Det er ikkje alltid at pisk fungerer.
I dag har arbeidsgivarar lov til å seie nei når du leverer ei sjukemelding frå legen. Det er ei lite brukt ordning, men omfanget har dobla seg på få år. I Klassekampen i føre veke sa arbeidsminister Kjersti Stenseng at ho stør dette regelverket, og at det fungerer som ein slags tryggleiksventil. Den nyhenda fekk det til å knyte seg i min mage.
Den gode nyheita var at eg blei møtt av eit system som fungerte.
Grunnen til det er dels politisk, for dette er ein dårleg politikk for å få fleire friske arbeidstakarar. Dette rammar dei som har minst mest. Men den er også personleg. Eg har sjølv hatt behov for det vernet retten til sjukemelding gir.
Då eg var ny i arbeidslivet, kom det etter kvart eit krasj. Eg elska jobben min og la veldig mykje innsats inn i å få den til, men den var også krevjande. Etter kvart klarte eg ikkje kome meg gjennom gjerelistene for dagen. Eg prøvde å sitje på kontoret utover ettermiddagen, i håp om å få tatt unna meir. Men det fungerte ikkje. Eg var tom.
Om morgonen vakna eg med stive kjevar. Eg hadde gnissa tenner mens eg sov. Nakken var stiv. Og i hovudet gjekk eit konstant tankekøyr – kvifor hadde eg ikkje fått fiksa det eg skulle fikse? Kvifor meistra eg ikkje jobben min? Kvifor sa eg den dumme tingen i det møtet for tre veker sidan?
I heilt vanlege møte på jobb kunne hjartet begynne å hamre ukontrollert. Eg kunne begynne å gråte av småting. Forkjølelsane kom stadig oftare.
Det gjekk som det måtte gå. Ein morgon endte eg gråtande på legekontoret. Det var eit enormt nederlag. Kven var eg om eg ikkje meistra jobben min?
Den gode nyheita var at eg blei møtt av eit system som fungerte. Legen var tydeleg – eg blei sjuk av arbeidssituasjonen som den var. Fyrste steg no var å bli sjukemeldt. Å få lov til å vere heilt sjuk og heilt borte frå jobb var heilt vesentleg for å kunne bli heilt frisk. Andre steg var å ta tak i arbeidsforholda, sånn at eg kunne kome tilbake på trygt vis. Eg fekk tilbod om psykolog og tilrettelegging.
Eg er veldig glad i å jobbe, og i periodar ganske mykje.
Psykologen var ekspert på utbrentheit. For ho var det ingen tvil om at dette var ein heilt normal fysisk og psykisk reaksjon på utryggleik i jobben – uklåre og store forventningar, og for lite støtte i å finne ut korleis eg skulle møte dei. Etter nokon veker med heilt fri, tiltak mot grubling og oppfordringar til å gjere dei tinga som gjorde meg glad, begynte eg å kjenne at det var mogleg å få det bra igjen.
Vi la ein plan for retur. Eg starta ein dag i veka, med ei konkret oppgåve om gongen. Pc og e-post blei liggande på jobb frå gong til gong. Det ga meistring. Etter kvart fekk eg til to dagar i veka. Og etter få månader var eg tilbake i hundre prosent stilling, med nokon nye rutinar. Etter kvart jobba eg betre og fekk til meir enn eg hadde gjort før eg hadde blitt sjuk.
På internett fann eg mange historier av folk med like plagar, men som ikkje hadde blitt møtt med same rausheit og faglege støtte som meg. Dei hadde blitt gåande heime med helseproblem i årevis.
Kvifor fortel eg denne historia? Jo, fordi den for meg har gitt ei kroppsleg erfaring av kor viktig psykologisk tryggleik er for trivsel, meistring og helse. Ein dårleg arbeidssituasjon kan fort bli helseskadeleg, og det kan bli langvarig om det ikkje blir tatt tak i.
Hadde eg blitt tvunge til å gå på jobb då eg var på mitt dårlegaste, og før vi hadde gode rutinar på plass, hadde det tatt langt meir tid å bli frisk igjen.
Fredag kom SSB med si levekårsundersøking om arbeidsmiljø. Den viste at 7,5 prosent av dei som hadde sjukefråvær svarte at årsaka var helseplagar som skyldtest jobb. Blant dei som har blitt utsett for plaging eller mobbing på jobb var det 34,7 prosent som opplever at dette har kome frå leiaren deira.
Mi historie endte godt.
Dette er denne gruppa eg tenkjer på, når det no er snakk om at dagens rom for å bestride sjukemeldingar gir ein «tryggleiksventil». For den regelen gir tryggleik for leiaren, men mistillit mot legane og utryggleik for sårbare arbeidstakarar. Berre trusselen om at sjefen kan nekte deg sjukepengar, kan ha ein negativ effekt for folks trivsel og helse.
Vi veit at økonomiske bekymringar er helseskadelege. Sannsynlegvis er det også dei dårlegaste leiarane, med mest konflikt på arbeidsplassen, som tar dette i bruk.
Det er eigentleg ingen grunn til at regelverket bør ha denne opninga. Vi har allereie legar i dette systemet, som er utdanna til å vurdere helsetilstanden til folk. Dei har eit langt tyngre fagleg grunnlag for å vurdere om folk bør få ei sjukemelding enn ein tilfeldig leiar.
Mi historie endte godt. Eg er veldig glad i å jobbe, og i periodar ganske mykje.
Men det er ikkje sjølvsagt at det skulle bli sånn.
Fordi det var eit system som gav skjerming, økonomisk tryggleik og psykologisk støtte, kunne eg bli heilt frisk. Det hadde vore bra om alle som blir sjuke på jobb kunne bli møtt på same måte.

Kommentarer