Kari Nessa Nordtun
FOTO: Ap

Tilbake til fortida

Historiefaget bør få langt større plass i skulen.   

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun har fleire gongar sagt at både historie og vår felles kultur bør ha større plass i skulen. Til NRK har ho sagt at skulen må ha ei tydelegare norsk forankring, fordi «vi ser at de norske læreplanene kunne vært i hvilket som helst annet land».

Men Nessa Nordtun bommar om historiefaget. Som HIFOs skulepolitiske plattform påpeikar – er Noreg eit annleisland i nordisk samanheng når det gjeld historie i skulen. Det å ikkje ha historie som eigen disiplin i grunnskulen, men legge det til eit samfunnsfag som skal vere notidssentrert er uvanleg. Det er særnorsk. At eldre historie har så liten plass i den vidaregåande skulen er også uvanleg. Eit første steg for Nessa Nordtun, burde difor vere å gjere læreplanane mindre særnorske, gjennom å inkludere meir om landets historie. 

Eg tillèt meg å håpe på at Nessa Nordtuns initiativ blir ein suksess både i skuleverket og utanfor. 

 

Fellesskap i vinden 

Ideen om å skape ein fellesskap her og no gjennom ei felles fortid er i medvind om dagen. Den svenske regjeringa har sett ned eit utval som skal utarbeide ein offisiell kulturkanon, ei liste over viktige verk i svensk kulturhistorie.  I Danmark har barne- og undervisningsminister Mattias Tesfaye sett ned eit utval som skal lage ein ny litterær kanon for Danmark. Til avisa Information sa han at «når det gælder åndelig opprusting, er litteraturen et godt sted at starte».

Ein søkjer fellesskap, og ender opp med å lage lister.

Her heime vedtok Høgres landsmøte nyleg å gå inn for ein norsk kulturkanon, i form av «en liste over de viktigste verkene i Norges kunst- og kulturarv». Partiet var hadde ein liknande debatt på sitt landsmøte i 2017. Men den gongen vart det stemt ned. Den sommaren prøvde også Høgre-politikar Linda Hofstad Helleland og Senterpartipolitikar Ola Borten Moe å initiere ein norsk kanon-debatt, med både brunost og vafler på menyen.

 

Bondestudentar og brunost 

Ein søkjer fellesskap, og ender opp med å lage lister. Slik blir det som er stort og abstrakt, handgripeleg og konkret. Og så startar diskusjonen om Bondestudentar, vs. Isslottet, eller om «kvifor Dag Solstad, men ikkje Vigdis Hjorth». Eller omvendt.

Heller ikkje det norske er eintydig eller einskapleg. 

Med det blir det tydeleg at også vi som har forfedrar som har vore busett i Noreg, har ulikt utgangspunkt. Nokre er frå familiar som har vore del av den europeiske samfunnseliten gjennom fleire hundre år. Andre har bakgrunn i arbeidarklassen og blant småbrukarar. Nokre er frå familiar som har gitt opp sin samiske identitet etter hardt press frå majoritetssamfunnet. Andre igjen er frå familiar som har stått imot dette presset. Heller ikkje det norske er eintydig eller einskapleg.

Den britiske sosiologen Anthony D. Smiths definerer nasjonalitet slik: Ein har eit sett av det han omtaler som «objektive kriterium» – som felles språk, felles historie, felles skikk og kultur. Men det trengst uansett noko meir – ein må ha ei subjektiv kjensle av fellesskap. Og det er denne kjensla som er i spel i diskusjonane, der ein aldri blir einig. I Aftenposten oppsummerte kulturjournalisten Rune Lykkeberg den førre runden med debatt om dansk kuluturkanon, for vel tjue år sidan slik: sjølve lista over verk – var ein fiasko, men diskusjonen var ein suksess. Eg tillèt meg å håpe på at Nessa Nordtuns initiativ blir ein suksess både i skuleverket og utanfor.  

 

Den tyske Leitkultur 

Nessa Nordtun er breiare orientert enn ei snever kanon-liste. Ho inkluderer både historie og idrett i sin fellesskap. Men det er ikkje sikkert debatten blir lettare av den grunn. For fellesskapen har alltid ei grense. Det er alltid nokon som er innanfor og nokon som ikkje er det. Initiativ av dette slaget har dei siste tiåra stått sterkare på høgresida i politikken, enn hos sentrum-venstre. Og dei har veldig fort enda opp med å bli markeringar av grensene for fellesskapen. 

Utgangspunktet var korleis Tyskland kunne vere Tyskland og samstundes også eit fleirkulturelt land.

Den tyske debatten om Leitkultur er i slekt med den nordiske kanon-debatten. Tidleg på 2000-talet gjorde Friedrich Merz, leiar for det kristendemokratiske partiet CDU og no også ny tysk kanslar, seg til talsmann for ein tysk Leitkultur. Utgangspunktet var korleis Tyskland kunne vere Tyskland og samstundes også eit fleirkulturelt land. Slik Merz brukte uttrykket den gongen handla det om at ein kultur, den tyske, skulle vere definerande, ein hovudstraumskultur, så å seie.

No, 25 år seinare har omgrepet Leitkultur funne vegen inn i partiprogrammet til Alternativ for Tyskland (AfD), eit parti som ikkje berre er konservativt og nasjonalorientert, men som også er politisk ytterleggåande og eksplisitt motstandar av eit fleirkulturelt samfunn. 

