Jonas Gahr Støre Arbeiderpartiet
FOTO: Arbeiderpartiet / Flickr CC

Sakna: ein visjon

Det er flest kvardagar. Men kom han kanskje litt fort denne gongen?

Det går som kjent an å leve i kvardagen og. Det kan framstå som ansvarleg når Arbeidarpartiet etter valsigeren er så raske med å svitsje over frå valkampmodus til styringsmodus. På NRKs Politisk kvarter forklarte Jonas Gahr Støre nyleg noko som sikkert er heilt opplagt for han. I og med at regjeringa han leier reint formelt ikkje er ny, trengs det heller inga ny regjeringserklæring. Konfrontert med spørsmålet om det ikkje blir litt styrete på Stortinget når ein treng støtte frå fire ikkje akkurat samkøyrde parti, har partiets nyslåtte parlamentariske leiar Tonje Brenna svart at alle visste kva som var å vente då dei gjekk til val på ei regjering på venstre side av midtstreken i politikken.

Fortener dette ikkje eit eige namn og nokre kulepunkt?

Det er jo sant det også. Spørsmålet er om det er nok til å skape den entusiasmen som trengs dei neste åra.

Partia Ap er avhengige av støtte frå har mange hjartesaker, samstundes opererer alle i spennet mellom idealisme og pragmatisme. Dei neste fire åra skal dei både overtyde seg sjølv og veljarane sine om at dei får ting til på Stortinget. Sidan 2005 har Arbeidarpartiet lukkast med å smi fleire regjeringskoalisjonar. Men ideen om Ap som maktarrogant lever vidare, slik ein tidlegare Senterparti-statssekretær minne om då han sa takk for seg i regjeringa. Og slike tankar verkar som sand i maskineriet for samarbeid.