Korleis skal vi leve, når stadig mindre er til å leve med?
-Trekk tilbake, inn på fortauet, sa den myndige politikvinna i Halvdan Svartes gate på Frogner. Vi tok nokon skritt bakover, så vi stod trygt inne på fortauet. I handa mi var eit regnbogeflagg. Rundt meg stod ein mellomstor gjeng med demonstrantar fordelt langs eit fortau. Foran oss køyrte bilar og syklistar. På den andre sida av vegen vaia flagget til den tyrkiske ambassaden.
Vi var der altså for å demonstrere mot tyrkiske styresmakter. Nokon dagar i forvegen hadde dei gjennomført ein operasjon med det absurde namnet «Min familie er trygg» og sikta over 160 LHBTQ-aktivistar og stengt ned ei rekke nattklubbar og organisasjonar for skeive. Fleire titals aktivistar var no i fengsel på ubestemt tid.
Forbi oss sykla og jogga det mosjonistar. Nokon såg spørrande på oss, der vi stod og ropte og vifta med flagg. Andre var langt inne si eiga verd. Eg kjente eg blei litt irritert. Korleis kunne dei tenkje på pulssonar no?
No risikerer han 2000 år i fengsel.
Politikvinna og nokon av hennar kollegaer såg bryskt på oss. Eg trur eigentleg det var fordi dei var bekymra for at vi skulle surre oss ut i ein godt trafikkert veg. Men eg veit ikkje kva dei tyrkiske aktivistane som var der tenkte. Dei er vante med eit politi med skarpe kantar, tåregass og makt til å ta med seg demonstrantar i handjarn.

Tyrkia har lenge vore i ei autoritær utvikling. Då eg var på utveksling i Tyrkia i 2008, var eg med på demonstrasjon for Palestina på Taksim-plassen i Istanbul. Der såg politiet såpass aggressive ut at eg valte å dra heim. Mine venner som blei igjen blei tatt med av politiet inn i ein buss og måtte sitje der i åtte timar, før dei blei sluppe ut igjen. Men det var likevel ei tid der det var rom for å demonstrere og meine høgt.
No er det verre. Utviklinga har skjedd gradvis. Det har vore drypp på drypp. Litt fleire fengslingar her. Eit nytt forbod der. Kombinert med nokon store augeblikk som har vore heilt definerande – med store arrestasjonsbølger og brå autoritær innstramming. I fjor blei Istanbuls ordførar, og Erdoğans hovudopponent, Ekrem Imamoğlu fengsla.
No risikerer han 2000 år i fengsel.
Men er det nok?
Forvitringa av det tyrkiske demokratiet, med øydelegging av presse og retten til å organisere seg fritt, er eit eksempel på det vi no ser i mange land. Ofte blir demokrati bygd ned innanfrå, av dei same politikarane som eigentleg har i oppgåve å beskytte det. Då gjer livsgrunnlaget til sivilsamfunnet og pressa ekstra viktig.
I USA stengte nyleg Trump journalistar ute av Det kvite hus. For ti år sidan hadde dette dominert ei kvar nyhendesending. No får vi det med oss i sidesynet.

Vi er nok mange som er uroa for den globale demokratiske forvitringa. Spørsmålet er korleis vi skal uttrykke det. Kanskje kryssar vi fingrane for at norske politikarar står opp for demokratiske rettar når dei møter andre politikarar. Sjølv er eg takknemleg for at den norske regjeringa valte å prioritere særleg demokrati og menneskerettar då dei skulle til FNs generalforsamling førre veke.
Men er det nok?
Vi kan rope meiningane våre høgt og slenge dei ut i kommentarfelt.
Og er det godt nok at Noreg kritiserer tyrkisk menneskerettspraksis på den eine sida, når vi fortsett å selje våpen til tyrkiske styresmakter på den andre?
Denne ettermiddagen på Frogner var vi kanskje nokon hundre som hadde møtt opp. Jamleg er det støtteaksjonar til andre menneskerettsforsvararar i andre land. Men det er vanskeleg å sjå føre seg ein stor folkeleg demonstrasjon mot at demokrati etter demokrati blir svakare.
Svekka demokrati er litt som ein globalt oppvarma planet – det treff oss meir som ein stigande uro enn som éi definerande hending. Det er enklare å samlast for å feire ein gledeleg fotballsiger, eller hylle ein høgt verdsett konge, enn å gå saman og gå i tog mot ei utvikling som går feil veg. Nye grafar har sjeldan motivert folk til å møte opp.
Ikkje lenge etter, drog eg sjølv på joggetur. Sjølvsagt var det ikkje joggarane som hadde vore problemet på denne fredagen. Det var berre den kjensla av at mange av oss lever eit vanvittig privilegert liv her i Noreg, med tanke på demokratiske rettar. Vi kan demonstrere for det meste utan å vere redde.
Vi må berre vere klar over kor viktig den fridomen er.
Vi kan rope meiningane våre høgt og slenge dei ut i kommentarfelt.
Men er vi i stand til å forsvare rettane våre om dei kjem under press?
Og står vi opp for andre når dei ser sine rettar forvitre? Irritasjonen peika minst like mykje tilbake på meg sjølv.

Eg veit ikkje kva vi bør gjere no. Men gjorde godt å møte opp i demonstrasjon, vifte med regnbogeflagget og stå tett i tett med andre som var opptekne av det same. Men det var feil å bli irritert over at folk bruker fritida si på ting som gjer dei glade. For det er jo det fridom handlar om – å kunne løpe, elske, rope, danse og meine fritt, utan frykt for bryske politifolk på sidelina.
Vi må berre vere klar over kor viktig den fridomen er. Det gjeld å stå opp for at flest mogleg kan oppleve det same.

Kommentarer