 

Europeisk eller nasjonal 

Uttrykket Leitkultur kjem frå landbruket. Det betyr hovudvekst. Bassam Tibi, professor i statsvitskap og sosiologi, er den som tok omgrepet inn i den politiske debatten. Tibi er opphaveleg frå Syria og studerte filosofi og sosialvitskap under Max Horkheimer og Theodor Adorno på 1960-talet. Tibi brukte uttrykket i ein artikkel i tidsskriftet Aus Politik und Zeitgeschichte i 1996. Hans utgangspunkt var ikkje så ulikt Merz’. Det handla om korleis ein kan skape eit felles verdigrunnlag i eit fleirkulturelt samfunn. Tibis svar var at verdiane frå den europeiske opplysningstida måtte liggje til grunn – fornuft må ha forrang framfor religion, demokratiske statar må ha eit klart skilje mellom den religiøse og den sekulære sfæren. Samstundes må samfunnet vere pluralistisk og tolerant.  

Tibi viste til det han kalla ei europeisk verdikrise. Opplysningstankene vart i si eiga tid nettopp forstått som universelle idear. Universalismen var «eit av ansikta til den vestlege europeiske ekspansjonen» og no, altså i 1996, var europearane i ein fase av kritisk ettertanke samstundes som kontinentet vart stadig meir fleirkulturelt. Tyskland var, igjen ifølgje Tibi, den som hadde gått lengst. Her handla det ikkje berre om kritisk sjølvrefleksjon, «men til og med sjølvhat». Den som var utanfor hos Tibi var Europas strengt religiøse muslimar, som ifølgje han slett ikkje dreiv kritisk sjølvrefleksjon. 

Spørsmålet om fellesskap, kva dei byggjer på og kva dei skal vere er vanskeleg.

Tibi har ved fleire høve blitt kritisert for å bidra til polarisering av den europeiske debatten om islam, og for å bidra til å fremje tanken om ei sivilisasjonskonlikt mellom Europa og den muslimske verda. Men det han ikkje gjorde, var å ta til orde for noko som likna på ein kulturkanon. Tibi var ikkje ute etter å fremje ein spesifikt tysk fellesskap. Han var opptatt av opplysningsverdiar – sekularisme og rasjonalitet. Då ideen vart plukka opp att, av Merz, var det spesifikt tyske lagt til. Og då ideen mange år seinare vart plukka opp av Merz’ partifelle Thomas de Maizière, var det med ei utsegn som vi her i Noreg har høyrd formulert før: «vi viser ansiktet vårt».

 

Minnestader  

Spørsmålet om fellesskap, kva dei byggjer på og kva dei skal vere er vanskeleg. Og vi kjem ikkje unna det. Som historikaren Hagen Schulze skriv i forordet til boka Deutsche Erinnerungsorte (Tyske minnestader): «Ingen fellesskap utan minnemarkeringar og minnestader, myter og ritual, utan identifikasjon med minneverdige personar, gjenstandar og hendingar frå den eigne historia». Mennesket søker fellesskap i historia og forklaringar langs lange liner.  

Det å kunne kjenne att instrumentell og einsidig bruk av historia er naudsynt for å skape opplyste borgarar i ei tid som er gjennomsyra av konspirasjonsteoriar og propaganda.   

Historiefaget gir inngang til fortida. Ideelt sett gir det også reiskapar til å dra element frå den sfæren som søker meining og identitet over i Leopold von Rankes rasjonelle univers der historia er forteljinga om «korleis det eigentleg var». Ein lærer at historia er eit fag, eit handverk med kjelder, tolking og forklåring. Og det er det som gjer historiefaget i skulen så viktig. På den eine sida gir det fellesskap – felles kunnskap, felles referansar og kunnskap om fortida til den staten og den staden ein er på. På den andre sida gir det også – ideelt sett – ei analytisk tilnærming. Det å kunne kjenne att instrumentell og einsidig bruk av historia er naudsynt for å skape opplyste borgarar i ei tid som er gjennomsyra av konspirasjonsteoriar og propaganda.   

 

Ein kan aldri byrje på nytt 

Nessa Nordtun seier ho vil skape fellesskap, blant anna gjennom historiefaget. Her blir balansen, og nyansane viktig. For kor går grensene for fellesskapet? Kva rolle skal det spele at mange elevar har forfedrar som har ei forhistorie andre stader enn i Noreg? Å svare på dette dilemmaet gjennom å prioritere globalhistorie over norsk historie, å kutte eldre historie for å bli «meir relevant», eller rett og slett omgå problematikken gjennom å nedprioritere historiefaget er, etter mitt syn, feil veg å gå.

Noreg, og Europa, har ei lang historie med å vere vestleg, eurosentrisk.

Eit eige historiefag i grunnskulen, og eit utvida historiefag i den vidaregåande skulen, kan gi nyttige verktøy, både for å forstå kva som har vore før, og for å bygge fungerande fellesskap for framtida.   

Noreg, og Europa, har ei lang historie med å vere vestleg, eurosentrisk. Og eit tidsrett historiefag må ha plass til verda, ikkje berre nasjonen. Samstundes bur vi i ein stat, og på ein stad som har ei historie. Schulze seier det slik: «Det er ingen som kan byrje heilt på nytt, ein kan berre halde fram. Det vil seie at dei som trur at dei kan gjere noko heilt nytt, slett ikkje anar kva dei held på med».

For meg er det viktig at skulen, samfunnets aller viktigaste institusjon for kunnskap og fellesskap, har mål ut over å utruste den kommande generasjonen av norske borgarar med basiskunnskapar i matte, engelsk, lesing, skriving og såkalla «digitale ferdigheiter». For vi, og dei som skal gå i denne skulen, treng meir for å byggje samfunn, og fellesskap som fungerer.  

Teksten vart skrive for Historikeren, medlemsbladet til Den norske historiske forening og var på trykk i utgåve 2/2025. 

Nyhetsbrev Agenda Magasin