Når Angela Merkel ser seg tilbake, er det ikkje mykje ho angrar på.
Det vore stille rundt den tidlegare tyske kanslaren Angela Merkel etter at ho gjekk ut av politikken for tre år sidan. Heilt fram til no. Boka hennar Frihet har verdspremiere denne veka. Interessen for memoarane til ho som i sine glansdagar regelmessig vart kåra til verdas mektigaste kvinne, er så stor at boka alt er omsett til 30 språk.
Ho var kanslar i 16 år. Det er lenger enn nokon andre i moderne tid. I løpet av desse åra etablerte ho ein så mektig posisjon, både i eige parti, i Tyskland og internasjonalt at ein alt no, når det heile er over, tydeleg kan identifisere ein Merkel-æra.
I Frihet møter lesaren ei Merkel som liknar på den som regjerte Tyskland.
I velmaktsdagane var ho så populær at det kristendemokratiske partiet brukte Merkels hender, i den for henne så karakteristiske posituren med tommel mot tommel, peikefinger mot peikefinger og teksten i gode hender, som sitt fremste valkampstunt.
I siste del av Merkels politiske liv, då ho vart stadig meir omstridd, skreiv tysk presse om Merkeldämmerung, eit ordspel med Richard Wagners opera Götterdämmerung. Ordet har same tyding som det norrøne ragnarok. Og det som kom etter Merkel, viste seg også å vere kaos.
Krise og kaos
Tyskland vart nyleg kasta inn ein prosess som truleg ender med nyval i februar, etter at kanslar Olaf Scholz sparka finansminister Christian Lindner frå regjeringa. Den økonomiske tilstanden har lenge veksla mellom resesjon og stagnasjon. Samstundes rømmer veljarane frå det politiske sentrum, og til ytterfløyane.
Ein av fem tyske veljarar seier for tida at dei vil stemme på det delvis høgreekstreme partiet Alternativ for Tyskland. På andre sida av det politiske spekteret fossar venstrepopulisten Sarah Wagenknecht fram. Slik var det ikkje i Merkels tid.
Ein pragmatikar
I Frihet møter lesaren ei Merkel som liknar på den som regjerte Tyskland. Boka er ført i ein utprega nøktern og praktisk tone. Lesaren får følgje Merkel frå tidleg barndom, då familien hennar flytta frå den vest-tyske storbyen Hamburg til småbyen Templin i DDR.
Putin er også den statsleiaren ho bruker aller mest plass på i boka.
Merkel voks opp i eit diktatur. Faren var prest og kyrkja var den einaste samfunnsinstitusjonen som ikkje var fullt ut kontrollert av partiet SED. Merkels familie var ikkje opposisjonelle, men dei følgde med på vest-tyske nyhende og lytta til dei forbodne songane til musikaren Wolf Biermann.
Då ho byrja på skulen, nekta foreldra henne å melde seg inn i Ungpionerane, partiets barneorganisasjon. Då ho fekk bestemme sjølv, melde ho seg inn. Grunngjevinga er utprega merkelsk og pragmatisk.
Medlemskap var den einaste vegen til framgang, spesielt om ein var prestedotter. Merkel tok ein doktorgrad i fysikk og fekk sidan fast jobb i DDRs vitskapsakademi. Då DDR braut saman i 1989, starta ein av dei mest spektakulære karrierane i tysk etterkrigspolitikk. Ho fekk sin første ministerpost to år etter.
16 år etter at landet ho voks opp braut saman, vart ho ho regjeringssjef i det nye, samla Tyskland.
Røtene til krisa
Kaoset som for tida rår i tysk politikk, har i stor grad røtene sine i måten Merkel i si tid handterte to spørsmål. Det handlar om Russland og om flyktningkrisa i 2015. Difor har mange vore spent på korleis Merkel vurderer eigen politikk i ettertid.
Merkels Russlandspolitikk balanserte mellom avspenning, tanken om endring gjennom samarbeid, og kritikk mot Putins geopolitiske ambisjonar og hans stadig meir autoritære kurs.
Det vekte oppsikt at Tyskland stengte sine tre siste atomkraftverk i fjor vår.
Etter Russlands fullskalainvasjon av Ukraina i februar 2022, sat Tyskland att med ein energipolitisk svarteper ettersom landet i så stor grad hadde basert seg på import av russisk gass. Russlandspolitikken var omdiskutert i Merkels tid.
Putin er også den statsleiaren ho bruker aller mest plass på i boka. Merkel går ikkje med på at ho i for liten grad sette hardt mot hardt i forhandlingar med Putin. Men i spørsmålet om russisk gass, gir ho sine kritikarar rett. Samstundes går ho langt i å forklare dei vala ho tok. Ho legg vekt på at målet med dei no så illgjetne gassrørledningane North Stream I og II, nettopp var å sikre tysk energitryggleik.
Gjennom 2000-talet brukte Russland gassleveransar som maktmiddel for å fremje sine geopolitiske interesser, dermed verka ei direkte rute, via Østersjøen, utan transittland som eit attraktivt alternativ. Ho legg også til at det var svært liten vilje, både i politikken og i næringslivet, til å velje anna enn russisk gass i tida før februar 2022.
