FOTO: Tetyana Pryymak/CC

Når legning vert kyrkjepolitikk

Ekteskap er eit fellesskap mellom to menneske som elskar kvarandre. Det er kjærleiken som står i sentrum, ikkje gamaldagse måtar å sikre framtida si på.

Då eg var 21 år starta eg på teologistudiet. Lite visste eg, den fyrste dagen eg sette beina mine innanfor skuledøra, nyfiken og smånervøs for dei neste seks åra, at eg snart skule kome til å ta ein aktiv ståstad i kyrkjepolitikken. Eg kjende til konservative tendensar, men for meg hadde det alltid falt naturleg å setje mennesket velbehag, framfor gamle læretradisjonar.

Motstanden er solid forankra i teologiske resonnement og lange tradisjonar.

Året før studietida mi byrja, i januar 2009, vart det lov for to personar av same kjønn å gifte seg i Noreg. Dette gjaldt berre for borgarleg ekteskapsinngåing. Men vi vart etterkvart mange som stod samla og ynskja at homofile skulle få lov å gifte seg i kyrkja også.

Dei ulike syna

«Den klassiske ekteskapsforståinga»: Har du din ståstad utanfor Den norske Kyrkja (DnK), eller er ein svært sporadisk kyrkjegjengar, kan det vere vanskeleg å forstå kvifor motstanden mot likekjønna ekteskap i kyrkja har vore høglydt dei siste åra. Motstanden bunnar ikkje ut i ei vond vilje mot homofile, eller i framstegsredlse (sjølv om det til tider kan sjå slik ut), det har det etter kvart vorte viktig for meg å presisere. Motstanden er solid forankra i teologiske resonnement og lange tradisjonar.

Eg meiner likevel at den konservative fløya tar feil, og står i fare for å undertrykke og såre menneske. Denne fløya tar utgangspunkt i Bibelen, som er den grunnleggande rettesnora i kristendomen og for kyrkja, uansett ståstad. Allereie i fyrste mosebok, fyrste boka i Bibelen, er det skrive om korleis menneska og verda vart skapt. I den mest kjende av dei to såkalla «skapingsforteljingane» vert mannen skapt fyrst, og kvinna skapt etterpå av mannen sitt ribbein. Både her, og fleire andre plassar, står det vidare skrive at Gud skapa mennesket «til mann og kvinne», og at Gud seier menneska skal vere fruktbare og fylle jorda. Dette tolkar den konservative fløya til å vere synonymt med at barn er ein sentral del av ei rett, kristen ekteskapsforståing.

Difor er det ikkje naturleg å tenkjer at Gud skapte kvinna av mannen sitt ribbein lengre, for eksempel.

Det klassiske synet peikar også på bibeltekstar som snakkar om «menn som ligg med menn», og understrekar at dette er feil, syndig og uverdig for kristne.

Ofte har forkjemparane for likekjønna vigsel vore nøydde til å fyrst svaret på bibeltekstane det klassiske synet brukar. Kort fortald, må ein starte med korleis ein les Bibelen og korleis ein forstår dei ulike forteljingane som ikkje samsvarar med moderne naturvitskap – slik som skapingsforteljingane.

Vi som ikkje les Bibelen heilt bokstavleg, har lært at mange forteljingar i Bibelen er «etiologiske». Det vil seie ei forteljing som forklarar kvifor verda er som ho er, for ei samtid som trengte svar på spørsmål før naturvitskapen fantes. Forteljingane kan framleis seie noko om korleis verda ser ut, men dei er ikkje absolutte sanningar. Difor er det ikkje naturleg å tenkjer at Gud skapte kvinna av mannen sitt ribbein lengre, for eksempel. Eller at skapingsforteljingane er konstituerande for ekteskapsforståinga som eksklusivt heterofil.

Det er kjærleiken som står i sentrum, ikkje gamaldagse måtar å sikre framtida si på.

