Noreg har ikkje gått i luksusfella, sjølv om mange bøker og TikTok gir oss inntrykk av det
Av og til skriv media om historiene til ulike personar som har fått sjukdommen anoreksi. Det er ein skummel sjukdom, der heilt sunne og friske folk ser seg i speilet og tenkjer at heilt normale kroppar er for tjukke.
Dei tenkjer dei har for mykje kropp. For høg vekt. Dei tenkjer også at andre undervektige er for tjukke. Løysinga blir å hoppe over måltid og svalte seg. Konsekvensen blir sjukdom og helseproblem.
Hans bodskap er at Noreg er på veg ut i ei økonomisk grøft, mellom anna på grunn av måten vi har brukt oljepengar på.
Den siste tida har eg lurt på om vi er på veg inn i ei liknande sjuke i vårt syn på vår eigen finansielle situasjon. Til tross for at arbeidsløysa er låg, investeringane i næringslivet er høge og velferdsstaten er betre enn i veldig mange land, høyrer vi stadig utsegn om at dette ikkje kan vare.
Vi må visst slanke velferdsstaten for å forbli ein velferdsstat og redde næringslivet.
Denne beskjeden kjem i mange kanalar. Du finn det podkasten til Wolfgang Wee, kontoen til influensaren Sindre Wiig Nordby og frå milliardærar som Einar Øgrey Brandsdal, som drøymer om ein norsk Trump i eit intervju i DN. Dei hevdar gjerne at vi bruker for mykje offentlege midlar, at velferdsstaten er for dyr, og at alle med tankekraft og verketrang må forlate landet som følgje av skattenivået. Titanic har no truffe isfjellet, liksom.
Går ein inn i tala som blir presentert frå denne gjengen, er det særleg grunn til å bli skeptisk. For eksempel brukte Wolfgang Wee eit riv ruskande gale reknestykke frå Nettavisen, om at nordmenn betaler 67 prosent av inntekta si i skatt. Fakta er at snittet på skatt på arbeidsinntekt her i landet på litt over 27 prosent.
Sindre Wiig Nordby har fått kritikk av faktisk.no for å kryssklippe eit feilaktig bodskap om kva OECD har sagt om norsk økonomi. Trass i at faktafeil florerer og framstillinga er selektiv, kjem likevel desse ideane med ei valdsam kraft inn i samfunnsdebatten. Dei argumenterer med at for å redde velferd, må vi kutte velferd. For å sikre skatteinntekter, må vi kutte i skattar.
Problemet med resonnementet er at den svenske velferdsstaten ikkje er robust, men under avvikling.
Og no på nyåret har vi fått ei bok som drar debatten i same retning, om enn i ein meir nøktern og sober tone. Boka Landet som ble for rikt av Martin Bech Holte fremjar ei rekke påstandar som resonnerer med bodskapa eg nemnte over. Vi har for høge skattar og offentleg sektor er for stor. Hans bodskap er at Noreg er på veg ut i ei økonomisk grøft, mellom anna på grunn av måten vi har brukt oljepengar på.
Bech Holte argumenterer med at vi bør følge etter Sverige, der «Rakettmotoren som skapte den store økonomiske suksessen, ble ødelagt av en overambisiøs velferdsstat, for så å bli satt sammen igjen, bit for bit. Samfunnets struktur forholdt seg på ny til de virkelige egenskapene i menneskets natur, ikke til de egenskapene man kunne ønske mennesket hadde.»
Her meiner han altså at den norske velferdsstaten ikkje er i tråd med vår natur som menneske. Det er derimot den svenske.
Han vil at vi skal gjere som svenskane og forsterke arbeidslina. Han vil kutte i offentlege utgifter og ha konkurranse inn i offentleg sektor. Svenskane har nemleg «nølende (…) akseptert at markedsbasert konkurranse er velferdsstatens venn, ikke fiende. Det er den som skaper robusthet i velferdsstaten over tid».
Problemet med resonnementet er at den svenske velferdsstaten ikkje er robust, men under avvikling.
Bech Holte kjem ikkje inn på at Sverige det siste tiåret også har vore prega av aukande fattigdom, gjengkriminalitet og større avstand mellom folk. Privatiseringa av skulane har gitt inflasjon i høge karakterar, samtidig som elevane har lært mindre. Helsevesenet har blitt dyrare og dårlegare.
Den norske velferdsstaten og norsk økonomi er ikkje perfekt.
Ifølgje leiaren av svenske LO frå 2012 til 2020 bruker dei mest pengar på helse og omsorg i Stockholm, den byen i landet som har privatisert velferda i størst grad. Samtidig har velferdstilbodet blitt ubalansert, ved at tilbodet er best der dei med mest pengar bur.
I Noreg har vi også sett konsekvensen av profitt i velferd, med barnehageeigarar som blei så rike på eigendomshandel basert på offentlege subsidiar at dei til slutt flytta til Sveits for å sleppe å betale skatt tilbake til staten som gjorde dei så rike.
Det er ikkje heilt lett å forstå korleis meir av dette skal gi mindre sløsing av skattepengar.
Eg hadde eigentleg tenkt å avslutte teksten med å skrive noko om at det er bra at det er fart i dei økonomiske debattane om dagen. Men det er ikkje bra at så mange av diskusjonane tar utgangspunkt i feilaktige tal frå ulike økonomi-influensarar.
Derimot fortener Bech Holte ros for å ha skrive ut resonnementa sine i ei heil bok. Han skriv sakleg og grunngir påstandane sine. Det gjer det mogleg å ha ein god og skikkeleg debatt i etterkant av boka.
Nokon av spørsmåla han løftar er også viktige å ta tak i, som tilkarringsdebatten, der ulike aktørar jobbar for å få mest mogleg av offentlege midlar, eller offentlege investeringar i infrastruktur som har fått veldig høge prislappar dei siste åra.
Konsekvensen av Bech Holtes oppskrift vil bli eit dårlegare samfunn for alle, også for dei aller rikaste.
Men overordna er det ei rekke problematiske slutningar også i denne boka. Produktiviteten i Noreg er ikkje lågare enn andre land det er naturleg å samanlikne oss med, som Olav Slettebø i SSB har vore inne på. Og helsevesenet i Danmark, som kostar mindre å drifte enn et norske, gir ikkje eit betre tilbod enn det norske, sjølv om det verkar sånn når ein les boka.
Den norske velferdsstaten og norsk økonomi er ikkje perfekt. Sjølvsagt finst det mange ting å ta tak i for å gjere samfunnet vårt betre. Men tilstanden er langt betre enn det verkar som i Bech Holtes skildringar.
Hans visjon for vegen vidare er ein stat som kuttar opp mot 400 milliardar kroner i velferd i året og innfører skattereglar som liknar på skatteparadiset Irland. Då var det kanskje ikkje så rart at Jan Petter Sissener, ein av landets rikaste personar, som jamleg er ute og kritiserer det norske skattenivået, bladde opp 90 000 kroner før jul for å kjøpe denne boka til alle dei norske stortingsrepresentantane.
Konsekvensen av Bech Holtes oppskrift vil bli eit dårlegare samfunn for alle, også for dei aller rikaste.
Dei vil då måtte bu i eit samfunn som vil få mindre kompetent arbeidskraft, mindre tillit mellom folk, meir uhelse og meir kriminalitet og utryggleik. Det er vanskeleg å tru at det vil gjere oss særleg friskare, verken som folk eller økonomi.
Kommentarer