støre fisk jonas gahr
FOTO: Ap

Kven skal få tilgang på fiskeressursar verdt 50 milliardar?

Er du opptatt av fordeling av fiskeriressursar, gjeld det å følgje med i vår.  

Fiskerinæringa er i endring. I fiskeripolitikken har vi dei siste tiåra sett ei storslått teknologiutvikling som gjer det mogleg for kvar enkelt båt å hente opp meir fisk enn før. Det har blitt ei næring med langt meir kapital, og langt færre fiskarar. Men fisken i havet er stadig veldig verdifull.

I eit nytt notat viser vi kvifor spørsmålet om fordelinga av fiskekvotar er viktig. Det handlar om fordeling av pengar, og om fordeling av arbeidsplassar. Det handlar om kor mykje som kjem fellesskapet til gode av den verdifulle fisken, og kor mykje som går til privat forteneste for nokre få.

Havfiskeflåten tar i større grad og frys ned fisken og sender den ut av landet for bearbeiding.

Lova seier at fisken skal kome fellesskapet til gode, og at han skal bli forvalta lønnsamt og berekraftig, og bidra til sysselsetting og busetting i kystsamfunna. Vi har ikkje grunnrenteskatt på villfisk i Noreg, sjølv om det er ei veldig lønnsam næring, fordi systemet har basert seg på at kvotane skal bli fordelt på mange kystsamfunn, og at dei på det viset skal bidra til busetting og sysselsetting lokalt.

Samtidig har det skjedd ei utvikling der kvotane har blitt samla på færre hender. Det har vore lønnsamt å vere fiskar i alle fartøygrupper, men det har vore mest lønnsamt å eige dei største fartøya. Og innanfor fleire fiskeri har eigarskapskonsentrasjonen gått opp. Mest ekstremt er det innanfor havfiskeflåten (dei største båtane), der dei ti største selskapa har gått frå å kontrollere om lag 25 prosent av kvotane i 2004 til nesten 80 prosent av desse i 2018.

Kven som har desse kvotane, påverkar jobbsjansane i kystsamfunna. Kystflåten, som er dei mindre båtane, leverer i større grad fisken lokalt og gir råstoff til lokal foredlingsindustri. Havfiskeflåten tar i større grad og frys ned fisken og sender den ut av landet for bearbeiding.

Spørsmålet er om desse kvotane skal falle tilbake til dei største båtane, der mange av desse strukturkvotane har hamna i dag?

Vi har fått ein marknad for fiskekvotar, der ein enkelt kvote har millionverdiar. Ungdom som søkjer om å kome inn i næringa, gjennom såkalla rekrutteringskvotar, har omtalt det å få ein sånn kvote, som å vinne i lotto. Pengemessig er verdien like stor. Og det er berre seks kvotar som blir delt ut om gongen, så det er eit trangt nålauge for alle som kunne tenkje seg å gå den yrkesvegen.

Og akkurat no i vår er det kvotar med verdi av 50 milliardar kroner som skal bli fordelt mellom ulike typar fartøy. Tidleg på 2000-talet innførte Bondevik-regjeringa eit system med strukturkvotar, som gjorde det mogleg å flytte kvotar mellom båtar. Det la grunnlaget for at kvotar kunne kjøpast og seljast. Den raudgrøne regjeringa, som kom etterpå, slo fast at desse kvotane skulle kome tilbake til fellesskapet etter 20-25 år. I 2026 går dei fyrste kvotane ut. No skal dei «falle tilbake til fellesskapet», og då må Stortinget bestemme kva det betyr.

Det vil ikkje vere fyrste gong at velståande fiskarar prøver å saksøke staten.

Spørsmålet er om desse kvotane skal falle tilbake til dei største båtane, der mange av desse strukturkvotane har hamna i dag? Eller skal dei bli jamnare fordelt på ulike fartøygrupper, sånn at fleire fiskarar får ta del i verdiskapinga?

Riksrevisjonen dokumenterte i 2020 korleis ei rekke kystsamfunn hadde tapt på fiskeripolitikken som hadde blitt ført. Vekslande regjeringar hadde vore gode på å legge til rette for lønnsamheit for enkeltutøvarar, dårlegare på å oppnå dei andre ambisjonane for fiskeripolitikken, som lokal busetting og sysselsetting.

No har regjeringa sjansen til å gjere noko med denne utviklinga. Ved å kunne fordele ein stor porsjon kvotar på ny, har dei sjansen til å legge kabalen på ein annan måte.

Havfiskeflåten, som har fått hauste av mange av desse verdiane dei siste åra, har varsla kamp mot at kvotane skal få ei ny fordeling. Dei har trua med å kunne ta saka til retten. Det vil ikkje vere fyrste gong at velståande fiskarar prøver å saksøke staten, når staten tar grep for at fisken skal kome fellesskapet til gode. I 2012 vann staten eit stort slag i Høyesterett om dei hadde lov til å nettopp la desse strukturkvotane falle tilbake til fellesskapet.

Fiskeripolitikk er prega av kompliserte ord og byråkrati.

Samtidig har dei som har disponert strukturkvotane fått skatterabatt på desse i rekneskapa, nettopp fordi desse kvotane skulle vere midlertidige. Det er altså ingen grunn til å bli overraska over at dette ikkje var verdiar dei kunne disponere heilt åleine til evig tid.

Fiskeripolitikk er prega av kompliserte ord og byråkrati. Det kan hindre mange til å ville bidra i debatten, av frykt for å ikkje ha skjønt alt eller for å seie feil. Det gir ein fordel for dei som allereie er på innsida av næringa. Men fisk er ein fellesskapsressurs, og forvaltninga av fisken påverkar oss alle.

Dette bør difor ver våren der fleire av oss snakkar meir om strukturkvotar, fisk og korleis fisken kan kome fellesskapet til gode.