FOTO: Javad Parsa / NTB

Kvinnesakene er litt for lette å gløyme når det ikkje er 8. mars

Nokre gongar verkar det som om kvinnespørsmål blir med i ein rituell, årleg diskusjon vi har rundt 8. mars, men som får prege for lite av dagsorden resten av året.

«Å, Torvald, jeg tror ikke lenger på noe vidunderlig». Det seier Nora til Helmer rett før ho reiser frå han og ekteskapet i Henrik Ibsens Et dukkehjem, skrive i 1879.

Nora bryt alle normene i si tid og reiser frå barn, mann og heim for å ta vare på seg sjølv. Helmer seier at ho fyrst og fremst er hustru og mor. Men det vil ho ikkje gå med på: «Det tror jeg ikke lenger på. Jeg tror at jeg er først og fremst et menneske, jeg, likeså vel som du, – eller iallfall at jeg skal forsøke på å bli det. Jeg vet nok at de fleste gir deg rett, Torvald, og at det står noe slikt i bøkene. Men jeg kan ikke lenger la meg nøye med hva de fleste sier og hva som står i bøkene. Jeg må selv tenke over de ting og se at få rede på dem».

Det er ein heilt annan, og mykje lågare, temperatur i dagens kvinnedebatt enn det var for nokre tiår, og for hundre og femti år, sidan.

På 1800-talet blei det stor ståhei etter at Ibsen ga ut Et dukkehjem. Han måtte til og med lage ein ny slut på stykket i den tyske versjonen, fordi enden på stykket var så omstridt.

Fleire av problema Ibsen i si tid sette under debatt er i dag løyste. Kvinner har i dag ei fullstendig etablert juridisk rett til å gifte seg med den dei vil, og gå frå eit forhold når dei vil. Kvinner er ikkje lenger juridisk underordna mannen, og kvinner har fått røysterett.

Vi lever i ei heilt anna tid no. Men det er diverre ingen mangel på saker å ta tak i, også i Noreg i 2024. Men det er ein heilt annan, og mykje lågare, temperatur i dagens kvinnedebatt enn det var for nokre tiår, og for hundre og femti år, sidan.

Vi har altså ikkje klart å gjere nok for å forebygge verken vald generelt eller den valden som særleg rammer kvinner spesielt.

Vinteren vi la bak oss hadde sak etter sak om partnardrap på kvinner. Den siste nasjonale omfangsstudien om vald og seksuelle overgrep viste oss at kvinner er særleg utsette for vald i nære relasjonar og alvorlege seksuelle overgrep. Ei av ti jenter, altså ei jente i kvart klasserom, opplever valdtekt i løpet av livet. Ei av tjue jenter opplever valdtekt før fylte 13 år, utført av nokon som er fem år eldre eller meir. Desse erfaringane finn vi altså i annakvart klasserom, i snitt.


Les også:  Kvinner trakasseres og bankes opp først og fremst fordi de er kvinner.


Krisesentera fortel at 100.000 menneske var innom eit krisesenter mellom 1992 og 2021 i Noreg. Dei aller fleste av desse var kvinner. Vi har altså ikkje klart å gjere nok for å forebygge verken vald generelt eller den valden som særleg rammer kvinner spesielt.

Samtidig er den økonomiske situasjonen til kvinner og menn ulik. Bruttoinntekta til kvinner er i snitt 190.500 kroner lågare enn menns inntekt, i følgje SSB. Vi har enkeltkommunar, som Austevoll og Tysnes, der forskjellen er på heile 400.000 kroner. Det får konsekvensar for kvinners sjansar til å finansiere seg sjølv, få seg ein bustad og leve med dei fordelane økonomisk tryggleik er.

Det er få som er engasjerte for kvinnerettar som har tid og ressursar til å følgje dag-til-dag-politikken, gå på høyring i Stortinget og setje dagsorden i media i tilstrekkeleg grad.

Kvinners risiko for vald i nære relasjonar og kvinners økonomiske situasjon heng delvis saman, og delvis ikkje. Mange av løysingane i møte med valdsproblematikken må handle om heilt andre tiltak enn økonomi. Likevel viser den nasjonale omfangsstudien at kvinner med dårlegare råd enn folk flest i større grad enn andre kvinner er utsette for partnarvald og kontrollerande åtferd.

Undersøkinga seier ikkje noko om årsakssamanhengane her. Dette er likevel funn som resonnerer med tidlegare forsking på vald, som viser at vald er meir utbreitt i grupper med dårleg økonomi. Og det seier seg sjølv at det er vanskelegare å forlate eit valdeleg forhold, om ein er usikker på om ein har råd til å bu og leve etter å ha gått frå partnaren sin.

Den norske kvinnerørsla, som tar ansvar for å gjere noko med desse problema, er på mange måtar sterk. Kvart einaste år feirar vi 8. mars, og folk fyller gater og torg over heile landet for å stø opp om likestillinga. Den folkelege støtta til kvinners fridom er stor. Og på fleire område går likestillinga framover.

Sett opp mot organiseringa på andre politiske saksfelt, og ikkje minst næringsliv, har kvinnerørsla ein lag veg å gå for å få like store musklar.

På andre måtar er kvinnerørsla svak, særleg institusjonelt. Det er få som er engasjerte for kvinnerettar som har tid og ressursar til å følgje dag-til-dag-politikken, gå på høyring i Stortinget og setje dagsorden i media i tilstrekkeleg grad. Kanskje er det ei grunn til at innføringa av omvendt valdsalarm har tatt så lang tid, og at arbeidet med likelønn går så sakte.

No har Norges Kvinnelobby fått pengar over statsbudsjettet til å kunne bygge seg opp som ein sterkare organisasjon. Men sett opp mot organiseringa på andre politiske saksfelt, og ikkje minst næringsliv, har kvinnerørsla ein lag veg å gå for å få like store musklar.

Nokre gongar verkar det som om kvinnespørsmål blir med i ein rituell, årleg diskusjon vi har rundt 8. mars, men som får prege for lite av dagsorden resten av året. Kanskje er det fordi vi har fått ein konsensus i folket om at likestilling overordna sett er bra. Men kombinert med ei institusjonelt svak kvinnerørsle, som ikkje står fyrst i køa utanfor politikarkontora, er det lett at kvinnespørsmål blir gløymt på dei dagane i året som ikkje er 8. mars.

No er det heldigvis mindre kontroversielt å ynskje seg likestilling enn det var på Noras tid. Men det bør ikkje bli så ukontroversielt at vi gløymer å fortsetje innsatsen for det som står igjen. Oppgåvene vi må løyse for at både kvinner og menn skal ha fridom i livet er for store for det.

Teksten ble først publisert i Dagsavisen 8. mars 2024.