FOTO: Alyssia Wilson/Unsplash

Me er ikkje ferdige med å skrive vår eiga historie

David Wengrow gjer historia om menneska meir rotete enn før, men også langt meir spennande.

Ei anna verd er mogleg, var slagordet til mange på venstresida tidleg på 2000-talet. Tanken bak slagordet var å løfte blikket frå dagens samfunn og tenkje på korleis det kunne bli annleis og betre. Det ga rom til å tenkje større, og kanskje meir radikalt.

Bokas poeng er at historia ikkje er så enkel og lineær som me har lært at ho er.

Arkeologen David Wengrows prosjekt, i samarbeid med den no avdøde antropologen David Graeber, er å få oss til å tenkje litt på same måte bakover i tid. Dei har rett og slett skrive menneskas historie på ny. Og dei ber oss bruke fantasien når me førestiller oss alle dei ulike samfunna som har eksistert. Dei kallar historia vår eit «oppslagsverk for sosiale muligheter».

For eit år sidan ga dei to ut boka «The Dawn of Everything. A New history of humanity», som no kjem ut på norsk under tittelen «Begynnelsen til alt». Onsdag 19. oktober innleier Wengrow i Aulaen på Universitetet i Oslo, og møter statsminister Jonas Gahr Støre til samtale etterpå. Bokas poeng er at historia ikkje er så enkel og lineær som me har lært at ho er. Menneska har hatt eit lang rekke ulike måtar å organisere samfunn på, store og små, like og ulike.

Ny bok på norsk.

Eigentleg skulle Wengrow og Graeber skrive ei historie om ulikheit. Men så kom dei fram til at historia var langt meir komplisert enn dei tenkte då dei starta. For det var ikkje sånn at det fantes ei eller anna harmonisk samfunnsordning utan ulikheit før ulikheita oppstod. Mangfaldet av leveformer har vore der heile tida.

Forfattarane fann derimot i gjennom arkeologi og historie ei rekke eksempel på tidlege små samfunn prega av ulikheit.

Forfattarane meinte at det arkeologiske og sosialantropologiske arbeidet som såg på tidlegare samfunn rundt om i verda passa ikkje med dei overordna forteljingane me har lært på skular og universitet. Brikkene passa ikkje i puslespelet. Dermed endra dei prosjekt til å heller bruke all denne forskinga dei hadde samla til å lage ei oppdatert, meir mangfaldig verdshistorie.

Dei tilbakeviser det me, i kort og karikert form, kjenner som poenget til Jean-Jacques Rousseau, nemleg at me levde lukkeleg i uskyldige små jordbrukssamfunn fram til dei større sivilisasjonane kom. Det moderne samfunnet som då oppstod blei styrt med valdsmakt og prega av ulikheit, som Rousseau trekk fram som negativt.

Forfattarane fann derimot i gjennom arkeologi og historie ei rekke eksempel på tidlege små samfunn prega av ulikheit, og tidlege store bysamfunn styrt utan slaveri eller kongemakt, som såg ut til å ha gode levekår for mange.

David Graeber.

Graeber og Wengrow er heller ikkje einige i verdshistoria presentert av filosofen Thomas Hobbes. I nok ei karikert attgiving av verket Leviathan meiner dei at han teikna eit bilete av at mennesket opphaveleg levde i ein urtilstand som basert på våre naturlege drifter ville føre til krig og konflikt. Gjennom fornuft hadde mennesket derimot lært å gi makt til ein leiar som kunne regulere og styre samfunnet til alle sitt beste.

Her åtvarar forfattarane mot det mørke menneskesynet som ligg til grunn for filosofien til Hobbes, men dei viser også til at historieskriving basert på denne tankegongen gjer verdshistoria langt meir monoton og kjedeleg enn ho faktisk er.

For å skrive ei meir presis historie om vår bakgrunn, må me difor opne for større grad av fantasi og mangfald i samfunnsformer.

Det har vore vanleg å dele historia vår inn i periodar ut i frå kva materiale ein har brukt til å lage verkty, som jernalderen og steinalderen. Dei siste åra har fleira laga enkle forteljingar om korleis jordbruket forandra samfunnet. Graeber og Wengrow meiner at dei har få funn som viser at for eksempel bruk av eit nytt verkty påverka den interne organsieringa i ein kultur brått og radikalt. Dei skriv:

Når man velger å beskrive historien på den andre måten, som en serie plutselige teknologiske revolusjoner, hver etterfulgt av lange perioder der vi har sittet fastlåst i det vi selv hadde skapt, får det konsekvenser. Til sjuende og sist betyr det å fremstille menneskearten som betydelig mindre gjennomtenkt, mindre kreativ, mindre fri enn det viser seg at den faktisk har vært.

Derimot viser dei til at historia har hatt ei rekke ulike samfunn som har tatt ulike kollektive val om korleis dei skulle organisere seg. Dei trekk fram Francis Fukuyama som eit eksempel på ein akademikar som har presentert historia vår som om me fyrst levde i egalitære jegersamfunn, og deretter gjekk over til samfunn med større ulikheit i jordbrukssamfunnet. Dette blir for enkelt, meiner dei. Den same kritikken fører dei mot Jared Diamond og Yuval Noah Harari, som har solgt mange bøker dei siste åra med korte, populære bøker om verdshistoria.

David Wengrow. Foto: info@antonioolos.com.

Kanskje har mange historikarar latt seg rive med litt vel mykje i iveren etter å gjere historia vår enkel og forståeleg. For eksempla viser Graeber og Wengrow oss at menneska har levd i samfunn med stort omfang av vald og krig, for så å gå vidare og leve fredeleg i hundrevis av år, før pendelen har svinga tilbake igjen. Slaveriet blei ikkje berre avskaffa i USA på 1800-talet. Det har blitt avskaffa ein rekke gongar, i ei rekke ulike samfunn. Og så har det kome tilbake igjen.

Dette kan kanskje gjere nokre av oss motlause. Men det gir oss også moglegheiter og handlingsrom til å tenkje at politisk forandring er mogleg.

For å skrive ei meir presis historie om vår bakgrunn, må me difor opne for større grad av fantasi og mangfald i samfunnsformer. Det er ikkje ei lineær utvikling med stadig framgang, men det går fram og tilbake, og med ulike styringssystem.

Dette kan kanskje gjere nokre av oss motlause. Men det gir oss også moglegheiter og handlingsrom til å tenkje at politisk forandring er mogleg.

Boka til Graeber og Wengrow har fått kritikk for å forenkle, karikere og ikkje vere presis nok i sine referansar til annan forsking.  Arkeologar, sosialantropologar og historikarar har no mykje å diskutere.

Uansett bidrar boka til å formidle at menneske si organisering på ingen måte er gitt. Det er mogleg å endre samfunnet saman, om me saman tar oss fridomen det er å påverke det.