Vidare må vi vise at det er snevert å bruke born som argument mot homofilt ekteskap. Om det å få born må til for at eit ekteskap skal vere gyldig, så undergrever ein både frivillig- og ufrivillige barnlause. Det er ikkje slik i vår moderne verd at ekteskap er viktig for økonomisk sikkerheit (spesielt for kvinner), eller for å få born til å ta vare på oss når vi vert gamle. Ekteskap er eit fellesskap mellom to menneske som elskar kvarandre. Det er kjærleiken som står i sentrum, ikkje gamaldagse måtar å sikre framtida si på.

Og til sist må ein peike på Gud. Kven er Gud for kristne og kyrkja? Gud har skapt mennesket ut av kjærleik, og har skapt mennesket til fellesskap. Kristne veit at eit menneske aldri kan vere perfekt, men at Gud alltid elskar kvar enkelt uansett handlingar og tankar. Gud elskar mennesket uavhengig av dets legning, fordi den legninga er ein del av det å vere menneske. Det må vere eit mål for kyrkja at folk har eit godt liv, og her er kjærleik sentralt. Er ein så heldig at ein finn eit anna menneske ein elskar så høgt at ein ynskjer å dele resten av livet med det, burde kyrkja vere med å feire denne kjærleiken – ikkje fordømme.

Det å lese, er tross alt ei tolking i seg sjølv.

Problemet med ei heilt bokstavleg lesing av Bibelen, er at all kommunikasjon inneber tolking. Uavhengig av tidsgapet mellom samtida bibelteksten er skrive i, og tida vi lever i dag, vil lesaren tolke orda. Det å lese, er tross alt ei tolking i seg sjølv. Augo ser bokstavane, og hjernen set dei saman til ord og setningar. Korleis vi forstår eit ord, ein frase eller ei setning, er ofte knytt til ei referanseramme som i stor grad er samsvarande innanfor for eksempel ein generasjon, eit geografisk område eller ein sosial klasse. Det er likevel umogleg å unngå den heilt individuelle tolkinga. Kor stort er storleiken «mange»? Eller kor sliten er du når du er «sliten»?

Historisk skisse av debatten og utviklinga i Den norske Kirke

Homofilisaka har vorte tydeleg debattert i DnK og skapt synleg usemje sidan starten av nitti-talet. Fleire rapportar har vorte skrive og engasjementet har vore stort – på begge sider. Likekjønna ekteskap var altså eit tema lenge før den norske stat innførte felles ekteskapslov.

På Kyrkjemøtet i 2014 skulle det for fyrste gong stemmast over om DnK skulle tillate likekjønna vigsel. Kyrkjemøtet er det øvste, demokratiske organet i DnK, og det er folkevalde medlem som har stemmerett her. Det var i forkant av møtet i 2014 at mitt homoengasjement for alvor blussa opp, og resulterte i utallige lesarbrev, diskusjonar og telefonar.

Eit historisk vedtak som endeleg gjorde det mogeleg for oss som prestestudentar å vite at vi i framtida skulle få lov til å vie alle par som ynskja å feire kjærleiken.

Det vart ikkje fleirtal for mitt syn, men samstundes vart det heller ikkje fleirtal for føreslaget som berre ville tillate «det klassiske synet på ekteskap». Møtet sitt vedtak understreka at usemja om ekteskapsforståinga ikkje er kyrkjesplittande. Det er eit viktig punkt, og denne tanken skulle vise seg å verta sentral for den vidare debatten og vegen fram mot neste Kyrkjemøte.

I kjølvatnet av Kyrkjemøtet i 2014 vart det mobilisert til organisert kamp for å få til eit vedtak for likekjønna vigsel. Dette førte til opprettinga av «Åpen folkekirke» og nesten ein eigen valkamp fram mot kyrkjevalet som var samstundes som lokalvalet i 2015. Denne mobiliseringa, og dette engasjementet, førte til at det var lett å vite kva dei ulike kandidatane meinte, og mange som aldri hadde stemt ved kyrkjevalet kjende endeleg at det var på tide å bruke stemmeretten sin. Mange av Åpen folkekirke sine kandidatar vart valde. Dermed visste vi i forkant av Kyrkjemøtet i 2016 at sannsynet for fleirtal for likekjønnavigsel var innan rekkevidda. Og i april 2016 kunne eg skåle i cava og felle sigerstårar saman med medstudentar. Skåle over eit historisk vedtak som endeleg gjorde det mogeleg for oss som prestestudentar å vite at vi i framtida skulle få lov til å vie alle par som ynskja å feire kjærleiken.

