Skal ikkje folk med lite pengar få hjelp til å bu i byar og stadar med høge bukostnader lenger?
Nyleg var eg på kurs for tillitsvalte gjennom fagforeininga mi, Handel og Kontor. I denne gjengen av folk som jobbar i butikk og på kontor, var det slåande at fleire av dei som jobbar i butikkar i Oslo ikkje bur i byen sjølv. Dei pendlar inn. Blant dei kontortilsette var det langt fleire som både budde og jobba i same by.
Men ser ein på tala, er ikkje dette så rart likevel. Dei siste tiåra har bustadprisane vakse langt meir enn lønnsveksten, og særleg i dei store byane. I 2025 var snittprisen for dei som kjøpte sin fyrste bustad i Oslo over 5 millionar kroner.
Dette er eit oppsiktsvekkande lineskift og det gir grunn til å stille nokon oppfølgingsspørsmål.
Ein einsleg helsefagarbeidar i 75 prosent stilling har råd til godt under éin prosent av bustadane i Oslo. Eit par beståande av den same helsefagarbeidaren og ein tømrar i heiltidsjobb med to barn, har råd til eit par prosent av bustadane i same by. I praksis er døra til eigen bustad i hovudstaden stengt for dei fleste i denne situasjonen som manglar eigenkapital, trass i at dei er fagarbeidarar.
Dette får konsekvensar for bustadmønsteret i landet. Vi risikerer å få ei utvikling der byane berre har folk med arv og høge inntekter, mens helsefagarbeidarar, butikkmedarbeidarar, folk utan arv og folk med flyktningbakgrunn må pendle inn til jobbane sine frå ulike drabantområde. Allereie går denne utviklinga fort. I Oslo fekk 67 prosent hjelp av foreldra til å kjøpe sin fyrste bustad i 2024, mot 52 prosent i 2015.
Dette får også konsekvensar for velferdsstaten. I dag gir velferdsstaten bustønad for å hjelpe folk med tak over hovudet. Den ordninga går for eksempel til åleineforsørgarar med for låg inntekt til å dekke bustadutgiftar sjølv og til flyktningar som deltek i introduksjonsprogram. Ordninga bidrar til at ulike former for nabolag er meir mangfaldige enn dei elles hadde vore – og til at vi alle er med i integreringsdugnaden. Men no er denne tenkinga i spel.
På lengre sikt er det grunn til å spørje korleis ein tenkjer om andre mottakarar av bustønad – må dei også flytte til billigare område?
Regjeringa har no føreslått at flyktningar ikkje skal kunne få bustønad (eller sosialstønad) dei fyrste fem åra dei er i landet. I praksis vil det då vere umogleg for dei å ha råd til å bu i dyre område – ikkje minst i dei store byane.
Denne veka fekk arbeidsminister Kjersti Stenseng spørsmål om dette i den ordinære spørjetimen på Stortinget. Der bekrefta ho at dette var ei bevisst endring frå regjeringa. Ho sa:
«Som representanten selv er inne på, skyldes høye ytelser i dagens system ofte høye boutgifter. Med forslaget til integreringsstønaden og bortfall av bostøtte og sosialhjelp vil det i praksis settes et tak på hvor høye boutgifter flyktninger kan ha. Det kan innebære at flyktninger framover i mindre grad blir bosatt i byer og områder med høye boligpriser.»
Dette er eit oppsiktsvekkande lineskift og det gir grunn til å stille nokon oppfølgingsspørsmål – kva skjer med integreringa når det berre er lokalmiljø med låge bustadprisar som skal delta i integreringsdugnaden? Kva vil skje med forskjellane i landet når velferdsstaten ikkje tar seg råd til å finansiere at folk med ulik økonomi må forhalde seg til kvarandre i same nabolag, og møtast på foreldremøte og i butikken?
På lengre sikt er det grunn til å spørje korleis ein tenkjer om andre mottakarar av bustønad – må dei også flytte til billigare område?
Kan vi få politiske grep som gjer at det er realistisk å ha råd til å bu trygt, i alle slags område i landet, med ei vanleg heiltids arbeidsinntekt?
Bustadpolitikk er ekstremt viktig for utviklinga av omfanget av økonomiske forskjellar her i landet, og vi går i ei retning der vi får stadig større avstand mellom korleis kvardagen ser ut i ulike nabolag – ikkje minst i Oslo.
Det er lett å skjønne at det er dyrt å oppretthalde bustønad til folk som bur i område med høge bustadprisar. Men det hadde vore fint om dette blei møtt med andre tiltak – fleire tiltak for å hindre at prisveksten på bustad er høgare enn lønnsveksten over tid, og ei breiare satsing på kommunale bustadar i alle slags område, for eksempel.
Kan vi få politiske grep som gjer at det er realistisk å ha råd til å bu trygt, i alle slags område i landet, med ei vanleg heiltids arbeidsinntekt?
Eg skjønner at det er mykje å be om. Men klarer politikarane det, kan dei vere med på å redde velferdsstaten og samfunnskontraktens framtid.
Det hadde vore meir visjonært og strategisk enn å gi opp velferdsstatens kapasitet til å sikre flyktningar ein trygg stad å bu i alle delar av landet.

Kommentarer