FOTO: Siw Pessar

I år går eg i tog for at fleire kvinner kan vere friske

God kvinnehelse er bra for alle. Kanskje er det det me kan leve av etter olja.

I førre veke fekk me ein ny, stor rapport frå eit offentleg utval som skulle gi oss det store biletet på kvinnehelse. Etter å ha lest, sit eg likevel igjen med kjensla av at den ikkje tok oss så mykje lenger.

Den har fine forslag til tiltak, men det blir litt for smått. For kor er det store samfunnsperspektivet på kva for nokre gode ting som kan skje om dette problemet blir tatt meir på alvor? Av at me alle kunne få friskare kollegaer, søstrer, mødrer og døtrer?

Det vil ha ein verdi som det ikkje er mogleg å setje ein prislapp på. Men eg er sikker på at det vil vere verdt meir enn milliard.

Helsevesenet vårt er tufta på at mannen er standarden.

For det er ein milliard til kvinnehelse dette utvalet føreslår. Den milliarden, og oppfølging av dei andre føreslåtte tiltaka i rapporten, burde kome ved fyrste og beste sjanse frå regjeringa.

Men det er ikkje nok til å snu dei strukturane det her er snakk om. Då trengst det større, enno meir strukturelle grep.

Utvalet viser eigentleg til det sjølv. Dei peiker på svensk forsking som seier at endometriose åleine gir Sverige utgifter på 13 milliardar i året. I Noreg trur ein at spiseforstyrringar kostar oss 26 milliardar i året.

Ein milliard til tiltak spreitt over ein lang rekke område vil ikkje vere nok til å gjere det som skal til for å bøte på alle desse utfordringane.

Sjukepleiarar fortel om korleis det ikkje alltid er tid til å gå på do eller spise matpakka si på jobb.

Helsevesenet vårt er tufta på at mannen er standarden. Forsking er basert på mannskroppen. Kvinnekroppen er eit unntak. Men dei siste åra har me høyrt stadig fleire historier om dårleg kvinnehelse sive ut, samtidig som me har fått meir forsking på kvinnehelse. Dei viser at omgrepet «kvinnehelse» rommar veldig mange ulike erfaringar.

Me har høyrt om korleis kvinnedominerte yrke, som helse- og omsorg og varehandel, er tøffe og har høgt sjukefråver. Sjukepleiarar fortel om korleis det ikkje alltid er tid til å gå på do eller spise matpakka si på jobb. Det er arbeidsvilkår dei færraste av oss hadde orka å stå i fram til pensjonsalder. Om jobben blir for tøff, får dei låg uføretrygd. Deretter får dei låg pensjon.

Andre kvinner fortel om heile dagar, kvar månad, som blir tilbragt under dyna, fordi dei har kraftige menstruasjonssmerter. Endometriose har blitt eit ord mange av oss har lært oss dei siste åra, fordi fleire har stått fram med sjukdommen, men den blir ikkje møtt med kunnskapen og ressursane alvoret i plagane sjukdommen gir fortener. NRK hadde denne veka ei sak om Elisabeth, som har slitt med endometriose heile livet, som no har spreidd seg heilt opp til lungene. Hadde det blitt oppdaga og tatt på alvor før, kunne ho vore langt friskare.

Det er også tilstandar som er utbreidde, men har alt for lite forsking knytt til seg. Som PCOS, som er ei hormonforstyrring som kan gjere det vanskelegare å få barn, men også gi auka sannsyn for ei rekke helseplagar, som muskel- og skjelettplager, kreft og diabetes.

Opptil 15 prosent av norske kvinner har dette, ein tilstand som kan bli betre med medisin eller endring av livsstil. Eg mistenker at det er det langt meir informasjon om korleis ein skal leve godt med denne diagnosen på Instagram og TikTok enn på eit norsk legekontor.

Frå Forsvaret høyrer me overgrep og seksualisert vald. Det er eit uttrykk for ein ukultur, men denne er ikkje berre i Forsvaret. Alt for mange kvinner i heile det norske samfunnet er utsett for vald og overgrep, særleg dei unge. Det kan setje varige spor og gi langvarige helseplagar. Ei nyleg undersøking frå NKVTS viste oss at dette er vanskeleg å måle, men at vald og overgrep rammar veldig mange av oss.

Me kan ikkje redde kvinnehelsa med ein enkelt milliard.

Me har også stadig meir kunnskap om samanhengen mellom fattigdom og helse, og korleis dette sett spor i generasjonar. Fattigdom og ulikheit bidrar til stress, og det fører igjen til at det er større sjanse for at mor får fødselsdepresjon. Etter pandemien er det langt fleire mødrer som har depressive symptom. Under pandemien hadde nesten ei av tre spedbarnsmødrer slike.

Det er altså snakk om store, strukturelle helseutfordringar som krev tiltak som står i stil til problemet. Ein kan ikkje slokke ein stor brann med ei bøtte med vatn. Me kan heller ikkje redde kvinnehelsa med ein enkelt milliard.

Det seier sitt når redaktøren i det vanlegvis så sobre tidsskriftet Dagens Medisin skriv at rapporten kjem «i så pene og pyntelige former at man har lyst til å skrike».

Då Jens Stoltenberg var statsminister, sa han at det ikkje er olja som har gjort Noreg til eit rikt land. Det er det kvinners arbeidsdeltaking som har gjort. Noreg ligg høgt oppe på statistikkar som samanliknar kor mykje kvinner jobbar i ulike land. Det gir verdiskaping og skatteinntekter, altså langt meir enn me har tent på olja.

Til trass for alle pengane me kvinner bidrar med til brutto nasjonalprodukt, og verdien me trass alt burde ha berre i kraft av å utgjere halvparten av befolkninga, har me ikkje alltid vore like gode til å ta vare på kvinners helse.

Å bruke meir pengar på førebygging – ved å gå til rota av desse problema og ta tak i dei tidleg, vil sannsynlegvis lønne seg for oss som fellesskap. For det er ikkje tvil om at det er dyrt å hjelpe når alle desse problema har vakse seg store. Å redusere fattigdom forebygger mot helseproblema fattigdom gir. God barselomsorg og god oppfølging dei fyrste leveåra gir betre helse resten av livet.

No trengst politikarar som hevar blikket og er viljuge til å ta større, strukturelle grep for å ta kvinnehelse på alvor. Gevinsten vil vere ein friskare halvdel av befolkninga. Det vil vere bra for alle.