Mange års kamp har nådd målstreken

Det tok likevel nesten eit år før det var praktisk mogleg å gjennomføre ei likekjønna vigsel i kyrkja. Fordi det måtte ein ny liturgi til. Den «gamle» liturgien har nemleg fokus på forholdet mellom mann og kvinne. 30. januar i år vart den nye liturgien vedteke av Kyrkjemøtet, og den trådde i kraft 1. februar. Mange års kamp har nådd målstreken, mange likekjønna par kan endeleg kjenne seg likestilte, og gledestårene har sete laust i min teologiske krets.

Framleis ei kyrkje med «to syn»

Ekteskapsdebatten er prega av kjensler. Det er ikkje så rart. Det er jo menneske sine liv vi debatterer. Menneske sine kjensler og rett til å vere med den personen dei elskar. Eg forstår korleis det klassiske ekteskapssynet ender med homomotstand. Men om du lærer kulturkunnskap, om tida og tradisjonane i samfunnet då tekstane vart skrive, og kanskje litt gresk for faktisk å kunne lese på originalspråket og ikkje berre ei omsetjing (som jo er ei tolking i seg sjølv), ser du at bibeltekstane som tolkast som homomotstand ikkje snakkar om homofilt samliv slik vi kjenner det i dag.

Det er likevel slik at vi, diverre, har sett utmeldingar frå DnK i etterkant av vedtaka i både 2016 og 2017.

Det er likevel slik at vi, diverre, har sett utmeldingar frå DnK i etterkant av vedtaka i både 2016 og 2017. Konservative medlem som framleis kallar homoforkjemparane for «vranglærarar». Så kampen er ikkje heilt over. Vi i den liberale fløya har gjennom heile debatten vorte hengt ut og møtt motstand, ofte frå enkeltpersonar. Men ingen er tent med at vi i dag gjer det same mot den konservative fløya. Tru er personleg, og tvangsovertyding er ikkje løysinga på nokon konflikt. Kyrkjemøtet som er vårt øvste, demokratiske organ, har vedteke at vi i DnK har to ulike syn på ekteskapet. Desse motstridane syna er ikkje kyrkjesplittande. Vi treng dermed ingen ny «krig», men aksept mellom meiningsmotstandarar. Og dette er i dag på dei konservative sine skuldrar.

Område der den konservative teologien framleis har nærast monopol, slik at det er vanskeleg å finne ein prest som er villig til å bruke den nye liturgien og vie likekjønna par, er framleis høgst aktuell. Det trur eg vil fortsette ei tid, fordi den konservative tradisjonen sit så hardt i desse lokalsamfunna. Heller ikkje her er løysinga tvangsovertyding, men kanskje heller at dei meir liberale prestane kan tørre å søke seg hit når dei ser etter ny jobb. Det kan nok vere hardt, og kyrkjelydsmedlem kan vise stor misnøye når nye tankar dukkar opp. Det er likevel slik vi best kan ta kampen vidare for homofile sine rettar.

Kyrkja må forhalde seg til eit samfunn styrt av andre normer enn Bibelen og teologiske tradisjonar.

Kyrkja må forhalde seg til eit samfunn styrt av andre normer enn Bibelen og teologiske tradisjonar. Men ho skal ikkje «gi etter» for tradisjonar som er i strid med kristen lære. Det er heller ikkje det den liberale fløya i kyrkja har gjort. Eit sekulær samfunn endrar seg ofte raskare enn religiøse samfunn, fordi det tar lengre tid å endre haldningar, normer og tankar i ei religiøs setting. Men at kyrkja i homofilisaka berre brukte 8 år for å kome i takt med samfunnet rundt, er svært kort tid.

Eg vart aldri prest, men eg skal fortsette feiringa, og glede meg saman med tidlegare medstudentar som i løpet av året skal vie sine fyrste likekjønna par.

nyhetsbrevet