Slutt på atomkrafta
Det vekte oppsikt at Tyskland stengte sine tre siste atomkraftverk i fjor vår, på eit tidspunkt då konsekvensane av energipriskrisa utløyst av Ukraina-invasjonen framleis var merkbar. Men her er Merkel fornøgd med eigen politikk. Då ho vart kanslar i 2005, var det brei politisk einighet om at atomkraftverka skulle stengast – ein gong i framtida. Merkel høyrde i utgangspunktet ikkje til dei som meinte at saka hasta.
Ho forklarer at ulukka Fukushima 11. mars 2011 fekk henne på til å vurdere risikoen ved atomkraft på ein ny måte. For om ei slik hending kunne skje på eit japansk kraftverk med dyktig fagpersonell, drifta av ein ansvarleg operatør, kva då med Tyskland?
Hausten 2015 var flyktningar frå Syria populære i Tyskland.
Merkel skriv at ho ikkje vil anbefale Tyskland å gå tilbake til bruk av kjernekraft i framtida, og at ho håpar den tyske politikken kan inspirere andre. Samstundes, i den sørtyske delstaten Bayern, driv sjefen for delstaten kristendemokratiske parti ein valkamp der han krev nysatsing på atomkraft.
Merkels smil
Eit av dei aller mest kjente fotografia av Merkel er tatt på eit asylmottak i Berlin 10. september 2015, midt under flyktningkrisa. Ho er kledd i ein turkis blazer, og smiler mot mobilkameraet til Anas Modamani, som ville ta selfie med kanslarinna. Optrinnet er veldig, veldig umerkelsk.
Merkel skriv at hausten 2015 vart det viktigaste vendepunktet i det politiske livet hennar. Ho møtte flyktningkrisa med å erklære humanitær naudsituasjon, og den mykje siterte formuleringa Wir schaffen das, vi klarar det. Meir enn ein million menneske kom til Tyskland dette året for å be om vern.
Det vart eit før og eit etter. Det har vore skrive mange analysar av kvifor Merkel handla slik ho gjorde denne hausten. Nyhendemagasinet Der Spiegel spekulerte i at det var verdiane frå oppveksten i prestefamilien som slo inn. I boka Die Getriebenen framtilte journalisten Robin Alexander det heile som eit slags arbeidsuhell, skapt av Merkels besettelse meiningsmålingar.
Hausten 2015 var flyktningar frå Syria populære i Tyskland.
Merkel er svært lite personleg, men ho fortel om då ho impulskjøpte ein skulptur av den greske guden Kairos.
Slik Merkel skildrar det, handlar det om menneskesyn. Ho fortel at ho i slutten av august 2015 deltok på ein EU-konferanse om flyktningkrisa i Wien. Under konferansen fann austerriksk politi ein lastebil med 71 døde menneske på ein parkeringsplass ved motorveg nokre mil unna.
Alle var frå Afghanistan, og dei mista livet som følgje av oksygenmangel i det tronge lasterommet. Det fekk henne til å tenkje, langt tydelegare enn før, at dette er ikkje eit spørsmål om tal, det handlar om menneske.
Merkel gjer ikkje eit poeng av det, men når andre skriv historia om denne hausten nemner, dei som regel at flyktningkrisa gav det ytterleggåande partiet AfD vind i segla. Fram til 2015 hadde Tyskland, i motsetnad til dei fleste andre europeiske land, ikkje noko stort ytre høgreparti.
Men, og dette er viktig å vite, AfD ville aldri ha blitt så stort som det er i dag utan den store kløfta mellom aust og vest i Tyskland, store sosiale forskjellar, ei utbreidd mistillit til sentrale styresmakter og sosiale medium sin øydeleggjande påverknad på den politiske samtalen.
Den rette augneblinken
Merkel er svært lite personleg, men ho fortel om då ho impulskjøpte ein skulptur av den greske guden Kairos, laga av bilethoggaren Thomas Jastram. Kairos er guden for den rette augneblinken. Og Merkel meiner sjølv å ha ei heldig hand med Kairos, ho omtaler faktisk sin evne til å finne ut kva som er det rette tidspunktet, som årsaken til sin eigen suksess:
«Det gjelder å treffe det riktige øyeblikket. Det avgjør om man lykkes eller mislykkes».
Ho var sjefen for dei gode tidene.
Og det er noko med Merkel og tida som strekk seg ut over det å få gjennomslag i forhandlingar, eller å seie akkurat det folk treng å høyre når dei treng å høyre det. Ho var også svært heldig med tida ho regjerte i, sjølv om det på ingen måte var ein problemfri epoke. Finanskrisa i 2008 var den mest alvorlege økonomiske krisa verda har sett sidan krakket i 1929, men ho var ikkje øydeleggjande for Tyskland. I Merkels regjeringsår gjekk arbeidsløysa ned, handelsoverskottet med utlandet auka og det same gjorde velstanden. Ho var sjefen for dei gode tidene.
Kommentarer