Å kutte har også ein kostnad. Prisen er utanforskap.
I boka «Den langsomme tryggheten» skriv Sigbjørn Johnsen, tidlegare finansminister, og Ina Libak, tidlegare AUF-leiar, om generasjonskontrakten. Det handlar om at alle må stille opp og sørgje for å gi barn ein trygg oppvekst. Det vil i sin tur gjere det lettare å finne sin plass i arbeidslivet som vaksen, å betale skatt og dermed også betale for dei eldre, dei som i si tid jobba og finansierte velferdssamfunnet. Dei to Arbeidarparti-politikarane skriv i eit vart, poetisk språk om verdien førebygging har i eit godt samfunn.
Dei siste daganes krumspring frå Trump-administrasjonen gjer ikkje saka lettare.
Eg kom til å tenkje på denne langsame tryggleiken då den regjeringsoppnemnde kommunekommisjonen presenterte sin rapport før helga. Her vart det malt opp eit dystert scenario, ikkje ulikt det som blir presentert i Perspektivmeldinga. Statens inntekter som andel av BNP er venta å falle. Samstundes er statens utgifter venta å auke på grunn av ei eldre befolkning. Veksten i offentlege utgifter kjem til å auke meir enn inntektene. Handlingsrommet i budsjetta vil minke.
Dei siste daganes krumspring frå Trump-administrasjonen gjer ikkje saka lettare. Tryggingspolitikk pressar seg enno høgare opp på den politiske agendaen. Det vil igjen vil binde opp betydelege økonomiske ressursar og redusere det frå før minkande økonomiske handlingsrommet.
Utgangspunktet for kommisjonens arbeid er at Stortinget over tid har innført stadig fleire rettar og lovfesta tilbod som kommunane skal oppfylle. Ein snakkar gjerne om eit forventningsgap, forskjellen mellom det kommunane ska gjere og den moglegheita dei reelt sett har til å gjere det ut frå dei tilgjengelege ressursane. Kommunekommisjonen svarar på dette dilemmaet blant anna gjennom å føreslå å fjerne lærarnorma. Det har fått Utdanningsforbundet til å protestere høglydt. Med god grunn.
Poenget med norma var at lærarane skulle få meir tid til elevane, til tilrettelegging og individuell oppfølging.
Lærarnorma regulerer kor mange elevar ein kan ha per lærar. I dag skal det vere maks 15 elevar per lærar i 1.-4. trinn og maks 20 elevar per lærar frå 5.-10. trinn. Målet er å sikre eit likt minstetilbod for alle. Då ho vart innført tok norma tak i det som var ein tydeleg tendens. I skuleåret 2001–2002 gjekk 14 prosent av elevane på skular med gjennomsnittleg klassestorleik på over 20. I skuleåret 2016–2017 gjekk 24 prosent av elevane i slike klassar. Poenget med norma var at lærarane skulle få meir tid til elevane, til tilrettelegging og individuell oppfølging.
Då norma vart innført, viste forkjemparane blant anna til rapporten «Does class size matter?» frå National Education Policy Center, som oppsummerte forskinga på feltet. Her kan ein lese at små klassar har stor og varig positiv effekt på læringa. Dette gjeld spesielt for dei elevane som har størst vanskar med å lære i utgangspunktet, og for barn frå familiar med låg inntekt.
Norske elevars ikkje akkurat optimale prestasjonar på skulen har fått mykje merksemd dei siste åra. Ein snakkar om realfagskrise, lesekrise og ei ålmenn kunnskapskrise. Denne veka kunne NRK også vise at fråveret i skulen ser ut til å vere dobla etter pandemien. Vi har altså ein situasjon der det blir skapt mykje utanforskap og for få nye høgtpresterande skattebetalarar.
Problemet er at dei kostnadene ein kuttar i eit budsjett, i dette tilfellet lærarar i skulen, har det med å dukke opp att andre stader, som kostnader for utanforskap.
Ein rapport frå forskingsinstituttet Nifu viser at norma har gitt 2500 nye lærarårsverk i grunnskulen. Det er mange lærarstillingar, mange tilfelle av tettare oppfølging og mange høve til å bygge relasjonar mellom lærar og elev. Det er også grunn til å tru at lærarnorma gjer skulen til ein meir attraktiv arbeidsplass. Grunnskulen har lenge slitt med å rekruttere kvalifiserte lærarar, blant anna mange sluttar etter kort tid i yrket. Ein grunn til denne lærarflukta er at mange opplever eit meiningstap i yrket som følgje av at dei har for lite tid til å jobbe godt med elevane og at arbeidskvardagen i staten blir ete opp av rapportering og testing.
Gitt bakteppet for kommunekommisjonen, er det heilt sikkert noko som kjem til å bli kutta, og det kraftig. I ei hard tid som vår er truleg også aksepten for harde kutt aukande. Spørsmålet er kva som blir prisen på lang sikt.
Problemet er at dei kostnadene ein kuttar i eit budsjett, i dette tilfellet lærarar i skulen, har det med å dukke opp att andre stader, som kostnader for utanforskap. Og den siste rekninga er, diverre, ofte langt høgare enn den første.


Kommentarer