Åsmund Aukrust
FOTO: Elliot Vick / FCDO

Kvifor skal vi tene på å vise solidaritet?   

Debatten om kvifor Noreg gir bistand står i fare for å spore av.

Denne påska følte eg nok ein gong på vi i Noreg lever i vår eiga veldig beskytta boble. Mine kjente la ut bilete av halvfulle vinglas, nypreppa skispor og påskeegg med marsipan og sjokolade. Eg delte sjølv liknande innhald.

Kursen for norsk utviklingspolitikk skal stakast ut på ny.

Men innimellom var det postar frå Iran – frå Gaza – frå Libanon. Marsipanen kunne bli litt emmen. Eg trur vi var mange som kjente ei uro under all kosen – kva er det som skjer med verda rundt oss? Kva kan vi gjere for å hjelpe?

Noreg er ekstremt privilegert i ei verd som er i ei stadig større krise. Det bør forplikte oss til å bidra meir og betre. For verda i år er ikkje som ho var i fjor. På eitt år har bistanden blitt kutta med 23 prosent globalt, fekk vi vite i førre veke. Kampen mot fattigdom og for demokrati står i stampe.

På Sri Lanka har dei innført fire dagars arbeidsveke på grunn av frykt for drivstoffmangel. I Sør-Sudan har ikkje styresmaktene råd til lønn til helsepersonell. Libanon står i brann etter Israels bombing. Autoritære krefter i USA og Israel sett folkerett og fred i spel ei rekke stadar.

Difor passar det bra at norsk utviklingspolitikk no skal gjennom ei ekstrem oppussing.

Statsråd Åsmund Aukrust har sagt at bistanden har «truffe isfjellet», og difor har han starta eit omfattande prosjekt: prosjekt Vendepunkt. Kursen for norsk utviklingspolitikk skal stakast ut på ny. Han skal på ei lang rekke folkemøte, og det starta på Hamar i førre veke.

Det er bra for Noreg om det er meir fred rundt oss.

Det er bra med ei nyorientering no når så mange sider av verda rundt oss endrar seg samtidig,  men eg er bekymra for kor denne debatten har starta. Vi ser ei dreiing frå å gi fordi det er bra for andre, til at vi gir fordi det er bra for oss sjølv.

På Hamar i førre veke var også forsvarsministeren. «Vi skal vere flinkare til å fortelje at det ligg ei eigeninteresse i å vise solidaritet», sa han. Og då prosjekt Vendepunkt blei lansert i aulaen til Universitetet i Oslo 6. mars, delte utviklingsminster Åsmund Aukrust eit bilete og sitat frå statsminister Jonas Gahr Støre som sa «Vi skal ikke skamme oss over at vi i utviklingspolitikken også er opptatt av norske interesser».

I fjor sommar var han også gjest i Tankesmien Agendas podkast om utviklingspolitikk, Ut i verden, og då hadde Aukrust dette resonnementet: «Solidaritet (…) handler om at hjelper du andre, hjelper du også deg selv. (…) Hele solidaritetsbegrepet handler ikke om at vi synes synd på andre mennesker (…), men det handler også om at (…) det gavner også oss selv å hjelpe andre, og det skal vi ikke skamme oss for».

Denne retoriske vendinga kunne legge til rette for ei målforskyving.

Delar av denne argumentasjonen har eg også har brukt personleg. Det er bra for Noreg om det er meir fred rundt oss. Det er bra for Noreg om færre er fattige, og om færre må flykte. Det er bra for Noreg om vi klarer å kutte utslepp i andre land.

Men det er grunn til å stoppe opp her. Er vi no på veg bort frå sjølve grunnideen om kva bistand er, i ein iver etter å finne gode grunnar til å gi?

Vi har over tid hatt eit politisk fleirtal for at vi skal bruke 99 av dei 100 kronene vi tener kvart år på oss sjølv, men den siste krona på å redusere forskjellar og fattigdom i verda. Bakgrunnen er at vi er så ekstremt mykje rikare enn det folk flest i resten av verda er. Er det då Noregs eigne interesser som skal vere førande for korleis vi bruker den siste krona? Det har ikkje vore tradisjonen å tenkje sånn.

Denne retoriske vendinga kunne legge til rette for ei målforskyving. Om våre eigne interesser er målet, vil det legitimere ein annan pengebruk. Då er det enklare å vri meir av pengane frå dei fattigaste landa til stønad til oppvarming for sivilbefolkninga i Ukraina. Eg er personleg veldig for den stønaden, men eg meiner det blir feil å finansiere den ved at ta pengane frå bistandsbudsjettet. I mange av dei same landa som vektlegg eigeninteresse tyngre, som i Sverige og Storbritannia, ser vi samtidig massive bistandskutt.

Er ein tydeleg på at solidariteten kjem fyrst, og eigeninteressa ofte kan vere ein bonus der den oppstår, vil det kunne rydda i debatten.

Det er viktig at stortingsmeldinga avklarer om vi også skal kunne vise solidaritet der det trengst mest, og der behova er størst, utan at det er noko vi vil tene på direkte. I mange tilfelle vil det å bruke pengar på å redusere fattigdom, styrke fred, stø menneskerettsforkjemparar, kutte utslepp og styrke helse- og utdanningstilbod i andre land vere i våre direkte interesser. Men ikkje alltid.

Nokon gongar vil avgjerande tiltak for å redde liv eller styrke demokrati til og med kunne koste oss – for eksempel ved at store, allierte land ikkje liker at vi gir pengar til abortklinikkar eller palestinske flyktningar. Men nokon gongar må vi stå opp for det som er rett sjølv om det kostar oss litt.

Er ein tydeleg på at solidariteten kjem fyrst, og eigeninteressa ofte kan vere ein bonus der den oppstår, vil det kunne rydda i debatten. Og det ville fått mitt hjarte til å banke meir for utviklingspolitikken, enn ei forteljing om at vi i rike, trygge nord gir disse pengane fordi vi alltid skal tene på det sjølv.