Barna betaler prisen når velferdsstaten blir kutta.
Igjen rullar debatten om nivået på stønader for folk med lite pengar i Noreg. Denne gongen er det Høgre-ordførar Arne Sekkelsten frå Fredrikstad som er ute og åtvarer mot at sosialhjelpsmottakarar får eit nivå som er «alt for høgt», og at det for denne gruppa ikkje vil lønne seg å jobbe.
Du treng ikkje snakke med mange besøkande på ein matsentral i Noreg for å få ei anna historie.
Eksempelet han løftar er både feil og lite representativt. Nav i kommunen hans har funne det dei meiner er eit «relevant eksempel» på ein åleineforsørgar med sju barn som får 655 200 kroner i året etter skatt. Reknestykket gir ikkje meining. Dei har rekna inn barnebidrag betalt frå den andre forelderen på 10 000 kroner i månaden, sjølv om temaet er offentlege overføringar som motsats til arbeidsinntekt.

Når enkeltpersonar får så høg stønad som det likevel her er snakk om, i form av bustønad og sosialhjelp, er det fordi det finst tilsette hos NAV som har gått gjennom familiens økonomiske situasjon og basert på strenge krav vurdert det som nødvendig. Det er ikkje mange i Noreg som har eit slikt stønadsnivå. Likevel blir det i denne nyhendesaka presentert som om at det berre er å bruke opp pengane dine, og så kome tilbake og få meir. Du treng ikkje snakke med mange besøkande på ein matsentral i Noreg for å få ei anna historie.
I Fredrikstad-ordførarens eksempel skal åtte personar leve av ei inntekt på rundt 650 000 kroner i året – og ha råd til bustad, straum, transport, vintersko, fritidsaktivitetar og matpakke til alle kvar dag. Det er ikkje utenkjeleg at det er det det kostar å gi alle dei sju barna ei anstendig oppvekst der dei kan delta på line med andre barn.
Fattigdom kan fungere som eit hinder for å kome i jobb.
Uansett – Sekkelsten meiner altså at «enkelte får så høye ytelser at det ikke gir noen grunn til å søke jobb». Sjølv om heile premissa for debatten han startar er problematiske, kan vi gå med på eit tankeeksperiment i den retninga han føreslår. Vi kan tenkje oss at denne åleineforsørgaren ikkje skulle få desse pengane frå velferdsstaten, men heller forsørge seg sjølv heilt åleine.
Ein realistisk startjobb kan til dømes vere innanfor reinhald. Her er startlønn før skatt på 370 000 kroner. Det gir under 50 000 kroner i året i inntekt før skatt per familiemedlem. Det høyrest trangt ut.
Fredrikstad er allereie ein av kommunane i landet som har flest fattige barn. Dei ligg faktisk på toppen av landssnittet, saman med Sarpsborg. Her lever kvart sjette barn under fattigdsomsgrensa frå før. Det i seg sjølv burde vere eit hint om at velferdsordningane våre ikkje er så spesielt lukrative.
Det er mogleg å forstå at utgifter til sosialhjelp og låg arbeidsdeltaking gir ekstra press på kommuneøkonomien i Fredrikstad. Men må løysinga vere å gjere dei fattige enno fattigare?
Fattigdom avlar fattigdom.
Ute av biletet i debatten er dei meir kompliserte strukturane rundt folks arbeidsdeltaking – psykisk og fysisk helse, arbeidstilbod, språkkompetanse og utdanningsnivå. Fattigdom kan fungere som eit hinder for å kome i jobb. Skal vi lukkast med å få arbeid til fleire, må vi ha blikk for meir av dette.
Vi må også snakke meir om barna som blir påverka av nivået på offentlege stønader. Dei har ikkje valt kva familie dei blei fødd inn i. Men barn i fattige familiar er meir utsett for stress og bekymring, dårlegare helse, søvnproblem og mobbing.
Dei deltek mindre i fritidsaktivitetar og bur oftare trongt, utan plass til besøk. Dei har svakare skuleresultat og mindre sjanse for å kome i jobb som vaksne. Fattigdom avlar fattigdom.
Å gi familiane til desse barna tryggare økonomiske rammar vil vere ei investering i ein betre og friskare kvardag, og ei betre framtid.
Det er heller ikkje nytt at vi har velferdsordningar som kjem på toppen av arbeidsinntekt. Velferdsstaten har aldri handla om at jobbinntekt skal vere nok til å forsørge seg sjølv, uansett situasjon. Den tidlegare nemnte barnetrygda er eit eksempel på det. At åleineforsørgarar kan trenge litt ekstra støtte, sjølv om dei er i jobb, bør heller ikkje vere noka bombe. Difor må denne debatten vere meir ærleg – jobb åleine vil ikkje alltid gi nok pengar til at alle familiar vil vere godt nok sikra i alle tilfelle.
Det bør vere mogleg å få fleire i jobb, samtidig som barns grunnleggande behov blir dekka.
Eg klarer altså ikkje å hisse meg opp over at vi har ein velferdsstat som hjelper ein åleineforsørgar med sju barn med pengar til gulost på brødskiva. Det er viktig å få fleire i jobb, men det er diverre ikkje realistisk i Noreg i 2026 at alle flyktningar kjem i jobb med ein gong, eller at lønna frå eit låginntektsyrke åleine er nok til å finansiere grunnleggande behov for såpass mange barn.
Då er det bra, og ein del av det som har gjort velferdsstaten i Noreg så god, at fellesskapet hjelper til med å gi barna ein god start i mellomtida.
I USA brukte Ronald Reagan historier om «welfare queens» som grunngiving for å svekke amerikansk velferd for alle. Det gjekk jo ikkje så bra. Heldigvis treng ikkje vi gjere det same.
Det bør vere mogleg å få fleire i jobb, samtidig som barns grunnleggande behov blir dekka.

Kommentarer