skjerpa politikk rundt openheit, skatt og gjeld. Det bidrar til at ungdom kan bygge organisasjonar for ei tryggare klimaframtid, eller til at nokon faktisk arrangerer opne møte om USAs militære åtak på Nigeria, som Fellesrådet for Afrika nyleg tok initiativ til.
Grasrotelementa kan bli svekka.
Sjølv om pengestønaden under ordninga har gått opp med 16 millionar totalt, har den viktige organisasjonen FN-sambandet blitt flytta på budsjettet og skal også finansierast av denne potten, og det gjer at det blir mindre pengar til resten.
No blir det altså kutt hos ei rekke små organisasjonar, og ei rekke ungdomsorganisasjonar. Changemaker, Fellesrådet for Afrika, Støttekomiteen for Vest-Sahara, Attac og Natur og Ungdom er blant dei som er råka. Sjølv om det var vektlagt i utlysinga at organisasjonar som jobbar opp mot unge vaksne skal prioriterast, er det ei rekke av organisasjonane som rettar seg mot denne gruppa som har blitt kutta. Store, tyngre organisasjonar, der infostønaden er langt mindre naudsynt for å sikre vidare drift, som Regnskogsfondet, Kirkens Nødhjelp og Redd Barna har derimot framleis fått støtte.
Det er vanskeleg å skjønne kvifor desse ordningane er gjort.
Hos Panorama blei delar av forklaringa på kuttet til Fellesrådet for Afrika referert. Her stod det for eksempel:
«Problemanalysen er lite empirisk underbygget, endringsteorien bygger mest på antakelser, indikatorene måler hovedsakelig aktivitetsnivå og påvirkning snarere enn faktisk kunnskaps- eller adferdsendring, og lærings- og tilpasningsmekanismene er svakt utviklet.»
No har eg ikkje lest søknaden frå Fellesrådet, så med atterhald om det, får grunngivinga meg til å stusse.
Å stø opp om sivilsamfunn er å stø opp om det litt skeive og skakke, det er ikkje å stø dei som vinn NM i søknadsskriving. Ein må også sjå på kva rolle dei aktørane som søkjer speler i floraen av norsk sivilsamfunn. Elles kan ein fort ende opp med eit profesjonalisert sivilsamfunn som er supergode på søknader, men som ikkje får med seg vanlege folk. Grasrotelementa kan bli svekka.
Alt i alt framstår dette som ukloke kutt til utviklingspolitikkens grasrot og vaktbikkjer.
Sjølvsagt må Norad vektlegge kvaliteten i søknader når ein skal vurdere desse opp mot kvarandre, men dette ser såpass rigid ut at det i praksis kan bli ei ordning som er tilpassa store, tunge avdelingar med eigne tilsette som jobbar med søknadsskriving spesielt. Det er krevjande for 20-åringar som driv ein organisasjon på fritida, eller for vanlege borgarar som har eit eige engasjement for å dele informasjon om Afrika, å leve opp til den byråkratiske det ser ut som om Norad har lagt opp til her.
Det er vanskeleg å skjønne kvifor desse ordningane er gjort. Men når det er gjort, er det også vanskeleg å skjønne at det er dei små aktørane som får så store kutt, når dei er sentrale i eit verdifullt mangfald som eksisterer i dag. Når Støttekomiteen for Vest-Sahara no hamnar i økonomisk krise, er det vanskeleg å sjå kven som skal ta den rolla dei har tatt med å lære opp ungdomspolitikarar i uretten som skjer i Vest-Sahara i dag. Når Fellesrådet for Afrika blir kutta, vil det bli enno meir stille i samtalen om eit kontinent som allereie får alt for lite merksemd. Mange som har brukt både fritid og arbeidstid i vaksenlivet på utviklingspolitiske spørsmål fekk dette engasjementet vekka hos Changemaker, som no er i økonomiske vanskar.
Alt i alt framstår dette som ukloke kutt til utviklingspolitikkens grasrot og vaktbikkjer. Epstein-saka har vist oss at det kan vere heilt andre stadar i UDs budsjett som bør bli gjennomgått med lupe før ein kuttar i desse føremåla. Dette bør rett og slett ryddast opp i.
Teksten ble oppdatert 12.02 kl 16.58.

Kommentarer